GLITTER OG GRØNSKE

Kakekuler

Mat

/

No items found.

October 24, 2024

Oktober er startskotet for bursdagssesongen i heimen, og for to veker sidan feira me niårsdag med brask og bram. Stort sett alltid er sjokoladekake på menyen, og stort sett alltid er det restar att. Her er oppskrifta på korleis upcycle tørre sjokoladekakerestar til saftige kuler som får bein å gå på.

Ingredienser

- 1/2 langpannekake med sjokoladesmak

- 100 g kokesjokolade

- 2 ss kaffi

- 50 g smør

Smuldre saman kakerestane i ei bakebolle. Har kaka sjokoladeglasur, kan den fint vere med i deigen. Vår kake hadde rosa smørkrem, så akkurat den fjerna eg før smuldring.

Smelt sjokolade saman med smør og kaffi i vassbad. Hell over kakesmulane og elt det saman til ein tjukk deig. Trill like store kuler som du eventuelt rullar i noko godt før servering.

Viss du vil ha ein bitter tvist, kan du rulle dei i kakao. Vil du ha noko sprøtt, prøv finhakka nøtter (kanskje salte peanøtter?) eller kakestrøssel. Viss du skal gjere dei ekstra gode, kan dei også dyppast i sjokolade før du pyntar dei med noko fint. Dei er mjuke, så eit knasande element er alltid ekstra godt.

Har du anna type formkake, som krydderkake eller gulrotkake, kan ein lage kuler med til dømes kvit sjokolade.

Ekstratips 1:  desse kan også fint frysast ned og tas opp når du til dømes skal på tur og vil ha med deg noko ekstra godt, eller for å alltid ha noko godt på lur når du får lyst på noko søtt.

Ekstratips 2: tilset du litt romessens i deigen, kan du lage punsjrullaktige kuler. Det er godt det!

Blåbærruter

Mat

/

No items found.

July 26, 2024

For litt sidan fekk eg postkort frå vertsforeldra mine i Hamburg og eg fekk akutt Tysklands-sakn. Etter å ha budd der i to år, kjennest det bittelitt som ein ekstra heimstad. Det er mykje å elske med Tyskland, og ei av sakene er bakeria. Då snakkar me ikkje om norske bakeri med gigantiske kanelboller og djupe sofaer, men desse søte bakeria med kaker i alle smakar og storleikar, som ein kan innta på små kafébord i eit ofte litt utdatert interiør, men det er det ingen som bryr seg om. Det som verkar trengst ikke endrast på. Det er typisk tysk og eg elskar det.

Då eg plukka kilovis med blåbær i juli, var det midt i blinken for å lage ei vaskeekte Streuselkuchen med blåbær, nærare bestemt: blåbærruter. Det er litt som ei smuldrekake, men den har smuldredeig både på toppen og botn med blåbærfyll i midten. Det er nyydeleg, anten heilt aleine med ein kaffikopp, eller saman med litt vaniljeis eller saus.

Blåbærruter

Deig

  • 350g sikta kveitemjøl
  • 200g sukker
  • 2ts finreve sitronskal
  • 1ts bakepulver
  • 220g kaldt smør skåre i terningar
  • 1 egg

Fyll

  • 500g blåbær, vaska
  • 50g sukker
  • 4ts potetmjøl

Bland saman dei tørre ingrediensene til deigen. Bland så inn resten og bruk gjerne matmølle. Har du ikke det, fungerer hendene like godt. Smuldre smøret slik at det fordeler seg jamt saman med resten av ingrediensene.

Bland saman blåbær, sukker og potetmjøl i ei skål.

Finn fram ei lita, rektangulær form og dekk den med bakepapir, eventuelt smør den og dryss over litt kveitemjøl. Ta halvparten av deigen og dytt den ned i botn til eit jamnt lag. Fordel blåbærfyllet på deigen og topp med resten av deigen. Smuldre den over med hendene, slik at du har dekka heile forma nokonlunde.

Steik i omnen på 180C i omtrent 40 minutt til toppen er gyldenbrun. La kaka kjølne før du skjer den opp i ruter og serverer. Kos deg!

Sommarspritzer

Mat

/

No items found.

July 19, 2024

Har ein laga saft av rabarbra eller sommarbæra, har ein mykje godt i vente. I tillegg til at saft er ypperleg til både kvardag og fest, er det også ein super ingrediens om ein vil lage skikkeleg god Spritzer, -både med og utan alkohol.

No skal du høyre.

Denne veka tromma me saman til ein spontan hagefest med naboane og då Ove nett hadde laga rips- og bringebærsaft, måtte me smake på den. Eg laga ein sterkare versjon med gin i tillegg til cava, men om du ønskjer den svakere, kan du droppe gin og heller tilsette litt boblevatn eller Sprite i tillegg til cava og ripssaft. Lagar du alkoholfri variant og ønskjer ein smak av gin, er den alkoholfrie sorten Ginish veldig god! Viss ikke kan du køyre på med saft blanda med boblevatn eller Sprite. Godt blir det uansett!

Sommarspritzer med ripssaft, gin og cava

  • 2 cl ripssaft
  • 2 cl pink gin
  • 10 cl cava

Fyll eit stort vinglas eller anna glas med isbetar. Hell i ripssaft, gin og topp med cava. Avslutt med ferske bær og gjerne ein stilk urte på toppen. Eg brukte nokre rips, nokre bringebær og ein kvast sitronmelisse som me hadde i kjøkenhagen. Mynte og rosmarin kan også fungere godt!

Nyt!

Alkoholfrie favorittar i sommarvarmen

Mat

/

No items found.

June 6, 2024

Foto: Copenhagen Sparkling Tea Company

I alle mine graviditetar har eg vore gravid gjennom sommaren. Men ein vil jo framleis ha nokre ekstra godt å leske seg på på seine sommarkveldar, i tillegg til vatn og brus. Magesommarane har eg difor nytta til å utvide horisonten når det kjem til alkoholfrie alternativ.

Det må eg seie: det har vore ei rivande utvikling frå 2013 til no! På elleve år har utvalet innan alkoholfritt øl og andre drikker eksplodert. Og det er kort mellom høgdepunkta.

Her er nokre favorittar som blir med inn i denne sommarferien også. Dei mest tilgjengelege, er Clausthaler sin RadlerMunkholm sin Fruktig IPA og Stone's Ginger Jo i alkoholfri versjon. Desse får du tak i på dei fleste daglegvarebutikkar. 

Om du vil opp eit hakk og prøve noko enda meir nytt, må du prøve Sparkling Tea Lyserød og Sparkling Tea Blå frå Copenhagen Company som du får tak i på Vinmonopolet. Dette er eit nydeleg alternativ til cava, prosecco eller annan boblande drikk. Eg syns Lyserød var eit hakk betre enn Blå.

Om du likar ein søtare variant, som er like boblande men som også born kan like, er Sprudlande Margaret frå Balholm svaret. Denne flaska tyr eg til stadig vekk, både som gåve og til fest. I Etne får du den både på Rema 1000 og på polet. 

Til slutt; sjekk ut sidene til Leske! Dei sel masse spanande alkoholfri drikke (alkoholfri gin er uventa bra!) og har ei rekke oppskrifter når du til dømes vil bjuda på ein alkholfri drink. Skål!

Tips: på instagramkontoen min har eg eit høgdepunkt som heiter "Alkoholfritt". Her har eg samla litt meir info om dei alkoholfrie favorittane i fjor, samt gode tips eg fekk frå fleire følgjarar.

3 gode grunnar til å ha ein surdeigstartar

Mat

/

No items found.

July 8, 2023

Å bake surdeigsbrød har ei rekke fordelar, men kva er dei? Og kva er eigentleg surdeigsbrød?

Surdeig er ei blanding av mjøl og vatn som har gått gjennom ein gjæringsprosess, og som vert nytta til å få brødbakst til å heve, i staden for at ein brukar vanleg, butikkjøpt gjær.

Ein held den kjemiske prosessen ved like ved å mate den med jamne mellomrom med mjøl. Om ein bruker heile surdeigstartaren i ein brøddeig, kan ein også ta ein bete av brøddeigen og sette til sides som surdeigstartar til neste brød, og slik gjenbruke brøddeig som surdeigstartar gong etter gong.

Om du vil ha ein fast som du matar og forsyner deg litt av ved kvar brødbakst, er tida mellom matinga avhengig av temperaturen der surdeigstartaren er. Står den i romtemperatur, er det lurt å mate den annakvar dag. Står den i kjøleskap, er det nok å mate den ein gong i veka. Ein kan også fryse den i opp til 4-5 månadar.  

1. Rikare på smak

I en surdeig har mikroorganismar i mjølet – mjølkesyrebakteriane og litt gjærsopp, fått utvikle seg slik at det er danna syre og aromastoff. Dette gjer rett og slett at brødet er rikare på smak!

2. Ekstra helsefordeler

Fermenteringsprosessen gjer også at mineral i brødet vert enklare tatt opp i kroppen, og at surdeigsbrødet vert lettare å fordøye.

3. Ei lita form for sjølvberging

Ein surdeigstartar erstatter fint pakken med gjær du kjøper i butikken. Om du bakar mykje, og ikkje er avhengig av at brødet er ferdig etter to timar, kan ein surdeigstartar rett og slett vere ei pittelita form for sjølvberging. Har du ein surdeigstartar og tek godt vare på den, kan du ha den for evig!

Kvardagssalat

Mat

/

No items found.

March 10, 2023

Å ete "5 om dagen" er noko alle veit er bra, men det kan likevel vere så merkeleg vanskeleg somme gonger. Når matlaging skal skje fort i kvardagen, er det av erfaring ofte det grøne som ryk først. Å mette magane er viktigast, og så kjem tilbereding av grøntfor som eit overskotsprosjekt.

Rå grønnsaker i stavar til både matboksen og middagen er ofte redninga for oss og ein slager hjå borna. Men ofte saknar eg meir variasjon og spanande løysingar. Å ete grønt skal jo ikkje berre vere grunna næringsinnhald. Det skal jo også vere fordi det er godt!

I ein salat kan ein få i seg mykje grønt, og sørger ein for at den inneheld alle byggeklossane ein treng i eit fullverdig måltid, held den deg mett lenge. Klarar ein i tillegg å lage salatar som minnar om dei ein får på restauranten Bønder i byen i Kristiansand, er det full pott. Dette er ein av mine favorittstader å ete når me er på besøk hjå svigerforeldra mine. Bønder i byn lagar store, mettande salatar med digge saker på toppen. Der bestiller du ikkje ein salat fordi du tenkjer du skal vere litt sunn og fornuftig. Du bestiller ein fordi det er det smakslaukane dine har aller mest lyst på når du les menyen.

Å lage mykje om gongen av noko, så ein har til fleire måltid, er eit effektiviserande tiltak. Samstundes blir vanlege salatsortar fort dvaske om du lagar salat og oppbevarer den over eit døgn i kjøleskapet. Kålen derimot, er meir robust og held seg sprø og fin. Så lenge salaten får litt fukt i form av sitronsaft og olivenolje, har du ein salat som held seg lekker i fleire dagar. Kålen er nøkkelen i denne salaten og det er ikkje ein nedtur.

Kål er noko av det sunnaste me kan ete! Det er også ein grønnsak som trivst godt i det norske klimaet, og det er lett å finne norske kålsortar i butikken store deler av året. I tillegg til tre sorter kål, inneheld salaten kokte byggryn som eg syns er eit supert alternativ til ris, pasta, couscous og quinoa. Byggryn mettar godt. I tillegg er det linser og bønner for å tilføre meir protein, og purre eller raudlauk.

Bladpersille er eit fint krydder som passar med dei fleste andre smakar. Den hever kålen, men funker i tillegg saman med alt anna som du kunne tenkje deg å toppe salaten med. Salaten kan fint etast aleine, men om du vil gjere den enda meir mettande eller legge til fleire smakar, er det berre fantastien som set grenser. Eit kokt egg og nokre sardiner? Hummus? Salt ost som feta eller halloumi saman med nokre betar appelsin eller litt eple? Restane etter fiskemiddagen dagen før? Moglegheitene er mange med ein nøytral salat i botn.

Salaten kan stå i kjølskapet og bli sett fram på bordet med ein gong du treng noko grønt. Gjerne fleire gonger til dagen! Saman med med gryta du har laga til middag, i tacolefsa, i ein wrap til lunch eller i ei skål med det du finn av godt i kjøleskapet til kvelds. Lagar du ein stor porsjon, har du ei grøn løysing til fleire dagar utan at det krevjer ein innsats kvar dag.

Eit lite aber før du les ingredienslista og eventuelt lagar salaten. Eg lagar den alltid litt på måfå ut i frå det eg har i kjøleskapet. Tilpass mengdene undervegs slik at salaten får den balansen av ingredienser som du ynskjer. Måla eg har lagt inn er litt omtrentlege av det eg plar bruke.

Og eit siste lite tips: finhakkar du kålen, lauken og persillen, får du ein salat som kan etast med skei. Det er ikkje dumt om du skal balansere ein baby på den andre armen eller har litt dårleg tid.

Ingrediensar

  • 100g ferdigkokte og avkjølte byggryn
  • 1/4 blomkålhovud (kun duskane)
  • Ca. 300 g hovudkål eller raudkål
  • 1 neve grønnkål
  • 1/2 purre eller raudlauk
  • 1 boks kokte bønner
  • 1 boks kokte linser
  • 1 neve bladpersille (om du kjøper fersk persillen i boks, pleier eg å bruke heile boksen)
  • safta av 1 sitron
  • litt olivenolje

Finhakk kålen, purren/lauken og persillen. Bruk berre blomkålduskane. Resten av blomkålen kan du bruke i ein rotstappe eller noko anna godt.

Bland saman med byggryn, bønner og linser i ei stor bolle. Tilsett sitronsaft og olivenolje og bland godt. Oppbevar i kjøleskapet med eit lok eller ein middagstallerken på toppen. Om salaten skulle bli litt tørr etter nokre dagar, tilset du berre meir olje.

Raudbetehummus

Mat

/

No items found.

February 25, 2023

Hummus, både i raudbeteversjon og i vanleg versjon er ein høgdare både som pålegg på brødskiva, til dip med chips eller grønsaker, og som topping på salaten. Om du lagar mykje om gongen, kan du fryse ned i porsjonar og ha på lur i fryseboksen. Der held den seg fint i opp til fire månadar.

Det finst mange variantar med og utan kvitlauk eller med ulike krydder, men denne kombinasjonen med kvitlauk, spisskummen og cayennepepar er den eg oftast dett tilbake på. Sødmen frå raudbetane vert ekstra god med litt spark frå dei sterke kryddera.  

Ingrediensar

  • 1 raudbete, kokt eller bakt i terningar
  • 1 boks ferdigkokte kikerter
  • 2 ss vatn frå kikertene
  • 2-3 ss olivenolje/rapsolje
  •  2 ss tahini (sesampasta)
  • 1 fedd kvitlauk, knust
  • 1 ts spisskummen
  • 1 ts cayennepepar
  • litt sitronsaft
  • 1 knip salt

Bruk ei matmølle/food processor eller blender og mos raudbete, kikerter, vatn og tahini til ein jamn purè. Ein kan fint lage ein magrare versjon ved å kun bruke vatn frå kikertboksen eller vanleg vatn frå springen i hummusen, men om du vil ha ein mindre tørr og meir siljemjuk konsistens, kan ein blande i nokre spiseskeier olivenolje eller rapsolje også. Det plar eg å gjere.

Smak til med kvitlauk, spisskummen, sitronsaft og salt som du blandar i litt og litt. Mengdene eg nyttar er dei eg har oppgitt i ingredienslista.

Knuste poteter

Mat

/

No items found.

January 25, 2023

Det er ikkje så alt for ofte me har kokte poteter til middag, men når det skjer, har me alltid poteter til overs då eg koker for mange. Det er ikkje dumt, for då kan ein lage knuste poteter som er enda betre, dagen etterpå!

Det fine med knuste poteter, er at dei både får den deilige, mjuke potetkonsistensen i midten og samstundes også sprø kanter. I tillegg er det veldig enkelt å lage og dei kan toppast med det eine med det andre og etast anten aleine som ein rett, eller som tilbehør til noko meir.

Knuste poteter

  • ynskja antal poteter
  • olivenolje eller rapsolje
  • smør
  • salt og pepar
  • krydder, ost, pesto eller anna ynskja topping

Sett omnen på 200 grader, over- og undervarme. Hell litt olje i ei ildfast form og legg potetene på toppen med litt avstand til kvarandre. Bruk ein potetstappar eller noko anna med flat, brei ende til å presse kvar enkelt potet ned. Gjerne så flat som mogleg utan at den går fullstendig i stykker. Legg ein klatt smør på toppen av kvar potet og hell over litt olje. Smøret sørger for smak og olja for at dei vert sprø og gode på overflata. Topp med litt salt og pepar. Om du ynskjer ekstra smak, kan du tilsette litt pesto, krydder eller ulike typar ost på toppen.

Steik på midterste rille 40-50 minutt. Her er steiketida avhengig av storleiken på potetene, så følg gjerne litt med på slutten.

Tips 1: ein følgjar på Instagram tipsa meg om at ho ofte kokte ein kjele med poteter slik at ho hadde ei ladning ståande i kjøleskapet til middagar utover veka. Kokte poteter kan ein lage mykje godt av, så det er ein super idé! Særleg når det ofte er koketida som får folk til å rygge når dei skal lage middag. Kokte poteter held seg fine i 4-5 dagar i kjøleskapet.

Tips 2: kryddersmør er gull å ha i kjøleskapet. Det kan nyttast til mykje, og er supert på knuste poteter. Over er ein variant der eg nytta heimelaga ramslauksmør på toppen. Då romtempererte eg vanleg meierismør og elta inn finkverna ramslauk, men du kan fint bruke andre krydder også. Om du vil lage deg eit lite lager, er det fint å fryse ned kryddersmør i porsjonar. Då held det seg opp til 3 mnd i fryseboksen.

Matpakkebrød

Mat

/

No items found.

November 17, 2022

Å bake brød kan vere ein krevjande prosess for oss som er utolmodige og som elskar brød. Prinsippet om "dess lengre elting dess betre brød" og to heverundar gjorde at eg som oftast enda med å kjøpe brød i butikk i staden for å bake sjølv i fleire år.

Etter at eg oppdaga konseptet eltefritt brød gjennom Ina som skriv bloggen Mat på bordet, endra dette brått på seg. Ingen elting, og hevetid som kan gjerast over natta medan me søv, gjer alt så mykje enklare. Når ein i tillegg vert belønna med nysteikt brød til frukosten og matpakka, det er rimelegare å bake sjølv enn å kjøpe i butikk og du bestemmer sjølv kva som er i brødet, er gevinstane uendeleg mange.

Eg har eksperimentert med mange eltefrie oppskrifter dei siste åra og stort sett steikt brødet i ei rund jerngryte som eg har varma opp saman med omnen. No når eg har fått større born, har eg gått over til å bake brøda i vanlege brødformer. Då er det enklare for borna å skjere brødskiver sjølv. Det er ikkje alle oppskriftene eg har brukt opp i gjennom som har truffe smakspanelet like godt. Ofte har det handla om at eg har falle for freistinga med å lage deigen for grov, og brødet har fått ein litt for tung konsistens.

Denne oppskrifta her har derimot blitt ein fast gjengangar det siste året som kvardagsbrød og matpakkebrød. Dei eg bur med gir ståande ovasjonar på smak og konsistens, brødet held seg saftig over tid og det er passe grovt. Då ein bruker mindre gjær i eltefrie brødoppskrifter, må ein la deigen heve lengre, men det gjer også at ein som sagt kan kombinere det med ei god natt med søvn eller ein arbeidsdag.

2 matpakkebrød

  • 800 g sikta kveitemjøl
  • 200 g sammalt rugmjøl, grovt*
  • 100 g byggmjøl
  • 100 havregryn
  • 50 g frø (her tek eg på slump)**
  • 2 ts gjær
  • 1/2 ts salt
  • 1-2 ss lønnesirup**
  • 1 dl rapsolje
  • 1 liter kaldt vatn

Bland alt det tørre, og tilsett så det våte. Bland godt slik at du får ein jamn og fin deig. Den skal vere litt flytande. Dekk til bolla og la den heve over natta eller gjennom arbeidsdagen. Set omnen på 240 grader, over- og undervarme. Aus like mykje deig over i to brødformer, dekka med bakepapir eller ferdigsmurte. Ta litt vatn på hendene og klapp brøddeigen jamnt utover brødformene slik at dei vert flate. Om du ynskjer frø på toppen, dryss dei over før du klappar ned med våt hand. Den fuktige overflata bidrar til ekstra sprø skorpe. Steik på nederste rille i 40 minutt.***

*Somme gonger er det grove mjølet sammalt kveite, somme gonger er det sammalt rug. Det kjem heilt an på kva eg har i kjøkenskapet. Men sikta kveitemjøl, byggmjøl og havregryn er faste gjengangarar.

**Det er ikkje nødvendig med lønnesirup og frø, men sirupen gir litt sødme og farge og frøa litt krunsj. Eg plar bruke Änglamark si femkornblanding når eg tilset frø i deigen, og gresskarkjerner og sesamfrø på toppen før brøda går inn i omnen. Her er det ikkje så nøye kva du bruker, -eller om du bruker frø i det heile. Det viktigaste er at dei som skal ete det likar det.

***etter ti-tjue minutt kan du sjekke om brøda har fått passeleg med brunfarge. For å unngå at dei vert for godt steikte på toppen, kan du legge eit bakepapir eller sette eit steikebrett på rilla over resten av steiketida. NB! Pass på at du ikkje kjem borti varmeelementa øverst i omnen med bakepapiret så det tek fyr. Kremt. Det har eg gjort.

Hjå oss forsvinn to brød på to-tre dagar til frukost, matpakkar og kvelds. Har me suppe eller gryte til middag, går det fort med nokre skiver med smør på sida av. Brøda oppbevarer me stort sett inntulla i eit kjøkenhandklede på kjøkenbenken eller set dei på høgkant på ei brødfjøl om dei er påbyrja. Fordelen med å ikkje ha brødet i plastpose eller lufttett boks, er at skorpa held seg sprø. Om brødet er blitt litt tørrare på tredje dagen, vert skiva berre ekstra god om ein sender den ein tur gjennom brødristaren.

Den makalause eplemosen

Mat

/

No items found.

September 27, 2022

Epletrea er trufaste bidragsyterar i hagen. Same om sommaren vert våt eller tørr, solrik eller kald, leverer både dei gamle trea og dei nye ein solid eplehaust kvart år. Spørsmålet er likevel kva ein kan bruke mengdene til, då det fortsatt er mykje igjen etter at ein har ete eple på eple og bakt eplekake på eplekake. Moglegheitene er mange når det kjem til foredling, men eplemos er blitt den mest nyttige og velbrukte løysinga, -nettopp fordi den kan føre til så mykje meir!

Eg koker opp usøta eplemos fram til det anten er tomt for eple eller frysekapasiteten er sprengt. Eg bruker stort sett det eg har av behaldarar frå før, noko som fører til at eg får både små og større porsjonar. Gamle plastbeger, tomme syltetøyglas og mjølkekartongar er gjengangarane. Har du eplemos i plastposar som du frys liggande, kan du også knekke av mindre deler om du berre treng litt, som til babymat eller liknande.

Er du glad i å lage smoothie, er ein porsjon tint eplemos eit suverent alternativ til juice. Bland med alt anna du likar å ha i ein smoothie og tilsett ein skvett vatn om konsistensen vert litt for tjukk. Eit nydeleg og kortreist alternativ til langreiste juicar du kjøper i butikken. Eplemosen er også super saman med litt youghurt og granola. Kokt opp med litt sukker kan du bruke den som suverent syltetøy til kvardagsbrødskiva eller til ein ekstravagant ostekveld. Sist men ikkje minst, er den super saman med anna frukt eller bær i ein smuldrepai. I sommar laga eg ein smuldrepai av siste rest av eplemosen frå i fjor, saman med fersk rabarbra og finreven ingefær. Det var så godt at eg får framleis vatn i munnen av å tenkje på den.

Oppskrifta eg brukar år etter år, er denne:

Ingredienser

  • 2 kg eple
  • 1/4 kopp sitronsaft
  • 1 1/2 kopp vatn

Vask epla godt og del dei i betar. Fjern kjernehuset. Eg skreller dei ikkje, då skalet til dei raude eplesortane gir fin farge til mosen. Då får ein også med seg enda meir av eplet og reduserer matsvinn.

Ha i ein kjele saman med sitronsaft og vatn. Kok opp før du reduserer varmen og lar kjelen småkoke i 25-30 minutt. Då skal epla verte såpass mjuke at dei nesten dett saman.

Køyr blandinga med stavmiksar eller blender. Kjøl ned og et med ein gong eller frys ned i porsjonar. Eplemosen held seg fleire dagar i kjøleskapet, så ein kan fint ha ei større ladning ståande om ein bruker litt kvar dag.

Blomebukett som påminning

Mat

/

No items found.

May 22, 2022

Graslauk og kjærleiksurt (også kalla løpstikke) er nokre av favorittkryddera mine. No er dei i full vekst, og eg passa på å plukke ein liten bukett til kjøkenet då eg var ute i dagmorges, då eg fort kan gløyme at dei veks rett utanføre vindauget.

Graslauken har eg planar om å finhakke og tørke i omnen, slik at eg kan bruke den i maten til langt utpå vinteren. Kjærleiksurten er himmelsk i grønsakssupper, då den gir ein fin buljongaktig smak. Eg fekk eit godt tips om at det var nydeleg med kryddersalt laga på kjærleiksurt. Det har eg ikkje prøvd før og må teste denne sesongen. Det viktigaste steget er uansett tatt: å ha det ståande innan synsfeltet slik at eg får ei dagleg påminning om at det er no den er på sitt beste. Det er eit godt triks for oss med hanglande korttidshukommelse.

Sol inne, storm ute

Mat

/

No items found.

January 19, 2022

Å ete med sesongane er bra for miljøet, men også ein god unnskyldning for å fråtse når råvarene er på sitt beste. Appelsinene er på sjarmoffansiven frå desember og fram til påsketider, så no gjeld det å kjenne si besøkelsestid. Då det i dag var storm utanføre vindaugsglasa på heimekontor, smakte det midt i blinken med appelsinsalat med vanlege appelsiner og blodappelsiner. Eg handla fleire posar med Tomtegløgg-mix som låg i restefestkorga på butikken, så dette blir strødd over det meste om dagen, -og det passa godt på appelsinsalaten også då det gir litt krunsj. Hadde eg hatt youghurt og honning i hus, og gjerne litt mynte, hadde salaten fått selskap av dette også, men man tager hva man haver, og dette vart eit solfylt høgdepunkt på ein elles skikkeleg blåsbortdag.

Det nye vindauget me sette inn på austveggen vart midt i blinken. No har me brått utsikt til eplehagen og drivhuset, noko me ikkje har hatt tidlegare. Det er mange vindauge på huset, men akkurat på austveggen er det få, då det var her skøyten på huset var i Bergen. På 1800-talet var huset del av ein bygard i Sandviken, før tippoldefar min kjøpte halvparten, fekk det frakta til Etne og sette det opp att her i vegkrysset. Målet vårt var å gjere færrast mogleg endringar på huset utvendig, men akkurat dette vindauget gjorde berre huset enda betre, både funksjonelt og visuelt. I vinduskarmen står ein einsleg amaryllis som var avblomstra til jul, men ein liten knopp stod igjen og den har skote i veret dei siste fjorten dagane. Om det har restkrefter til å blomstre vil tida vise.

Ingen innlegg i denne kategorien akkurat nå…
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.