GLITTER OG GRØNSKE

Å vere i flyten

Kvardag

/

No items found.

July 15, 2024

Utan om ein tur til Palmesus junior-festivalen med dei to eldste borna, tek me første del av ferien heime i år. Håpet var at vêret skulle klinke til, då me har mykje maling som skulle vore gjort på både hus og garasjar.

Vêret blir likevel sjeldan som bestilt på Vestlandet og enda sjeldnare i juli! Då har ein valet mellom å forbanne vêrgudane og fantasere om alle stadene ein skal reise til til neste år, eller å go with the flow i vestlandssommaren. Eg øvar meg på å gjere sistnemnde.

Første punkt på programmet er å makse dei dagane det er fint vêr. Då får rotete hus og andre ting som skulle vore gjort inne fint stå på vent, så me kan vere ute så lenge som mogleg. Det lønnar seg både spontant og i det lange løp. Det er disse dagane ein hugsar utpå vinteren. Ikkje den overfylte kjøkenbenken innandørs.

Ein av soldagane denne veka starta med grytidlig promenade om morgonen med minstemann. Han er eit ivrig a-menneske og denne dagen var intet unntak. Me gjekk inspeksjon i kjøkenhagen for å sjekke at gulrøtene var på plass og at ingen plantekassar vart dehydrerte av det plutselege solgløttet.

Neste stopp på inspeksjonen var feriegjest Laila som låner Leifenhuset i sommar. Ho har alltid ei påsmurt lefse på lur når ein kjem innom, og Lars måtte sjekke om det også var opningstid på serveringsstaden 07.00 om morgonen. Det var det tilsynelatade ikkje.

Slukøyra traska han mot neste potensielle serveringsstad, oldemor. Der kan ein også ha hellet med seg, men heller ikkje der hadde dei høyrt om døgnopen servering.

Det var best å jogge heim i pysj og støvlar, for denne dagen kunne ikkje kastast bort på venting.

Me pakka sekken og vinka adjø til eit kjøken som såg lite rotete ut samalikna med kva det pleier å gjere.

Skogen, fjellet og blåbæra venta!

Men først måtte me krysse eit beite med kviger og kalvar. Dei såg litt skvetne ut, men etter ein telefon til nabobonden fekk me klarsignal til å gå. Lydnivået vart forsøkt på minimum i kombinasjon med roleg gange. Nesten heile gruppa klarte denne oppgåva.

Vel framme fann me  blåbær i mengder. Eg trur eg aldri har sett så mykje blåbær på ein gong og var euforisk. Me plukka og plukka, medan ungane bada og leika. For ein dag!

Vel heime reinska me bær og fraus ned i porsjonar. Kveldsmat denne kvelden var ei skål kefir med blåbær, gresskarkjerner og syster Mari sitt heimelaga mandelsmør. Godt!

Då eg var innom senteret i Etne nokre dagar etter, oppdaga eg dette fine stativet. Så fint med klesbutikkar som også inkluderer gjenbruk i salet sitt! Heia Marita som driv butikken!

Torsdag hadde feriegjest Laila bursdag. Ho vart 83 år og inviterte rubb og stubb av Hotellkross-bebuarar på bløtkake i Leifenhuset. Mormora mi stilte også med den legendariske ostekaka si med nyplukka bringebær frå buskane utanføre vindauget.

16 personar stimla saman i den vesle stova og me oia oss over kor mange som hadde budd fast i dette vesle huset for hundre år sidan.

På laurdag drog me på utflukt til Skånevik for å gå på den årlege Pippi-festivalen. På veg inn til sentrum måtte eg ta bilete av eit av dei vakre trehusa. Skånevik er så vakkert og eg blir meir og meir fascinert av staden. Kanskje fordi farfar Lars kom her i frå. Men like fullt grunna den gamle trehussamlinga, alle dei sjarmerande stadene og den enorme porsjonen patriotisme, pågangsmot og dugnadsand som fyller bygda.

Pippia-festivalen er eit produkt av sistnemnde, og teaterstykket som var sett opp i hotellhagen, var ein skikkeleg høgdare.

Etter litt klapping av dyr i dyrehagen og ein is på Krambua, sette me snuten heim til pølsefest. Syskenbornet mitt med born og tanta mi kom også, og me hadde eit realt kalas i hagen. Etterpå såg bordet slik ut og det er slike syn som gjer meg varm i hjarta. Slike bord skal me ha mange av i sommar, også på gråversdagane.

Blomsterenga som me sådde i mai har eksplodert i fargar og vekst. Den er heilt fantastisk og det beste er at den er full av liv! Somarfuglar, bier, humler og andre insekt summar jamt og trutt rundt i den. Kven seier ein ikkje kan gjere miljøtiltak lokalt?

Søndag drog eg og far min til fjells. Eg skulle sette i stand hytta til gjester frå Amsterdam. I mens rodde far min for å fiske og leite etter multer.  

Dette åklet som heng på hytta, er eg veldig glad i. Fargane og mønsteret er nydeleg!

Då hytta lukta grønsåpe, nytt sengetøy var lagt på og to mjølkesjokoladar var lagt fram som velkomsthelsing, traska eg med bærplukkaren på myrene rundt hytta medan eg venta på far min. Eg fann multer og blåbær. Dei skal frysast ned saman med dei andre blåbæra, til smoothie og multesyltetøy i vinter.

Eg avslutta veka med joggetur i regnver. Det er eit av grepa med å flyte med med vestlandssommaren: kom deg ut og gjer det du hadde tenkt også når veret ikkje er det beste.

Temperaturen var rundt tjue grader, så eg kom meg rundt vatnet og var strålande nøgd med å ha gjennomført sjølv om det verkeleg hølja ned og eg ein augenblink lurte på om mobilen drukna.

Korleis du med 5 grep får mest ut av sesongen

Kvardag

/

No items found.

July 10, 2024

No er me midt i sesongen for sanking og hausting av mat og her er fem tips som kan hjelpe deg til å få mest mogleg ut av sesongen! 

1. Gå for nytteverdi

Om du har lyst til å byrje sanke, plukke og dyrke eigen mat samt foredle den gjennom tørking, frysing eller sylting, er det eit grep som er særskilt viktig: Start med dei matvarene som er mest nyttige for deg!

Det er lett å la seg rive med av kva andre held på med, då det er fantastisk mykje ein kan lage. Men om du ikkje drikk saft, syns at sylta raudbetar smakar vondt og poteta for lengst er byta ut med pasta og ris, er det langt lurare å gå for bringebær som du brukar fast i smoothien, oregano som alltid er i pastasausen eller ripslikøren som er fast gjest til desserten på julafta. Går for det som du veit blir ete og drukke opp! Då vert arbeidet enda meir meiningsfyllt og motivasjonen større.

2. Ta reknestykket

I desse dagar med høge matvareprisar, spelar kassalappen ei rolle. Ta gjerne ein ekstra sjekk av kiloprisen på dei grønsakene, bæra og frukten du handlar fast. Kor mykje trur du at du brukar av matvaren kvar dag (eller veke), og kva skjer om du gongar talet med 365 dagar i året, og så kilopris i butikk? Her kan ein lett få seg ei overrasking. Kanskje er nokre timar blant bringebærbuskane noko som kan krympe kassalappen elles i året?

Her er eit døme:

Eg tok ein sjekk i butikkane i går etter å ha vore på blåbærplukking. Frosne bær er noko me brukar mykje, då eg likar å lage smoothie til både meg sjølv og ungane. Når eg lagar ein stor porsjon som er nok til fleire glas, brukar eg gjerne 200 g frosne bær, litt frukt, nokre grønsaker (ungar kan ete enormt mykje grønkål om du gøymer den i ein smoothie!), eplemos og kefir.

Så, viss me tek utgangspunkt i 200 g frosne bær og eg skulle ha laga smoothie kvar dag, treng eg 73 000 g bær i året, altså 73 kilo. Kva er eigentleg det i kroner og øre?

På Coop Extra var kiloprisen på Xtra-blåbær 80 kroner medan dei økologiske frå Änglamark låg på 108,44. På Rema 1000 var kiloprisen på frosne blåbær 76 kr per kilo. 

Det vil seie at dersom ein kjøper frosne blåbær i eit heilt år, havnar kassalappa på mellom 5548 kr og 5840 kr. Dersom ein ønskjer å kjøpe økologiske, frosne bær, havnar kassalappa på 7916,12.

Blåbæra som veks villt ute i skogen no kan fint reknast som økologiske. For kvar kilo du plukkar og frys ned til smoothiar i haust og vinter, er det definitivt pengar å spare. Det er fin motivasjon! 


3. Treng du ikkje maten? Del den vidare!

Viss du har mange ripsbuskar, epletre eller ei fantastisk avling med grønnkål som du ser du ikkje kjem til å få bruk for, tips andre om det! Sørg for at maten du har tilgong til, blir delt vidare om du ikkje skal ha den. Det er god ressursutnytting, då nedfallsfrukt som blir liggande, salatblader som visnar og multer som blir verande igjen på mulemyra også er ein form for matsvinn. Samarbeider me her, kan me drive stor matredding samstundes som me gjer kvarandre veldig glade!

4. Bruk det du har til oppbevaring

Eg har to favorittmåtar å oppbevare mat på når eg skal sylte, tørke eller fryse ned. Det er to behaldarar som eg alltid har i hus: syltetøyglas og tomme mjølkekartongar!

Glasa vasker du berre etterkvart som du har ete opp salsaen frå fredagstacoen eller masjonesen frå Hellmanns, og set dei til sides så du har dei tilgjengeleg med ein gong du skal fryse ned noko. 

Tomme mjølkekartongar laga om til behaldarar, er litt ekstra geniale grunna forma dei får! Den kubiske forma gjer dei enkle å stable i fryseboksen eller fryseskapet, slik at du får utnytta plasskapasiteten best mogleg. Sjå video over for framgongsmåte for korleis du klipper dei til og tar dei i bruk!  

NB1: Hugs når du skal fryse ned, at væske utvidar seg. Dersom du skal fryse ned suppe eller saft, bør du difor la det vere god klaring til toppen så væska ikkje sprenger behaldaren den er i. Fastare mat som gryter, bær og anna mat utvider seg ikkje i like stor grad, og då kan du ha meir i behaldarane. Når eg frys ned bær, let eg det vere igjen 1-2 cm til toppen. 

NB2: Bruk frysetape når du limer igjen mjølkekartongen. Den mister ikkje limet i kald temperatur og sit godt på. Frysetape får du tak i i vanlege matbutikkar og den heng ofte der du finn notisbøker, sprittusj, vanleg tape med meir. 

5. Nyt her og no! 

Når me snakkar om å ete i sesong og ta vare på det me dyrkar, handlar det ikkje om at ein skal spinke og spare på det ein samlar. Det er minst like viktig at ein nyt her og no! Et og kos deg, for maten er heilt klårt best når den er fersk. I tillegg er det noko med å bruke alle sansane når me nyt dei ulike tidene på året. Det skapar gode minne og matminne som ein ber med seg vidare i livet. Far min hugsar framleis skåla med blåbær, mjølk og sukker som han fekk til frukost kvar morgon på sommaren då farmora mi plukka bøttevis med blåbær. Det er gode barndomsminne!

Markblomar, stygg bluse og gøyming av grønsaker

Kvardag

/

No items found.

June 19, 2024

Vekene før sommarferien går alltid unna som ei rekke med bølger som slår hastig mot land. Likevel blir det fort mykje glitter når alt skal skje på ein gong. Her er ei handfull frå vekene som har gått:

Vegkantane byrjar å bugne av markblomar og det er så vakkert! Hundekjeks, smørblom og revebjeller sprett på alle kantar. Dette er frå ein kveldstur opp til Berge. På begge sider beita der sauer og kyr som tusla dovent rundt i sommarkvelden. No er tida som me lengta etter under tidenes lengste og kaldaste vinter. Eg supar det inn med store magedrag.

Eg feira bursdag med ein bluse eg akkurat hadde fått i posten. Eg hadde kjøpt den på Tise og var meget nøgd, heilt til dotter såg meg og sa «Oi… skal du gå sånn?». Den fekk tydelegvis ikkje terningkast seks hjå alle, men heldigvis så var eg blitt 38 år og då bryr ein seg ikkje lenger så mykje om kva andre syns. Eg fortsatte difor å strutte rundt ut dagen.

Me feira bursdag på Fønix. På bygda gjeld slagordet «use it or lose it» når det kjem til serveringsstadar. Det er ikkje så dumt, at ein ved å ete og drikke godt kan gjere noko positivt for lokalmiljøet. Eg ofrar meg gjerne.

Eg reiste på noko særs etterlengta: ei overnatting på hytta vår med Støttegruppe under Korona. Me er ein gjeng gamle kollegaer som er blitt til gode venninner. Under pandemien oppretta me ei Messenger-gruppe der skravla gjekk medan me sjonglerte heimeundervisning av elevar, heimeundervisning av eigne ungar, smittervern, drift av heim, mental helse og själva, sjuka livet under nedstenging. Støttegruppa lever i beste velgåande enda. Ein veit jo aldri om det kjem ein ny pandemi, så best å vere på sikre sida.

Eg må aldri slutte å minne meg om at livet er best ute og at vêret alltid ser verst ut når du står inne og kikar ut. Eg samlar på fjelltoppar i sommar og på Auastadnuten klårna gråvêret som eg hadde gått opp i. Det var fin premie!

Multene var i anmarsj i lyngen og eg gler meg til seinsommaren. Multer er dei kjekkaste bæret å plukke, då dei fyller opp boksen fort!

Eg bada i eit kaldt Ilsvatn, men i godt selskap og med kaffi på land, går alt an. Også kjenner ein seg uforskamma vaken etterpå.

Eg gjekk på smellen med å smake på urter i åkeren med eittåringen. Eg tenkte eg var pedagogisk mor. Resultatet var eit born som snart har forsøkt å smake seg gjennom heile hagen, og det bør ein ikkje gjer av helsemessige årsaker. Men bittesmå gulrøter, det går an! Her frå ei tankefull stund på gonggolvet med ein neve full av gulrøter som han hadde røska opp frå ein plantekasse. Fint å få hjelp med tynninga!

Me et plukksalat for harde livet og dei som ikkje er så gira på salat, får den gøymt i ein smoothie. Det er eit av mine beste tips etter snart elleve mammaår. Ungar kan ete enormt mange sunne ting når dei ikkje veit om det.

Eg arva ein kjole av den stilfulle tanta mi. Den kjøpte ho i England til eit bryllaup på åttitalet og eg diggar den!

Me fekk kyndig hagehjelp av styret i Etne hagelag sidan me skal ha open hage 26. juni. Det minna meg om idéen «dugnadslaug». Kan me ikkje alle berre organisere oss i laug der me kjem heim til ein i lauget ein gong i månaden, jobbar eit par timar med noko som personen skulle ha gjort i hus eller hage, for så å avslutte med eit måltid? Tenk på kor mange vindauge ein hadde fått pussa, sokkar som hadde blitt para, bed som kunne blitt luka! Denne idéen blir betre og betre desto oftare eg tenkjer på den.

Etne cup skjedde og denne fotballmammaen måtte svinge innom Fugl Fønix for ein ekstra god kaffi. Fotball er kjekt. Kaffi er eit must.  

Kjøkenbordet vårt ber preg av Sommarles og bursdagsfeiringar i juni. Eg er sugen på ein rutet duk for å verkeleg dyrke sommarkjensla i sommar. Kanskje finn eg ein i Bruktbua i Etne?

Ta ei vareoppteljing før sommarferien

Kvardag

/

No items found.

June 5, 2024

selective focus photography of yellow school bus die cast
Foto av Nubia Navarro (nubikini) på Pexels.com

Eit grønt grep me nordmenn kan ta i ferien, er å redusere forbruket vårt. Høyres det litt keisamt ut? Neidå! Dette grepet har mål om å gjere deg både litt rikare, litt mindre stressa og litt gladare på ferie. Høyres ikkje det bra ut?

Når eg snakkar om å redusere forbruket, skal me her gå laus på det heilt banale. Nemleg når me kjøper noko me allereie har.

Som når gnagsåret dukkar opp på sommarferie i Danmark og to pakkar med gnagsårplaster ligg trygt i badeskuffa heime. Eller når me trur me har mista solbrillene då dei ikkje ligg der me leiter først (og du har gløymt at du la dei i ei handveske for tre månadar sidan). Sommerferien sine store og små utferdsler er høgtid for slike spontane kjøp, når ein ofte skal pakke mykje og i tillegg startar liiitt i siste liten (ihvertfall er det standard hjå oss).

Løysinga er å komme i forkjøpet av handlelista, ved å nettopp lage seg ei vareoppteljingliste! Ei liste over dei sakene du veit du kan komme til å trenge i ferien, og som du kan gå på leit etter i ditt eige, private varehus.

Forhåpentligvis reduserer dette grepet både klimaavtrykket ditt, men også at du sit igjen med både ekstra tid og pengar. Det kan du med godt samvit bruke på slike ting som ein aldri får for mykje av. Konsert! Is! Norske jordbær! Fylle opp sparekontoen merka "Jul 2024"? Om du skal vere snusfornuftig eller la smakslaukane vinne, bestemmer du.

Under finn du ei vareoppteljingsiste med smått og stort som eg tek ein dobbeltsjekk av før me skal ut på reis. Mange av dei har på eit eller anna tidspunkt gått i gløymeboka, og av erfaring er det dei mest keisame kronene å bruke i feriebudsjettet, når du veit du allereie har det ein stad.

Eg skal ta den i bruk no dei neste vekene, og kanskje funker den like godt for deg? Kanskje er berre nokre av punkta relevante. Kanskje må du fylle på mange ekstra. Her speler sjølvsagt tid, destinasjon og aktivitetar ei rolle. Uansett håpar eg lista kan vere eit fint utgangspunkt for ei vareoppteljing som kan føre til både eit lågare klimaavtrykk, lågare stressnivå og fleire kroner på hygge-budsjettet!

Vareoppteljing-sommarDownload

Glitter i helga som var

Kvardag

/

No items found.

October 29, 2023

Helga som var hadde fullt av både glitter og grønske. Den starta med kveldsmatbord på torsdagen som såg slik ut. Fullt kreativt kaos mellom rista brødskjever med smør og tekoppar.

Eg vart minna om sagnet om Hemming på Hellaug av ein kollega, og fortalde det til ungane som ein lokal forsmak på Halloween. Den fenga voldsomt og Hemming vart fanga med malarpenselen.

Eg fekk også sneke inn litt lesing i det nyaste tilskotet i bokhylla. Den er ei gåve frå litlesystra mi som veit akkurat kva som fengar. Denne boka må me komme tilbake til!

Laurdagen hadde me jobbedag ute då veret var godt. Eit av punkta på planen min var å grave ned tulipanlaukane eg tok opp i vår, i det runde bedet foran huset. Eg bar dei høgtidleg opp av kjellaren, sette dei på steinbordet, skulle berre noko, og vips var det mørke kvelden og eg bar dei forundra ned i kjellaren att. Finst det nokon i denne vide verda som nokon gong har komt seg gjennom ei gjeremålsliste? Eg fekk heldigvis utretta litt smått og stort av andre ting på lista, så eg sa meg nøgd likevel.

Mor mi hausta i åkeren og kom inn med rosenkålavlinga og romanesco. Bittesmå vart dei, men smaken var topp likevel. Smørdampa rosenkål er noko av det beste eg veit.

Midt i arbeidsdagen på laurdag, inviterte mormor på vaflar hjå seg. Ho har alltid vore så god på å plukke inn det som veks akkurat her og nå. Bordet hennar har alltid ein liten vase med noko fint. På laurdag var det dei siste blomane i hagen.

Me åt vaflar med nyrørt tyttebærsyltetøy og drakk kaffi til den store gullmedaljen før me trilla ut att.

På det vesle badet i 1. etg kjem me tett på lønnetrea. No er haustprakta deira på hell. Når det kun er gule blad att, er det ikkje lange stunda før trea står nakne att.

Søndagen baud på like strålande vêr som laurdagen. Me nytta høvet og kom oss til Hodlestadnuten. Som vanleg var beina til dei yngste i troppen tunge heile traktorvegen, men i det me kunne svinge av på stien ved den vesle varden, vart alle lettare i steget. Det slår aldri feil. Dei tyngste etappane er på flatt, tilrettelagd underlag, medan dei lettaste er på kronglete stiar med røter som stikk opp, steinar ein må klyve på og bratte heng.

Veka vart avslutta med denne flotte utsikta mot bygda då me kom ned. Kvar gong eg ser den, vert eg fylt med takksemd over å kunne bu på ein stad der fabelaktige turopplevingar og fjell ligg like over dørstokken.

Eplemüsli

Kvardag

/

No items found.

October 16, 2023

Eg har ei fast oppskrift når eg lagar müsli. Eller, fast og fast fru Blom! Det er ei ekte rydde-i-skapa-oppskrift. Man tager kort og godt hva man haver av gryn, frø, nøtter og krydder, blandar i litt vatn og olje og steiker det i omnen. Vips har du knasande god müsli, men stadig vekk med nye smakar og samansetningar.

I haust tilsette eg for første gong tørka eple, og eg skjønar ikkje kvifor eg ikkje har gjort det før. Det gir eit friskt innslag og er ein genial måte å få brukt eplene i eplehagen på nye vis.

Ingredienser

  • 1 l. blanding av frø, grovhakka nøtter og gryn.
  • 2-3 skrelte eple, raspa på rivjern (grovt)
  • 1/2 dl. kaldpressa rapsolje
  • 1 dl. vatn
  • 1 ts. kanel / kardemomme
  • 2-3 ss lønnesirup
  • Pittelitt salt

Rør saman alle ingrediensene. Fordel utover eit steikebrett, dekka med bakepapir. Steik på 120 grader i 1,5 - 2 timar.* Vend blandinga litt med jamne mellomrom. La blandinga avkjøle seg før du heller den over i ei krukke eller annan behaldar.

Nyt saman med youghurt, kefir eller på toppen av ein smoothie. Dette er like godt som frukost, kvelds eller ein kvardagsdessert etter middag.

*når eg lagar denne müslien utan eple, kan eg ha høgare temperatur og steiker på 200 grader, over- og undervarme i 15 minutt. Hugs å vende blandinga kvart femte minutt, så den blir jamt steikt.

Applaus til soloppgangen

Kvardag

/

No items found.

July 10, 2023

Das Publikum beklatscht ein Feuerwerk, aber keinen Sonnenaufgang.  
-Friedrich Hebbel.

Friedrich Hebbel levde på 1800-talet og er rekna som ein av dei største tysktalende dramatikarane. Sitaten hans tenkjer eg på med jamne mellomrom. "Publikumet applauderer fyrverkeriet, men ingen soloppgang". Med første augekast kan det framstå som litt hoverande og negativt, men eg les det som ei påminning og oppfordring om noko viktig. Dei vakraste og største undera er ofte rett foran nasetippen på oss! Om me finn det store i det små og kvardagslege, treng me ikke vente så lenge mellom kvar gong me gler oss. Ein kan rett og slett boltre seg i gleder i livet om ein ikke er avhengig av eit fyrverkeri for at stunda skal kjennest gjev.

Sitatet er ikke dumt å børste støv av i sommarferien. Det er lett å få inntrykk av at ein må reise langt, ete dyrt og oppleve ting som kostar, for å ha ein fin ferie. Det stemmer jo på ingen måte! Grip etter det enkle som er rett foran nasa og som gir glede, uansett korleis du tilbringer ferien i år. Ein kaffekopp i solveggen. Ein vakker solnedgang. Ei humle som summar fra blom til blom. Fangst under krabbejakt i fjæresteinane. Ein unge som kvin av glede under bading. Ein klem fra nokon du ikke har sett på lenge.

Samlar me på dei små gledene, vil buketten med gode minner og gode feriekjensler vere enorm og bugnande i august. Applauderer du i tillegg soloppgangen, vert Hebbel nøgd!

Om konfirmanttale, ertespirer, lamaer og 1. mai

Kvardag

/

No items found.

May 1, 2023

Eg starta veka med blomebukett på kjøkenbordet. Eg var så heldig å bli spurt om å halde tale for konfirmantane i Etne forrige søndag. Det var veldig kjekt og stas å få snakke til ein slik ein fin gjeng!

På bordet ligg også det som må vere Noregs mest informative hageblad, -Norges hagelag sitt medlemsblad, Hagetidend. Det kan anbefalast, både medlemskap og bladet.

Surdeigstartarane Surhild og Gjærmund er flytta inn hjå oss vår og eg prøver etter beste evne å halde liv i dei. Eg har hatt surdeig mange gonger før, men har ein tendens til å gløyme dei ut. No har dei fått heidersplass midt i synsvinkelen, i håp om at det skal gjere meg meir omsorgsfull.

Med surt ver utanføre vindaugene og skikkeleg hauststemning, vart det bibliotektur og lesing på agendaen. Bestefar og Miri av Mariell Øyre vart ein hit!

I Drivhuset i Etne finn ein no også ein liten bruktbutikk for sko og klede. Her fann eg ei skjorte til 50 kroner til meg og eit par ubrukte dressko for 125 kr  til sonen. Dei er ørlite for store enda, men forhåpentlegvis sit dei som eit skot til hausten når me skal i bryllaup. I mellomtida kan kanskje eg få lov til å bruke dei? Eg ønskjer meg dressko, så det er himla praktisk at avkommet snart har same skostørrelse som meg.

Eg og gutane var heime aleine i helga, og då lova eg å introdusere den eldste for den mest morosame Disney-filmen eg veit om. Det er og blir Et kongerike for ein lama. Urovekkande mange replikkar ligg ytterst på tunga, sjølv etter tjuetre år.

Eg har ete ertespirer. På alt.

Nokon har auka mobiliteten på kort tid og overraskar stadig med ny plassering på golvet. Med førstemann heia me på kvart framskritt. Med tredjemann lurer me på om det ikkje kan gå litt saktare.

Eg ligg bakpå med gravinga i åkeren men jobbar i dei stundene eg kan. Og undervegs gler nerdehjernen min seg voldsomt mykje over rette liner og geometri.

Sjølv om det er måndag i dag, kjennest det likevel som om me avsluttar forrige veke med ein ekstra søndag. Me var på 1. mai-arrangement og det var veldig bra. Me treng slike dagar, fortsatt.

Godt nytt (natur)år!

Kvardag

/

No items found.

March 21, 2023

Haustjamdøgn og vårjamdøgn er dei to døgna i året der natt og dag er like lange. Haustjamdøgn er når naturen går over til vinterstid og nettene vert lengre enn dagane. Etter vårjamdøgn vert dagane lengre enn nettene og naturen går ut av dvale og inn i ein ny vekstsesong, -eit nytt naturår. Kvart år er vårjamdøgn 20. eller 21. mars. I år er det 20. mars og det betyr at det i dag, 21. januar, er ein første nyttårsdag!

Hadde du nyttårsforsett i år som har dabba av, får du rett og slett ein ny sjans til å starte med blanke ark, -og denne gongen spelar naturen på lag med deg med å gi deg lengre og lysare dagar. Det er fint det!

Veke 10

Kvardag

/

No items found.

March 13, 2022

I løpet av ei veke får ein vanvittig mykje påfyll frå bilete, lyd og tekst. Mykje gløymer ein ut så snart ein har scrolla eller klikka seg vidare. Samstundes er det alltid nokre saker som får hjernen til å jobbe litt ekstra, og som kverner i bakhovudet vidare gjennom veka. Kanskje gav det deg eit nytt syn på ei sak, minna deg om noko du hadde gløymt, var morosam, gjorde deg klokare, engasjert, -eller kanskje det fekk deg til å tenkje på noko heilt nytt?

Her er mine tre på topp for påfyll i veka som gjekk.

  1. Teksten Gör din plikt, gör mormor stolt av bloggaren Underbara Clara, traff noko heilt essensielt med situasjonen me er i no. Den er like relevant for nordmenn som svenskar, -i all den tid me bur på ein fredeleg flekk og har stort sett det me treng (og langt meir til). Heile teksten er ei venleg, men myndig oppfordring om å skjerpe oss litt. Det kan beint fram vere litt god mentalhygiene innimellom. Som Clara skriv i teksten: "Du behöver inte selfcare, lugnande bad eller affirmationer för att det är krig i Europa. Det är inte synd om dig. Det är inte synd om mig. Ta dig samman. Gör din plikt. Gör din mormor stolt." -Og det er heilt sant.
  2. Fredag & Fretland på Instagram (eller enda betre: live). Å starte opp ein serveringsstad må vere ei spanande utfordring. Om du gjer dette og i tillegg bur på bygda, må det vere ekstra nervepirrande, med eit langt mindre kundegrunnlag. Men. Bygdegründerar er ofte tilsett ein ekstra porsjon mot, kreativitet og pågangsvilje, -og folka bak det nye bakeriet og kaféen i Lærdal, er definitivt i denne kategorien. Eg elskar slike folk som ikkje sit og venter på at andre skal ta initiativ til at det skal skje noko eller eit tilbod skal komme på plass. Dei fortener alle heiarop dei kan få.

    Bakeriet Fredag & Fretland har vore under planlegging i mange år, og på laurdag opna det dørene. Undervegs i prosessen har dei oppdatert jamnleg på Instagram der fylgjarane har fått ta del i alt frå byggesteg, til prøvebaking, opera og lokale ord- og uttrykk. Det heile har vore som ein følgjetong eg har fulgt med stor spenning. Det definitive klimakset kom då marmorbordplatene til kaféen var søkk borte dagen før dei skulle opne. Eg var på eit tidspunkt så inni det som skjedde at eg vurderte nesten å ta ein ringerunde til transportterminalar i Sogn for å høyre om dei hadde dei liggande. Men sjølvsagt løyste eigarane det på sitt sedvanlege kreative (og estetiske) vis og serveringsstaden vart klar i tide. Baksten ser nydeleg ut, folka ser nydelege ut og veggmaleria like så. Me skal stoppe innom under bilturen i somar. Det er heilt sikkert.
  3. Brenner deler dikt er ein ny podcast på Nrk sine nettsider. Her deler Hans Olav Brenner eit dikt med ein gjest i kvar episode. Dei to første episodane er lagt ut, og eg elskar det. For meg, som for mange andre, er det lite diktlesing i kvardagen. Men det er i grunn ganske så synd at dikt berre er forbeholdt høgtidene i livet, som dåp, bryllaup, begravelse eller andre høve. Det forunderlege med dikt er jo at ein med små og få ord kan sette i gong store tankar og kjensler. På under 30 minutt løfter Brenner og gjesten tankane dine opp frå handlelista og gjeremål, -til eit høgare nivå der du stoppar litt opp og tenkjer over sider ved livet. Det er fint.

Tre tankar

Kvardag

/

No items found.

January 30, 2022

Det er mykje som kverner i hovudet i løpet av ei veke. Her er tre tankar eg ikkje fann svar på i veka som gjekk, som på merkeleg vis har hatt like høg prioritet.

  1. Kva bør ein gjere med randsoner som gror att? Langs heile bøen vår er det gjengrodd med kratt og gamalt gras. Greiner frå tre heng langt innover bøen, og somme stader er det opp til tre meter inn på bøen ein ikkje får klypt. Ryddegenet mitt får lyst til å klyppe ned alt slik at kulturlandskapet med steingardar og trerader kjem sirleg fram. Like viktig er det at dei som slår graset hjå oss får mest mogleg gras ut av jordlappen. Samstundes meiner eg å ha lest at bønder vert oppmoda om å la kantene vekse litt igjen, for å legge til rette for vekster, fuglar, insekt og andre smådyr. Kva er rett? Klyppe for å halde kulturlandskap og grasproduksjon i hevd, eller å la det gro att for biomangfaldet sin del? Her vert eg ikkje klok.
  2. Kva er det Putin eigentleg vil? Gassledningar, Ukraina og straumkrise i Europa? Kva heng saman med kva? Er det eigentleg Kreml me skulle ha sendt den skyhøge straumrekninga for desember til?
  3. Kva syns eg eigentleg om And Just Like That? Er Carrie, Miranda og Charlotte anno 2022 alt me saknar, eller treff ikkje dialogane og tematikken i det heile? Er dei blitt for overfladiske for oss no, eller er serien framleis verd å bruke seine kveldar på?

Udanna familiemedlem

Kvardag

/

No items found.

January 10, 2022

‍Ein av effektane etter å hatt shoppestopp eit år i 2013, er at det å fikse eit plagg gir gir uventa stor luksuskjensle. Det var då eg oppdaga vidunderet reinsing av plagg og at mykje kan fiksast utan dei store syferdigheitene. Det er så ofte utruleg lite som skal til for at noko kjennest nytt att.

Denne vinterjakka kjøpte eg på Finn.no for seks år sidan, og den har haldt meg varm sidan. Den er så tjukk at eg er sikker på at eg kunne ha overnatta i den i -20. Ok, akkurat det bør gjerne ingen teste då det er lite aktiv forsking som er gjort på det frå mi side, -men like fullt; den er varm og eit sikkert kort kvar vinter. Men den har måtte tole mykje. Då me flytta frå Haugesund trykte eg den berre ned i ein oppbevaringspose utan å sjå så nøye på den, og den var skitten og stygg då eg fann den fram i haust. Dråpen kom (bokstaveleg talt) då eit familiemedlem tissa på den i jula. Jakka vart sendt til rens med første moglegheit og kom tilbake nokre dagar etter, og såg heilt ny ut. Det er stas!

Så var det dette familiemedlemmet, som ikkje akkurat har tedd seg som ein danna gjest i jula. Han har ikkje berre tissa på jakka, men også utan skam gjort frå seg på stovegolvet i tide og utide. Han har delteke i juleselskap men helst sete under bordet og dratt andre familiemedlemmer i buksebeinet. Han har plukka ned julepynten på juletreet og kasta den entusiastisk rundt i rommet. Når me har gått ut av huset utan å spørje om han vil vere med, har han ropt klagande til me er tilbake. Han har trossa alle intimgrenser og vil helst vere med familiemedlemmer på toalettet for å sjå på. Han deler ut ukontrollert med våte kyss i tide og utide. Han har smugete skinkepålegg frå kjøkenbordet. Han har kjefta på alle nye menneske som har komt over dørstokken og vil helst at dei skal forlate lokalet. Han har blitt nekta adgong til kaninhuset etter å ha vist kritikkverdig åtferd, og sit støtt og stadig utenfor og sturer. Når det til slutt har blitt litt mykje for han, har han lagt seg under juletreet og snorka høgt.

Han er beint fram den mest uhøflege og intense personlegdomen me har møtt. Det er jammen meg flaks at han ikkje er ein vaksen mann, men ein frykteleg søt hundekvelp på tre månadar.

Ingen innlegg i denne kategorien akkurat nå…
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.