Markblomar, stygg bluse og gøyming av grønsaker
Kvardag
/
June 19, 2024
Vekene før sommarferien går alltid unna som ei rekke med bølger som slår hastig mot land. Likevel blir det fort mykje glitter når alt skal skje på ein gong. Her er ei handfull frå vekene som har gått:

Vegkantane byrjar å bugne av markblomar og det er så vakkert! Hundekjeks, smørblom og revebjeller sprett på alle kantar. Dette er frå ein kveldstur opp til Berge. På begge sider beita der sauer og kyr som tusla dovent rundt i sommarkvelden. No er tida som me lengta etter under tidenes lengste og kaldaste vinter. Eg supar det inn med store magedrag.

Eg feira bursdag med ein bluse eg akkurat hadde fått i posten. Eg hadde kjøpt den på Tise og var meget nøgd, heilt til dotter såg meg og sa «Oi… skal du gå sånn?». Den fekk tydelegvis ikkje terningkast seks hjå alle, men heldigvis så var eg blitt 38 år og då bryr ein seg ikkje lenger så mykje om kva andre syns. Eg fortsatte difor å strutte rundt ut dagen.

Me feira bursdag på Fønix. På bygda gjeld slagordet «use it or lose it» når det kjem til serveringsstadar. Det er ikkje så dumt, at ein ved å ete og drikke godt kan gjere noko positivt for lokalmiljøet. Eg ofrar meg gjerne.

Eg reiste på noko særs etterlengta: ei overnatting på hytta vår med Støttegruppe under Korona. Me er ein gjeng gamle kollegaer som er blitt til gode venninner. Under pandemien oppretta me ei Messenger-gruppe der skravla gjekk medan me sjonglerte heimeundervisning av elevar, heimeundervisning av eigne ungar, smittervern, drift av heim, mental helse og själva, sjuka livet under nedstenging. Støttegruppa lever i beste velgåande enda. Ein veit jo aldri om det kjem ein ny pandemi, så best å vere på sikre sida.

Eg må aldri slutte å minne meg om at livet er best ute og at vêret alltid ser verst ut når du står inne og kikar ut. Eg samlar på fjelltoppar i sommar og på Auastadnuten klårna gråvêret som eg hadde gått opp i. Det var fin premie!

Multene var i anmarsj i lyngen og eg gler meg til seinsommaren. Multer er dei kjekkaste bæret å plukke, då dei fyller opp boksen fort!

Eg bada i eit kaldt Ilsvatn, men i godt selskap og med kaffi på land, går alt an. Også kjenner ein seg uforskamma vaken etterpå.

Eg gjekk på smellen med å smake på urter i åkeren med eittåringen. Eg tenkte eg var pedagogisk mor. Resultatet var eit born som snart har forsøkt å smake seg gjennom heile hagen, og det bør ein ikkje gjer av helsemessige årsaker. Men bittesmå gulrøter, det går an! Her frå ei tankefull stund på gonggolvet med ein neve full av gulrøter som han hadde røska opp frå ein plantekasse. Fint å få hjelp med tynninga!

Me et plukksalat for harde livet og dei som ikkje er så gira på salat, får den gøymt i ein smoothie. Det er eit av mine beste tips etter snart elleve mammaår. Ungar kan ete enormt mange sunne ting når dei ikkje veit om det.

Eg arva ein kjole av den stilfulle tanta mi. Den kjøpte ho i England til eit bryllaup på åttitalet og eg diggar den!

Me fekk kyndig hagehjelp av styret i Etne hagelag sidan me skal ha open hage 26. juni. Det minna meg om idéen «dugnadslaug». Kan me ikkje alle berre organisere oss i laug der me kjem heim til ein i lauget ein gong i månaden, jobbar eit par timar med noko som personen skulle ha gjort i hus eller hage, for så å avslutte med eit måltid? Tenk på kor mange vindauge ein hadde fått pussa, sokkar som hadde blitt para, bed som kunne blitt luka! Denne idéen blir betre og betre desto oftare eg tenkjer på den.

Etne cup skjedde og denne fotballmammaen måtte svinge innom Fugl Fønix for ein ekstra god kaffi. Fotball er kjekt. Kaffi er eit must.

Kjøkenbordet vårt ber preg av Sommarles og bursdagsfeiringar i juni. Eg er sugen på ein rutet duk for å verkeleg dyrke sommarkjensla i sommar. Kanskje finn eg ein i Bruktbua i Etne?