GLITTER OG GRØNSKE

Georginetjuv, postbesøk-melankoli og verdens beste ravioli

Kvardag

/

No items found.

October 27, 2024

Veke 43 hadde ein heil del knask, og særleg mot slutten! Først ut er denne hundre år gamle notisa, henta fram frå Morgenbladet sitt arkiv. Georginetjuv! For ein yrkestittel! Eg elskar særleg skildringa av den mistenkte. Mon tru om dei fann "kvinde i 40 aars alderen, høi, middelstyk og med særlig skarpe, stirrende øine".

Me feira fem fine frøkner i drivhuset og det vart akkurat så lunt og koseleg eg håpa det skulle bli, i ein haustkveld med regn og mørkre.

Laurdag stakk eg innom Det gule hus i Haugesund. Ein av mine favorittbutikkar når det kjem til å handle klede. Denne gongen fann eg eit par svarte, semska boots og treningsgenser som eg var på jakt etter.

Tips: lag ei handleliste for bruktkjøp på mobilen. Då er det enkelt å minne seg om kva ein treng, og det er enda enklare å navigere butikken når du veit kva du leitar etter.

Systra mi Mari kom heim på overraskelsesbesøk til venninna som skulle feire 30 år. Det vart kun ein snartur frå laurdag til søndag denne gongen men eg og mormor var strålande nøgde med visitten.

Eg får alltid blues inni meg når me har hatt besøk og det er over. Det blir brått så tomt og kvardagen kjem som eit drønn. Det same skjedde denne gongen og eg måtte behandle postbesøk-melankolien med dei siste tomatene frå hagen og mozarella. Det fungerte nesten.

Regnet kom tilbake att etter nokre dagar med opphald. Etter å ha stilt klokka tilbake ein time, måtte me tøye tida litt på ettermiddagen for enkelte som var trøytte. Å teikne på garasjegolvet er alltid ein hit, og eit juletre sneik seg inn saman med regnbogar og blomar. Men lengre skal ikkje jula komme enda.

Eg set på skylappane når jula flyttar inn i butikkane i oktober. Eg er livredd for å bli lei jula før den i det heile tatt har starta. Det er litt som å gå laus på laurdagsgodtet om føremiddagen og vere så kvalm du aldri har vore når kvelden kjem og helgekosen verkeleg skal senke seg (her snakkar du med ein erfaren person). For å ikkje vere julekvalm allereie 2. søndag i advent, er det best å halde pepperkaker og Mariah Carey på avstand.

På søndagskvelden skar medlemmer av husstanden ut gresskar. Nokre var ute etter dei skumlaste motiva, medan andre var meir interesserte i innmaten.

Kva som er det skumlaste du kan sjå for deg i tradisjonell og moderne versjon.

Kvart år på hausten, lagar O Jamie Oliver sin heimelaga ravioli med ricotta og ovnsbakt gresskar som fyll. Det blir gjerne fleire gonger, då det er enormt godt og enklare enn ein skulle trudd.

Med salviesmør på toppen vart det laurdag på ein søndag og eg fekk kurert post-besøkmelankolien til slutt.

Verktøykassa i vinter

Kvardag

/

No items found.

October 22, 2024

Her er verktøykassa for å komme seg gjennom vinteren med helsa og vetet i behald.

  1. Weleda Skin Food - dette multitoolet av ein krem er kombinert handkrem, fotkrem, kuldekrem og ypperleg base under sminke. Den fungerer til alt og er fast inventar i baderomsskapet gjennom vinteren. (Bilete: Kinsarvik naturkost)

  2. Pukka Original Chai - ein treng krydder og varme i vinterhalvåret. Denne teen gjer dei mest ruskete haustdagar koselege på 1-2-3. (Bilete: Kinsarvik naturkost)
  3. Neglelakk i burgunder - No har ikkje dette beint fram med fysisk helse å gjere, men når kroppen bleiknar, er det då fint å ha noko fargerikt å sjå på. I vinterhalvåret er denne på etter eg har vore hjå fotterapeut, eller "hovslagar" som eg likar å kalle det i mitt tilfelle. (Bilete: Lyko)
  4. Tran - Og gjerne med sitronsmak. Eg har trua på at ei spiseskei til dagen gjer sitt både for immunforsvar og huda. (Bilete: Möllers)
  5. Purelan - Denne vart først oppdaga då eg var førstereis med amming. Den er ein vidunderkrem for såre brystvorter, men skulle vise seg å også vere Formel 1-versjonen innan leppepomade! Denne reparerer sprukne lepper og tørre negleband i ein fei. (Bilete: Vitusapotek)
  6. Biblioteket - om sommaren er dagane lange og ljose og det er ikkje alltid like enkelt å finne tid for lesing. Når mørkret seinker seg derimot og gjeremålslista utandørs krympar, er det den perfekte tida for å finne fram leselysta att. Å ta ein tur innom det lokale biblioteket er den beste staden å starte. Her finn du både eit rikt utval, gode tips og alt er gratis!
  7. Ingefær - eg har ingefær i det meste om vinteren, og vert eg sjuk lagar eg heksebrygg av kokt vatn, ingefær, sitron og honning. Eg er usikker på effekten, men godt smakar det. (Bilete: snl.no)
  8. Ullsinglet - dette er litt som ein redningsvest når dagane vert kaldare. Med ein slik innerst, kan du gå i det meste i garderoben av skjorter, blusar og tynne genserar utan å fryse huda av deg. (Bilete: Dilling)
  9. Honning - det trengst både i tekoppen og på brødskjeva, -og gjerne Imsland honning sin frå indre Haugalandet. Den kjem mellom anna frå bikuber i nabolaget vårt! (Bilete: Imsland honning)
  10. Dagsrevyen - i ei verd med stadig meir informasjon, overskrifter og kanalar å forhalde seg til, er det trygt og godt å ha nokon som siler ut det viktigaste og forklarar det til deg på faktabasert og reflektert vis. Dagsrevyen gir ro i sjela, også når verda verkar kaotisk. (Bilete: nrk.no)

96-åring, fjellsøvn, sauesafari og dystopisk bok

Kvardag

/

No items found.

October 20, 2024

Denne veka starta i motbakke med tomme sokkeskuffer, ein iPad som mangla og generelt dårleg søvn. Sjølv om ikkje søvnen og sokkesituasjonen betra seg kraftig utover veka, var det haugevis av glitter å spore likevel. Her er noko av det, fanga med mobilen.

Først ut er å vandre rundt i hausten, tørrskodd med kvite converse. Kven har det eigentleg slik? Ikkje vestlendingar ihvertfall! Men fint er det, når me kan late som om me er med i ein episode av Gilmore Girls og alt er så haustidyllisk som me kan draume om.

Allereie på tysdagen hadde me ei stor feiring. Mormor fylte 96 år og ho er ei enormt sprek dame. Ho hadde allereie vore på trim den dagen, der ho hadde starta oppvarminga som vanleg medan ho venta på bussen med faste knebøyrepetisjonar. Så hadde me familieselskap tidleg på dagen, då ho skulle rekke foredrag med Erika Fatland som kom til Etne for å snakke om den nyaste boka si på kvelden. For ei dame! Mormor er ein av mine heltar i livet.

Veka gjekk i turbofart med jobb, skule, møter og aktivitetar på kveldstid. Det går i utgangspunktet stort sett greit, men akkurat no er me inne i ein dårleg søvnfase med minstemann. Då me kom til fredagen og var vel frynsete i kantene, måtte me motvillig kaste inn handkledet på ein invitasjon me hadde gledd oss lenge og vel til. Det er det suraste med søvnmangel, -når du ikkje får gjort dei tinga som du veit også gir glede og energi. Men somme gonger må ein kapitulere.

Då barnevakten var booka for lengst, drog me opp på hytta då den uansett måtte vinterstengast den helga. Etter å ha gått ein tur, tatt eit siste bad i Ilsvatnet for sesongen og varma opp ein mjølkekartong med supperest frå veka som var, trilla me i seng kl. åtte og sov til sju neste dag. Eg kan ikkje hugse sist eg hadde elleve timar med søvn. Det er det sjukaste.

Å pusse tenner på hytta i måneskin, er noko av det mest stemningsfulle som finst.

Etter å ha fylt hytta med ved, tømt vassdunkar, samla saman sengetøy, mat som ikkje kunne overvintre og anna, snegla me oss ned lia. Brått traff me på ein tiur i vegen. Den held til oppe i Auastadlia og går i vegen for å ete sand. Den traska foran oss lenge og var eit fasinerande syn.

Uforskamma pigg etter maratonsøvn, ville eg ut på tur. Då eg ikkje fekk med nokon som helst som selskap, vart det med lydboka 1984 på øyret. Eg lytter til den via programmet Leseklubben på Nrk og eg ELSKAR det! Eg har ikkje tal på kor mange gonger eg har starta på 1984, men den har vore så mørk og dystopisk kvar gong at eg ikkje har orka å lese vidare. Men no! Med Christine Lossius Thorin, Kristoffer Olsen og Live Nelvik, som preikar om det me les, etappe for etappe, vert stoffet lettare, enda meir interessant og frykteleg gøyalt. Den neste boka som skal lesast i Leseklubben, er Heroin Chic. Den skal eg prøve å få med meg den og.

Teddy er fosterbarnet vårt og elskar kos, våtfôr og å sove. Også er han imponerande god på trafikksikkerheit og å fange mus. Då me bur i eit vegkryss, har ikkje tidlegare kattar på tunet hatt dei lengste levealderane, men Teddy framstår som ein over gjennomsnittet klok katt. Han veit ihvertfall akkurat korleis han skal sjarmere oss.

Det er eit år sidan Jon Fosse fekk Nobelprisen i litteratur. Me må for all del ikkje gløyme at han også dediserte prisen til nynorsken. Det minnar dette Nobelkruset i gull meg om. Den er ikkje spons. Eg fekk den av mor mi til jul.

Søndagen i dag vart via til førebuing av den komande veka. Medan O og dei to eldste heldt på med nokre prosjekt heime, tok eg og minstemann ein sykkelsafari rundt Litledalsvatnet. Det var ikkje reint lite me såg undervegs. Heile to gravemaskinar, ein hjullastar, ein lift, fleire traktorar og haugevis med kyr og sauer. Passasjeren var så full av inntrykk at han duppa av på heimturen.

Eg prøvde å få rydda unna alle halveis ferdige prosjekt frå veka som var. Resten av epla frå hagen vart kokt til eplemos, drivhuset vart vaska ferdig (ikkje av meg), eg sette deig til to kvardagsbrød, laga ein stor kvardagssalat og raska saman ein sjokoladegranola som nokon hadde delt oppskrifta på på Instagram. Saman med nok hardkokte egg i kjøleskapet, er me godt skodde for raske måltid og matpakkar i veka som kjem. Det er redningen dei dagane timane ikkje strekk til. No gjenstår det berre å pare sokkar og leite fram iPads og støvlar, så er me jaggu meir klare enn for ei veke sidan.

Og sjå! Åkeren bjuder fortsatt på:

To vekers sabbat

Kvardag

/

No items found.

January 18, 2022

Me flytta inn for snart to veker sidan og gjekk inn i ein liten sabbat når det kjem til alt som må gjerast. Lista over gjeremål fyller framleis to A4-sider, men no er det småting som me kan pusle med undervegs, samstundes som me alle er under same tak. Dei to første vekene har me brukt tida på å flytte inn det viktigaste, få kvardagen i gong, ting i system og ikkje minst nyte at me er i hus.

Veggane er stort sett nakne og vindaugene har ingen gardiner, men sakte men sikkert kjem litt og litt på plass og det er litt som ei saktegåande julefeiring der me pakkar opp det gamle livet vårt i Haugesund og set det på plass i det nye livet. Spisebordet vårt henta me på Karmøy hjå nokon då me flytta til Haugesund. Kjøpt på Finn og etterkvart eit velbrukt bord som har tent oss gjennom småbarnstid og gitt mange fine stunder. Det har malingsflekkar og store riper, men haugevis med sjel. Vasen og lysestakane kjøpte eg på Fretex i Haugesund ein vår for mange år sidan og dei har stått på bordet sidan. Sjølv om eg likar tanken på å ha kun det du treng, så er det også ei fin side med materialismen. Ting kan fylle deg med fine minne og då vert dei meir enn berre tre, glas og metall. Lampa over bordet er ny men vart kjøpt på Bruktbua i Etne. Eg hadde kika etter ei slik lampe lenge på Finn, og brått låg den like foran meg i den lokale gjenbruksbutikken. Det er ei av sidene med bruktkjøp som eg likar så godt. Du kan leite og leite, og brått ligg det foran deg når du minst ventar det. Elektrikar såg over lampa før den vart montert opp, og no skal den få henge i all æve over frukostar, middagar, kveldsmat, drøs og lekselesing.

Ingen innlegg i denne kategorien akkurat nå…
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.