Pepperkakehuset 2024
Jul
/
January 14, 2025

Me bakar få julekaker til jul, men pepperkakehus, derimot. Der er det gravalvor. År for år har det auka i storleik og i år gjekk pepperkakebakarane for rekord. Det vart ei ein meter høg stavkyrkje, tungt lasta med melisglasur og non stop i fleire rundar.


Den kosta nesten eit ekteskap men i helga feira me nytt år med knus hus-fest med naboane. Bygget vart rive ned til stormande jubel og etterpå nytte både folk, fuglar og hjort godt av restane. Og ekteskapet, det består.

Julegrønt og laukar som adventskalender
Jul
/
December 28, 2024

Det finaste eg veit å pynte med, er grønt eg finn ute. Gjerne i ulike variantar saman. Det gjeld også i jula.
Like før jul plukka eg inn greiner av furu, gran, einer, tuja og buksbom og laga ein stor og ein mindre bukett. Nokre greiner eukalyptus som eg kjøpte hjå Søstrene Lye fekk også bli med. Miksen av ulike former, overflatar og nyansar av grønt er noko eg aldri blir lei av. Då ein av stilkane til ein amaryllis knakk, vart den del av eine bukette også og den vart juleraud.

Eg har blitt glad av å sjå at raude lys, blomar og andre detaljar har komt tilbake i feeden denne hausten. Nittitalsnostalgien regjerer og jula har blitt meir tradisjonell i fargane. Kvitt, sølv og andre kalde fargar er fint, men eg treng dei varme når det er vått og kaldt ute. Då vert det ekstra koseleg.
Ei anna sak som er fast inventar, er laukar av amaryllis og hyacinther. Eg lagar ofte små grupper av dei og dekker dei med mose. Så veks dei i takt med kalenderen i advent, og har du klart å justere vatninga rett, slår dei ut i full blom til jul. Somme gonger klarar eg det, somme gonger ikkje. I år kom amaryllisane i romjula. Hyacinthene må ha fått litt for lite vatn, for dei stoppa litt opp. Laukane er som små adventskalenderar der dei veks i takt med kalenderen.

Amaryllislaukane set eg mørkt og kaldt når dei er avblomstra, slik at eg kan ta dei opp att til neste desember. Hyacinthlaukane plantar eg ut i beda så dei fine blomane kan komme tilbake på eit seinare tidspunkt.

Ungane henta juletre saman med foreldra mine i skogen vår siste helga før jul. Då det er vanleg gran, toler ikkje greinene så mykje vekt. Det er difor best med julepynt som ikkje veg så mykje. Nytt av året er appelsinskivene som eg tørka i omnen før jul. Eg har laga tidlegare også, men dei var blitt så mørke.

I tillegg har eg ein flink kollega som heklar julepynt og eg kjøpte ti stjerner i kvit ull av henne. Er dei ikkje fine?
