Ting ein skulle visst som konfirmant
Born
/
May 9, 2023

Eg spurte på Instagram kva folk gjerne skulle ha visst då dei var konfirmant. Her er svara:
- Det er mange ulike vegar for å nå dit ein vil.
- Det gjer ikkje noko om ting tek tid.
- Det er ikkje verdens undergang om du får dårleg karakter på mattetentamen.
- Bruk konfirmasjonspengane på aksjar i Google eller Ebay.
- Det er fint å ta seg tid til å vere born.
- Ein er god nok slik ein er.
- Korleis folk behandlar deg, handlar om korleis dei har det. Ikkje om dine kvalitetar.
- Å ikkje vere kul på ungdomsskulen er ikkje jordas undergong.
- Alt blir bra.
- Ihjelnappa augebryn er ingen god idè.
- Bukser med ekstremt lågt liv er ingen god idè.
- Kjærleikssorg går over.
- Bruk tid på det du syns er kjekt. Ikkje det du trur du burde syns er kjekt.
- Spar til BSU.
- Leik meir.
Kva skulle du gjerne ha visst? Skriv gjerne i kommentarfeltet!
Å vere ein lysande notifikasjon for skogen
Born
/
April 27, 2023

Me hadde hatt nok ei helg med kampen om skjermen. Eg dreiv med stadige formaningar om tidsbruk, og var lei. Eg trøysta meg sjølv med at, jodå, det er jo utruleg mykje kreativt ein kan gjere i Minecraft. Sosialt samspel får dei også trent på når dei speler saman over nett. Og det er definitivt mykje spanande ein kan finne på YouTube som kan sette i gong kreative prosjekt på heimebane. Men det avgjerande punktet var likevel så tydeleg.
Til sjuande og sist er ikkje problemet med den digitale verda at den er der, men at den stadig vekk vinn over alle dei andre, morosame, inspirerande og kreative sakene me vil at borna våre skal finne på, -utanføre den lysande firkanten.
«Me skal ut i skogen! No!» ropa eg høgt. Her hadde ein ikkje tid til pedagogiske og empatiske tilnærmingar. Etter mykje småkrangling, leiting etter sko, lovnadar om at «jo, me skal kjøpe laurdagsgodt seinare i dag» og lirking og motiverande tilrop, kom me oss ut døra.
Den første beten langs den asfalterte fylkesvegen vart forsert med tunge steg. «Eg likar ikkje å gå på tur» sa den eine. «Eg var midt i Plants vs. Zombies» sa den andre. «Sjå, no kjem sola og!» ropa eg med ei skingrande, overentusiastisk stemme.
Me svinga etter kvart av vegen, og inn på ein gjørmete traktorveg. Det vart lengre mellom klageutbrota. Stega vart gradvis lettare. Traktorvegen stoppa og me fortsette over eit gjerde og inn i skogen. Så skjedde det magiske. Det som alltid skjer.

«Her ser det akkurat ut som skogen i Snøfall, ikkje sant?» seier den eine med store auger. «Sjå, den rota ser ut som ein gigantisk edderkopp», seier den andre mysande. Dei byrjar å samle kongler. Hoppar frå ein stubbe til ein annan. Står og kikar ned i mosen på ei svart bille som kravlar fram. Dei er oppslukte. Animerte zombiar og borneinfluencarar på YouTube er forsvunne i tåkedisen som held på å lette. Ungane leiker og gløymer ut tida. Då me skal gå heim har dei lyst til å bli lenger. «Eg vann» tenkjer eg. Men det er ikkje ungane som er motspelarane.
I debattane som går om born og skjermbruk, vert det ofte kommunisert ei bekymring for at borna har gløymd ut frileiken. At dei mister evna til å underhalde seg sjølve utan ein skjerm. At dei ikkje lenger kan leike som born har gjort i generasjonar, århundre, årtusen.
Eg tviler på dette. Kvar tur i skogen, kvar økt med teiknesaker ved kjøkenbordet, kvar høgtlesingsstund tilseier det motsette.
Borna våre er ikkje fortapte. Kreativiteten er ikkje tapt, fantasien er ikkje tapt. Borna våre er ikkje øydelagde eller udugelege. Dei er berre utsette for den same intelligente teknologien som me scrollande vaksne er. Og den sug oss alle mot skjermane.
Samstundes ligg skogen, teiknesakene, bøkene, sandkassa, og trehytta der så stille. Dei poppar ikke opp på skjermane våre som lysande notifikasjonar. Dei gir oss ikkje likes når me nyttar dei. Dei berre er der, klare for leik, undring og fantasi.
Fram til maurtua, fargeblyanten og leikebilen kjem opp som eigne på påminningar på skjermane våre, får me foreldre ta jobben som ivrige innkastarar og entusiastiske hugselappar. «Sjå her!» skal me veive, medan me dyttar fram teiknesaker, fotballar og hammar og spiker. «Dette må de ikkje gå glipp av!»
Når ungane viser fram teikningar, heimesnikra båtar, kjem inn med grønske på knærna og skit under neglane, kan me gi haugevis med tommel opp og likes. Det er lov. Ein konkurrerer tross alt mot YouTube og Meta.