Kva eg les i sommar
Lesetipa
/
July 5, 2024

Å gå inn i ein bokbutikk, eit bibliotek eller eit hagesenter, gir meg akkurat same kjensla. Eg får vatn i munnen. Eg overdriver ikkje. Augene blir sultne og eg får lyst på ALT! Eg må jobbe hardt for å begrense meg og har eigentleg berre lyst til å flytte inn.
Kanskje det er difor ein haug med sommarferiebøker bør settast saman som ein skikkeleg god smågodtpose? Noko bør vere trygt og godt, noko så syrleg at håra reiser seg på ryggen, noko nærast utan tyggemotstand og noko som krevjer litt meir arbeid, men som (ofte) gir ei rikare og meir langvarig leseoppleving.
Diverre har det blitt mindre og mindre tid til lesing dei siste åra. Det er like mange timar i døgnet som tidlegare, men med smarttelefonen sitt inntog i heimen, tek eg meg sjølv i å stadig vekk scrolle bort tida eg kunne ha brukt til å lese nokre sider. Det gjer meg sur og irritert, for scrolling når ikkje boklesing til anklane. I grunn har boklesing motsatt effekt på meg, samanlikna med mobilen. Medan scrollinga gjer meg kokt i hovudet, uroleg og ofte klitt nedstemt når eg innser at eg har scrolla bort skamfullt mykje tid, får lesing av boksider pulsen til å dale. Tankane vert meir samla. Eg vert meir samla og det er nærast ein form for meditasjon. Etterpå kjenner eg meg alltid roleg og tilfreds, nærast uansett kva eg har lest.
Eg er stor tilhengar av å heller legge til gode ting, enn å bruke mykje energi på å trekke bort dei dårlege sakene. Som å heller fokusere på å ete eit par gulrøtter til dagen, enn å unngå smågodt. Det same gjeld med lesing, så denne veka gjekk eg innom det fabelaktige biblioteket me har i bygda og lånte ei stor budde. Det er tvilsamt at eg kjem gjennom alle, men eg likar å ha eit utval som eg kan plukke frå ut i frå stemning og energinivå. Av og til vil ein ha det lett og lystig. Andre gonger meir faktatungt og krevjande.
Først ut er to diktsamlingar. Eg har ein aukande fascinasjon for Halldis Moren Vesaas og det same med dikt. Dikt syns eg var keisamt greier då eg gjekk på skulen, men då eg byrja å studere litteratur og me vridde og vrengte på dikt, oppdaga eg kor mykje ein kan fortelje med få og korte linjer. Det er kunst, det! I tillegg er dikt veldig praktisk når ein stadig vert avbroten i lesinga. Ein rekk å lese eitt og kan gå og tygge litt på det fram til neste lesestund. Som seg hør og bør, la eg også til ei diktsamling av Jon Fosse. Han skal eg lese mykje framover.
Eg har eit litt todelt forhold til bøker om klimakrisa. Eg vil så gjerne lese dei, men somme gonger tynger alvoret for mykje og eg vert trist og apatisk i staden for modig og optimistisk. Tittelen En klimabok du orker å lese snakka difor voldsomt til meg. Eg gler meg til å lese og skal gi dykk rapport!
Akkurat no kjennest det som det kokar på alle kanter i verda, og Frankrike er eit av landa der eg ikke kjenner eg har heilt kontroll på. Eg plukka difor med meg Det polariserte Frankrike -samtaler med et splittet folk av Tom Solstad, i håp om å bli litt klokare.
Sandra Lillebø si En fransk familie har fleire anbefalt meg. Relasjonar og forviklinger er alltid artig å lese om!
Vidare må ein alltid ha med ei bok som får ein til å gå tilbake i tid. Morfar elska krim, og særleg britisk krim. Frå tidleg av mata han meg med Nancy Drew-bøker før han gjekk over til Agatha Christie. Det er godt mogleg forelskinga mi i det britiske kjem frå han. Denne sommaren les eg The Hound of Death.
Så vender eg tilbake til samtida og Midtausten. Også her kjenner eg så ofte at kunnskapen kjem til kort. Særleg etter oktober 2023, då krigen på Gaza braut ut. Sjølv om eg tvilar sterkt på at ein nokon gong kan forstå kvifor ei konflikt kan (og får lov til å) eskalere til eit vanvittig vis, skal eg likevel forsøke å lese Den lange uken - En grenseløs reise i Midtøsten.
Til slutt har eg også plukka med meg ei bok som har stått lenge på leselista mi. Arvingen-serien til Anne Gunn Halvorsen og Randi Fuglehaug må seiast å vere ein braksuksess med eit enormt sal, omsetjingar til mange språk og Netflix-serie. Den har blitt lest av mange tidlegare elevar og no gler eg meg til det som må bli ein real lesefest.