GLITTER OG GRØNSKE

Den viktigaste beredskapen

Samfunn

/

No items found.

January 12, 2025

Me gjekk inn i helga med nyheiter om ny beredskapsplan, alvor, grunning på kva me har og om me er klare om noko skulle skje. Det er uvante tankar. Verda kjennest meir utrygg enn på lenge.

Så vart alvoret byta ut med dagar med drøs, augekontakt, klemmar og latter med naboar, familie, vener og kjende. Over bålpanna, i skisporet, på aketur, over ein kaffikopp, over eit vinglas.

Den siste kvelden av helga er nok ein nydeleg vinterkveld. Månen skin frå himmelen. I nabolaget flaumer lyset frå hus og fjøs, det ryk frå pipene. Juletreet med stjerne i toppen lyser ut gjennom vindaugene på Rygg bedehus. Skispora slynger seg over bøane. Verda kjennest brått tryggare enn på lenge. Den viktigaste beredskapen er at me har kvarandre.

Brått hadde beina bært meg 11 kilometer på kryss og tvers under joggeturen i nabolaget. Det var enkelt når beina brått var så lette.

Bør bygda dø?

Samfunn

/

No items found.

November 1, 2024

Det har vore harde kår for Distrikts-Noreg denne hausten. I Innlandet vart fleire vidaregåande skular og skulestader nyleg vedteke nedlagde, kommuneøkonomien over det ganske land er dårlegare enn på lenge og fråflytningstrenden fortset i mange kommunar. Kommentator i Aftenposten, Synnøve Vereide Trampe, gjekk så langt som å erklære at "Jeg elsker bygda. Men den må dø".

Tja, kva skal ein eigentleg med bygdekommunane? Bør me som bur i dei starte pakkinga og snegle oss på svingete europavegar mot næraste urbane tettstad? Er det eigentleg vits å klore seg fast på kvar knaus og inni kvar dal?

Nedgongen i folketal er noko ein ikkje kjem vekk i frå, same om ein er vest, aust, sør eller nord. Det er ikkje godt å komme opp med ei god oppskrift på korleis ein kan snu det. For det første er norske bygder råka av akkurat same utfordringa som norske byar. Nordmenn føder færre born. På bygda er ein likevel meir sårbar for svingingane då ein ikkje berre kan sende elevane til neste skule 300 meter bort i gata, om elevtalet dalar. I mange bygder er det ikkje fleire skular å ta av, og skulen er det bankande hjarta i lokalsamfunnet. Må ein seksåring reise langt og lenger enn langt for å komme til næraste klasserom, er det forståeleg at bornefamiliar vegrar seg mot å busette seg - eller bli buande.

Samstundes er bakgrunnen for manglande heimflytting samansett. Distrikts-Noreg er ikkje eitt Distrikts-Noreg. Det er stor skilnad på norske bygdekommunar og kva som er årsaka til at ikkje fleire flyttar heim. Nokre kystkommunar har flust med arbeidsplassar, men kan for somme ligge for kronglete til. Nokre innlandskommunar har gjerne både folk, togstrekning og trygge vegar, men saknar arbeidsplassar som gjer det attraktiv for ungdom å flytte heim. Andre distriktskommunar er styrtrike på kraftinntekter medan andre igjen er på Robek-lista. Det er ikkje ei verkelegheit i Distrikts-Noreg, og det er vanskeleg å finne ein kur for alle. Men ein ting har alle til felles.

Noreg treng mat og det er i distrikta den kan lagast. Potetene kan ikkje dyrkast på Danmarksplass i Bergen og sauene kan ikkje beite i Sinsenkrysset i Oslo. Og matprodusentane kan verken i teori eller praksis bu aleine i distrikta. Dei treng infrastruktur, skule til ungane sine, heimesjukepleie og omsorgbustadar til aldrande foreldre, kommunale tenester og ein matbutikk å handle på. Minst. For å drifte dette trengst folk, og med dette også andre arbeidsplassar som ikkje er like livsnødvendige for lokalsamfunnet, men som gjer det attraktivt for fleire å flytte med den som kjem som sjukepleiar, lærar eller butikktilsett.

I tillegg til å sikre matproduksjon, er det flust av andre gode argument for kvifor Noreg bør jobbe for ein spreidd busetnad i heile landet. Det er beredskap. Det er bevaring av kunnskap om historie og kultur, og det byr på større valfridom når folk skal busette seg. Ikkje alle har eit ønskje om å bu i ein by. Nærleik til natur og tilgong til meir friluftsliv er noko mange søker etter i dag. Samstundes har me eit arbeidsliv som vert meir og meir digitalisert, som mogleggjer at ein i fleire tilfelle kan sitte på "bortekontor" sjølv om kontorplassen din er på Lysaker eller på Forus.

Så, når distrikta framleis har ein særs viktig funksjon og bygda likevel ikkje bør dø. Kva skal ein gjere for å få folk til å busette seg der eller komme tilbake?

Ein bør satse på dei beste ambassadørane, og det er verken rådmenn, ordførarar eller vakker natur. Det er dei som allereie bur der. Har du innbyggjarar som har hatt gode oppvekstar i kommunen, som opplever at kommunen sine tenester verkar og lokalpolitikarar som er engasjerte, då snakkar dei om det. Dei tek bilete av det, deler på SoMe og seier til gamle klassekameratar dei møter på butikken "Kom him! Her e de jysla kjekt å bu!". At folk utanføre ser kvardag, jobb, dugnadsvaffelsteiking, fotballkampar og flotte fjellturar gjennom linsa til nøgde Per, Pål og Kari som har adresse i bygda, er den beste omdømmebygginga ein kommune kan ha.

Så, sjølv om kommuneøkonomien skrantar og tenester til innbyggjarane kostar, er det likevel ingen tvil om kva som er dei største verdiane til kommunane. Nemleg folka som allereie bur der.

4 grep som kan redusere sjukefråveret

Samfunn

/

No items found.

October 16, 2024

Nordmenn,og særleg kvinner, er på topp i sjukefråver, samstundes som fødselstala dett nedover. Er det berre å bli flinkare til å «ta på eiga oksygenmaske først» eller kan ein gjere fleire grep i det som allereie er eit av verdas beste arbeidsliv? Eg held ein knapp på det siste.

Nyleg kunne E24 melde at sjukefråveret i Noreg fører til 20,7 milliardar kroner ekstra i utgifter i årets statsbudsjett. Det legemeldte sjukefråveret i 2.kvartal 2024 er 7,1% høgare enn året før.

Om ein ser på gruppa 35-39 år, er sjukefråveret for menn 4,1%, medan sjukefråveret til kvinner 8,6%.

Korleis kan det ha seg at kvinnene er over dobbelt så mykje sjukemelde enn menn på same alder?

Graviditet kan heilt klart vere ei årsak til at kvinner i fruktbar alder har høgare sjukefråver enn menn.

Samstundes er det nokre andre faktorar som er verdt å ta ein kik på.  

Frå 1990 og fram til i dag, har andelen kvinner som jobbar deltid i arbeidslivet lege på jamt 35%. At ikkje fleire går inn i heiltidsstillingar og at det legemeldte sjukefråveret aukar, kan vere eit symptom på at det er kvinnene som brukar mest tid på det ulønna arbeidet i heim og med born, som gjer at dei har ein usynleg byrde. Ein snakkar gjerne om det tredje skiftet.

For seksti år sidan var det rekna som eit fulltidsstilling å vere heimeverande, og å ta seg av hus og born. Sjølv om norske menn har tatt større del i omsorgs- og husarbeid sidan då og ein har fått fleire hjelpemiddel inn i heimen, er det framleis særs mange oppgåver som skal gjerast når arbeidsdagen er over.

Spond-appen kan ikkje organisere barnebursdag eller køyre ungane på trening. Robotstøvsugaren kan ikkje vaske toalettet, pare sokkar, eller passe på at det er støvlar i rett storleik, brød og vaskepulver i hus.

Om ein i ein familie har to vaksne som jobbar fulltid, born i barnehage og/eller grunnskulealder og ein heim som skal driftast, er det for få timar i døgnet til å utføre alle oppgåvene.

Det er eit reknestykke som ikkje går opp.

Går det opp har du gjerne tilgong på mykje barnevakt, jobbar utanom 8-16 i kvardagen, eller har råd og moglegheit til å kjøpe tenester som kan fjerne nokre av oppgåvene frå lista.

Mange av råda til korleis folk (og særleg kvinner) kan stresse ned, er at dei skal «ta på seg eiga oksygenmaske først», men her er fire samfunnsmessige grep eg har vel så mykje tru på:  

1.      Utvide antal permisjonsdagar med løn når ein har sjukt born.

2.      Innføre fleksibel arbeidstid som grunnordning på alle arbeidsplassar (der det er mogleg).

3.      Flytte den 6. ferieveka som i dag blir gitt til arbeidstakarar over 60, til arbeidstakarar som har born under 13 år.

4.      Fjerne mva på reingjerings- og reparasjonstenester, slik at fleire kan ta seg råd til å kjøpe inn hjelp i heimen.

To bunad or not to bunad

Samfunn

/

No items found.

May 15, 2023

(Bilete av Fæstdrakt lånt frå @jointhefaebrik)

Like sikkert som at bjørka sprett, den første pinneisen vert inntatt, og ein får sår hals grunna for tidleg t-skjorte-debut, blomstrar debatten om bunad kvart år i mai. I år er ikkje eit unntak, men det er snarare den heimesydde festdrakten som er utfordrar. Eller er det meir presist å seie "Fæstdrakt"?

Det er ingen tvil om at det er damene bak Fæbrik som har fått sygleda til å blusse opp hjå feststemte damer og menn over heile landet. Mønstera deira har blitt brukt til å sy den eine fargerike og mønsterrike kreasjonen etter den andre, og Instgram-emneknaggen #fæstdrakt ser ut som verdas lekraste smågodtpose.

Men er dette ein trugsel for bunadstradisjonen i Noreg?

Gamalt bilete av jente frå Etne i bunad. (Foto: Knud Knudsen/Universitetsbiblioteket i Bergen. Snl.no)

Først av alt. Bunaden er i ei særstilling og noko ein ikkje skal tuske med. Årsaka? Den er ikkje kun ein bunad, festdrakt eller eit  alternativt treningsmål for #sommarkroppen. Den er noko langt viktigare. Ein kultur- og historiebærar. Frå sine første steg som politisk plagg i forkant av unionsoppløysinga og i hundreåra etter, har den vore med på å bygge identitet og tilhøyrsle i bygd og by. Bunaden viser geografiske røter, handverkstradisjon men også forteljingar om daglegliv og fest i gamle dagar.

Dei over 450 bunadane i Noreg er somme stader direkte kopiar av kvardags- eller festdraktar ein nytta i eit særskilt geografisk område før i tida. Andre stader har ein ikkje hatt eit fullstendig drakt å gå ut i frå, og ein har konstruert ein ny bunad for området basert på gamle bilete, skildringar og lause draktmateriale. Bunaden min, Etnebunaden, er i sistnemnte kategori og bygger på draktplagg frå 1800-talet som ein har laga ei etterlikning av.  

Etnebunad arva av farmor!

I fargebruk, mønster og sting, er dei norske bunadane rett og slett ein historisk gjenstand som ein ikkje først og fremst ser på museum, men som er i bruk ute blant folk, gjerne fleire gonger i året. Det er unikt.

Norges husflidslag har gjort og gjer eit utruleg viktig arbeid for å bevare bunadstradisjonen i Noreg. Dei har no saman med fire andre organisasjonar, via Kulturdepartementet, søkt om å få norsk bunadstradisjon på UNESCO si liste over menneskeheita si immaterielle kulturarv. Det håpar eg vert innvilga.

Så, når bunaden er slik ein viktig del av den norske kulturarva. Er det ikkje fare for at oppdikta festdraktar, same om dei er heimesydde eller kjøpt frå Kina, kan viske ut særpreget ved den norske bunaden? Eg meiner nei. Så lenge ein har handverkarar som kan tilverke bunadar og dei ulike bunadane er godt dokumentert, vil dei alltid vere i ein eigen kategori. Å havne på UNESCO-lista ville ha forsterka dette.

Du har ikkje feira 17. mai skikkeleg, før bunaden ser slik ut på tampen av dagen.

Samstundes er det også nokre praktiske sider som gjer at bunadsmonopol er ein dårleg idè. Bunad er dyrt. Å betale titals tusen for ein festdrakt, er ikkje noko alle kan ta seg råd til. Det betyr at det lenge har vore eit litt udemokratisk plagg, når ein kun har kunne velje mellom bunad og vanlege festklede, og at alt anna har vore tabu. At det er blitt trendy å sy eigenkomponerte festdraktar og også at det er blitt meir vanleg å kjøpe bunad brukt, er berre bra for feststemte folk over heile landet.

Samstundes kjem Barbro Tronhus Storlien, styreleiar i Norges Husflidslag og bunadtilverkar, med eit viktig poeng i denne kronikken. Prisen ein betaler for ein bunad, er den faktiske prisen på materialet og timane det tek å sy den. Å sy bunadar er ikkje noko ein blir rik på. Det er eit verdifullt innspel i ei tid der me lever med fast fashion og er vande med å ikkje betale den faktiske prisen på kva eit plagg eigentleg kostar.

Bilete av Fæstdrakt lånt frå @jointhefaebrik

Eg ber Etnebunaden min med stoltheit men er skeptisk til å endre på den utover kva som er dokumentert som Etnebunad. Å bruke eit sjal eller anna som ekstra tilbehør går fint, men å endre fargar og mønster i sjølve bunaden, som går på tvers av kva som er rekna som oppskrifta, hadde eg nok tenkt på som historieforfalsking og øydelegging av bunaden. Då ville eg heller ha sydd meg ein festdrakt i tillegg, og slått meg skikkeleg laus.

Konklusjonen er altså, heia reindyrking av bunad og reindyrking av festdrakt! To plagg som fint kan sameksistere i klesskapet og i folkemengda på 17. mai.

Je suis Volkswagen Passat

Samfunn

/

No items found.

September 19, 2022

Teksten om sjukemelding forrige veke viste seg å gi gjenklang hjå mange og førte til interessante samtalar, innspel og eit oppslag i Haugesunds avis saman med Haugesunds-politikar Karoline Sjøen Andersen. Det som omhandla ein flik av den norske kvinnehelsa, skulle vise seg å vere berre opptakten til ein større debatt.

Men først. Helsepersonell og mødre på tvers av kvinnedominerte og mannsdominerte yrker meldte meg i stor grad om det same: å be om sjukemelding er ein stor bøyg for mange gravide kvinner i arbeidslivet og fleire presser seg for lenge før dei takkar ja til sjukemelding.

Kjernen i bodskapen til meg og de som har skrive til meg, er: det kjem stadig eksempel i samfunnsdebatten på at kvinner vert omtala nærast som ein utgiftspost og ein byrde i samfunnsøkonomien, samstundes som det er venta at norske kvinner skal føde fleire born og vere fulltidsarbeidande. I tillegg har det dei siste åra vore aukande søkelys på at kvinnehelserelaterte plager og diagnosar er stadig underbehandla og underprioritert innan helsevesen og forsking. Dette fører til at mange tema innan kvinnehelse framleis er tabu, og at fleire kvinner oppgir at dei kjenner på skam dersom dei må vere borte frå jobb grunna "kvinneplager" som er høgst reelle, ofte smertefulle og funksjonsnedsettande.

Ikkje heiltid, ikkje bornefødslar men tonen i samfunnsdebatten som er problemet

Det er ikkje eit problem at kvinner er forventa å ha høg deltaking i arbeidslivet. Dei fleste ynskjer heiltidsstillingar. Visste du til dømes at sjølv om det fortsatt er langt fleire kvinner enn menn som jobbar deltid, vert forskjellen stadig mindre og prosenten av heiltidsarbeidande kvinner er i stadig vekst? Ei heller er det problematisk at det nettopp er kvinner som skal føde born (openbart, kven andre?), men når det stadig vekk kjem kritiske overskrifter og vinklingar knytta til kvinner sitt sjukefråver, er det mange som kjenner seg små.

Det er ei samfunnsutfordring at fødselstala i Noreg går nedover trass i at det trengst fleire innbyggjarar. Det er også ei samfunnsutfordring at kvinner sitt sjukefråver fortset å ligg jamt langt høgare enn menn sitt. Men ein treng eit større søkelys på kva kvinner faktisk bidrar med når dei tek ansvar for reproduksjon og er ein aktiv part i arbeidslivet, og at ein på langt nær er i mål når det kjem til kunnskap om kvinnehelse, førebygging og tilrettelegging. Nokre kostnadar må ein ta om ein ynskjer at norske kvinner skal gå gjennom trygge svangerskap og fødslar. Men store kostnadar knytta til sjukefråver kunne nok også vore redusert, om ein hadde prioritert kvinnehelse generelt i større grad.

Å "eldes som en Jaguar E-type og ikke noe fra Rent a wreck"

Takka vere lanseringa av ein ny skjønheitsklinikk i Oslo, trengte me i forrige veke ikkje bekymre oss lenge for at kvinnehelse skulle forbli eit underprioritert tema i media. Mykje klokt har vore skrive om problemet med at Rudjord, Skarbø og Tjelta valte å koble ordet "kvinnehelse" til ein skjønheitsklinikk som primært tilbyr behandlingar for å stogge naturlege aldringsprosessar. Kritikken kan ikkje skuffast under teppet som "nok eit angrep på kvinner som tør å satse i næringslivet" eller "kvinner er kvinner verst" etc. Til det var formuleringane i pressemelding og intervju for klåre og utilslørte.

For det første har naturleg aldring aldri vore uhelse. Det er derimot skjønheitspress. Ved å tilby "de nyeste vitenskapelig dokumenterte behandlingene innen laserteknologi, rynkebehandling, angi-aging, mesoterapi, peelinger, muskelbygging og ikke-invasiv fettredusjon" i same andedrag som "kvinnehelse", lager dei ei kobling som er i beste fall provoserande. Det er nok av underfinansierte kvinnehelseproblem å investere 40 millionar i i dag, men rynker kan mildt sagt ikkje komme inn under den definisjonen.

Klinikken har i etterkant kommentert at ordet "kvinnehelse" var meint å dekke mellom anna bekkenbunnsbehandlingar i forbindelse med underlivsplager etter fødsel. Når fagfolk kort tid etterpå tek til motmæle og melder om at behandlingsforma dei tilbyr har udokumentert effekt og framstår meir som noko som kunne stått på behandlingsmenyen til Sjaman Durek, mistar dei truverdet før dei i det heile tatt hadde fått litt tilbake.

Ei retningsendring i samfunnsdebatten om kvinnehelse?

Det har likevel komt noko godt ut av denne saka. Enormt mange nordmenn, menn, kvinner og meg sjøl inkludert, har lært langt meir om kvinnehelse dei siste dagane enn me har gjort dei siste tiåra. Det har skjedd ei formidabel kunnskapsdeling og bevisstgjering rundt dei ekte kvinnehelseplagene, formulert av haugevis med kloke folk, både fagfolk og lekfolk, som går ut i media og løfter debatten om kvinnehelse med faktabaserte argument og klinkande klåre poeng.

Eg har eit ørlite håp om at det kanskje kan komme noko meir godt ut av dette. Som at me får ein annan tone i debatten kring kvinner sitt sjukefråver og kva me kostar staten samanlikna med menn og at meir pengar vert bevilga til forsking på "kvinnesjukdommar". Ikkje minst at fleire kvinner sluttar å skamme seg over si eiga kvinnehelse.

Og til slutt. Når ein no tilsynelatande brukar biltypar for å rangere kor suksessfulle kvinner er i aldringsprosessen, må eg seie eg heller veljer meg vår Volkswagen Passat. Trygg, allsidig, påliteleg med låge vedlikehaldskostnadar, robust på alle køyreforhold og med raus plass til alle som vil vere med på ferda. Der har du den ideelle alderdomen.

Kvinne, skam deg?

Samfunn

/

No items found.

September 12, 2022

Å vere sjukemeld grunna svangerskap har fått meg til å gruble på ei særskild sak den siste tida.

Dei to forrige gongene eg har gått ni månadar gravid, har eg hatt få plager, vore i full jobb, trent store deler av svangerskapet og alt har gått som smurt. Eg har kjend meg så frykteleg flink. Stemma i hovudet har ropt: «Yes! Eg kan gå på jobb og levere på lik linje med mannlege kollegaer OG produsere eit nytt menneske samstundes! Sjå på oss ressurssterke kvinner folkens!»

Denne gongen har svangerskapet vore heilt annleis. Babyen ser ut til å ha det topp, men kroppen og helsa mi er rufsete. Kroppen gir stadig teikn på at den ikkje syns det er heilt topp å vere gravid, og eg er blitt sjukemeld med beskjed om å ta det piano. Og eg kjenner på skam. Eg kjenner ubehag over at sjølv om hovudet vil på jobb, så heng ikkje kroppen med. Eg skammar meg over at eg ikkje klarar det stemma i hovudet meiner eg burde klare.

Kvifor kjende eg på ein enorm stolthet då eg klarte å kombinere jobb og svangerskap i ni mnd og skam når eg ikkje klarar det?

Noko av svaret ligg nok delvis i ein del medieoppslag dei siste åra med ein tematikk som ser ut til å dukke opp med jamne mellomrom i den norske samfunnsdebatten.

Eg og mannen min gjekk ut i arbeidslivet samstundes, har betalt skatt i like mange år men av logiske årsaker er det kun eg som kan bære fram eit felles, ynskja born, -med den konsekvens at det er kvinneandelen i sjukefråversstatistikken som aukar dersom det oppstår svangerskapsplager, trass i at det er eit felles «prosjekt».

Medan det at nordmenn skal lage fleire born er ein ynskt politikk frå flere hald (ref. mellom anna dåverande statsminister Erna Solberg sin nyttårstale 1. januar 2019), vert norske kvinner sitt sjukefråver og kostnad i statsbudsjettet jamneleg sett under lupa i media.

Det er ein dobbeltmoral ute og går, der det kan verke som om det ikkje heilt er samanheng mellom realitet og ambisjonsnivå i norsk samfunnssliv. Kvinner sitt inntog i det norske arbeidslivet har vore ein stor gevinst for både kvinner, menn og statskassa. Likevel ser det av og til ut som om me gløymde ein viktig del på vegen og at rommet for å vere nettopp kvinner er blitt mindre. Me skal gå på jobb, helst jobbe fullt og levere som ein mann utan eggstokkar, samstundes som me parallelt også skal forsøke å bli gravide, gå gjennom heile (eller stå i avbrotne) svangerskap og til slutt føde og amme. Det er ikkje rart at kvinnekroppen er utsett for meir slitasje enn ein mannskropp, men somme gonger kan det verke som om dette er noko som skal dyssast ned.

Norske kvinner sitt sjukefråver er ikkje kun knytt til svangerskap og fødsel. Det følger oss arbeidslivet ut. Likevel kan det hende at rommet for å vere kvinner forblir for snevert, at den tradisjonelle kvinnejobben på heimebane, både det andre og tredje skiftet ikkje er godt nok jamnstilt på hjå mange enda, og at me rett og slett ikkje har kome i mål med store deler av likestillinga. Me har jubla over at norske kvinner inntar stadig nye felt i arbeidslivet, men alt som høyrer biologi og heimefront er opp til kvar enkelt kvinne å ordne opp i sjølv. Det slit på mange og kan gjerne forklare skamma over å ikkje «klare alt» på fleire hald og eit sjukefråver som er langt over menn sitt. Men det siste bør snarare vere gjenstand for undring i staden for fordømming.

Ingen innlegg i denne kategorien akkurat nå…
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.