Je suis Volkswagen Passat
Samfunn
/
September 19, 2022
Teksten om sjukemelding forrige veke viste seg å gi gjenklang hjå mange og førte til interessante samtalar, innspel og eit oppslag i Haugesunds avis saman med Haugesunds-politikar Karoline Sjøen Andersen. Det som omhandla ein flik av den norske kvinnehelsa, skulle vise seg å vere berre opptakten til ein større debatt.
Men først. Helsepersonell og mødre på tvers av kvinnedominerte og mannsdominerte yrker meldte meg i stor grad om det same: å be om sjukemelding er ein stor bøyg for mange gravide kvinner i arbeidslivet og fleire presser seg for lenge før dei takkar ja til sjukemelding.
Kjernen i bodskapen til meg og de som har skrive til meg, er: det kjem stadig eksempel i samfunnsdebatten på at kvinner vert omtala nærast som ein utgiftspost og ein byrde i samfunnsøkonomien, samstundes som det er venta at norske kvinner skal føde fleire born og vere fulltidsarbeidande. I tillegg har det dei siste åra vore aukande søkelys på at kvinnehelserelaterte plager og diagnosar er stadig underbehandla og underprioritert innan helsevesen og forsking. Dette fører til at mange tema innan kvinnehelse framleis er tabu, og at fleire kvinner oppgir at dei kjenner på skam dersom dei må vere borte frå jobb grunna "kvinneplager" som er høgst reelle, ofte smertefulle og funksjonsnedsettande.
Ikkje heiltid, ikkje bornefødslar men tonen i samfunnsdebatten som er problemet
Det er ikkje eit problem at kvinner er forventa å ha høg deltaking i arbeidslivet. Dei fleste ynskjer heiltidsstillingar. Visste du til dømes at sjølv om det fortsatt er langt fleire kvinner enn menn som jobbar deltid, vert forskjellen stadig mindre og prosenten av heiltidsarbeidande kvinner er i stadig vekst? Ei heller er det problematisk at det nettopp er kvinner som skal føde born (openbart, kven andre?), men når det stadig vekk kjem kritiske overskrifter og vinklingar knytta til kvinner sitt sjukefråver, er det mange som kjenner seg små.
Det er ei samfunnsutfordring at fødselstala i Noreg går nedover trass i at det trengst fleire innbyggjarar. Det er også ei samfunnsutfordring at kvinner sitt sjukefråver fortset å ligg jamt langt høgare enn menn sitt. Men ein treng eit større søkelys på kva kvinner faktisk bidrar med når dei tek ansvar for reproduksjon og er ein aktiv part i arbeidslivet, og at ein på langt nær er i mål når det kjem til kunnskap om kvinnehelse, førebygging og tilrettelegging. Nokre kostnadar må ein ta om ein ynskjer at norske kvinner skal gå gjennom trygge svangerskap og fødslar. Men store kostnadar knytta til sjukefråver kunne nok også vore redusert, om ein hadde prioritert kvinnehelse generelt i større grad.
Å "eldes som en Jaguar E-type og ikke noe fra Rent a wreck"
Takka vere lanseringa av ein ny skjønheitsklinikk i Oslo, trengte me i forrige veke ikkje bekymre oss lenge for at kvinnehelse skulle forbli eit underprioritert tema i media. Mykje klokt har vore skrive om problemet med at Rudjord, Skarbø og Tjelta valte å koble ordet "kvinnehelse" til ein skjønheitsklinikk som primært tilbyr behandlingar for å stogge naturlege aldringsprosessar. Kritikken kan ikkje skuffast under teppet som "nok eit angrep på kvinner som tør å satse i næringslivet" eller "kvinner er kvinner verst" etc. Til det var formuleringane i pressemelding og intervju for klåre og utilslørte.
For det første har naturleg aldring aldri vore uhelse. Det er derimot skjønheitspress. Ved å tilby "de nyeste vitenskapelig dokumenterte behandlingene innen laserteknologi, rynkebehandling, angi-aging, mesoterapi, peelinger, muskelbygging og ikke-invasiv fettredusjon" i same andedrag som "kvinnehelse", lager dei ei kobling som er i beste fall provoserande. Det er nok av underfinansierte kvinnehelseproblem å investere 40 millionar i i dag, men rynker kan mildt sagt ikkje komme inn under den definisjonen.
Klinikken har i etterkant kommentert at ordet "kvinnehelse" var meint å dekke mellom anna bekkenbunnsbehandlingar i forbindelse med underlivsplager etter fødsel. Når fagfolk kort tid etterpå tek til motmæle og melder om at behandlingsforma dei tilbyr har udokumentert effekt og framstår meir som noko som kunne stått på behandlingsmenyen til Sjaman Durek, mistar dei truverdet før dei i det heile tatt hadde fått litt tilbake.
Ei retningsendring i samfunnsdebatten om kvinnehelse?
Det har likevel komt noko godt ut av denne saka. Enormt mange nordmenn, menn, kvinner og meg sjøl inkludert, har lært langt meir om kvinnehelse dei siste dagane enn me har gjort dei siste tiåra. Det har skjedd ei formidabel kunnskapsdeling og bevisstgjering rundt dei ekte kvinnehelseplagene, formulert av haugevis med kloke folk, både fagfolk og lekfolk, som går ut i media og løfter debatten om kvinnehelse med faktabaserte argument og klinkande klåre poeng.
Eg har eit ørlite håp om at det kanskje kan komme noko meir godt ut av dette. Som at me får ein annan tone i debatten kring kvinner sitt sjukefråver og kva me kostar staten samanlikna med menn og at meir pengar vert bevilga til forsking på "kvinnesjukdommar". Ikkje minst at fleire kvinner sluttar å skamme seg over si eiga kvinnehelse.
Og til slutt. Når ein no tilsynelatande brukar biltypar for å rangere kor suksessfulle kvinner er i aldringsprosessen, må eg seie eg heller veljer meg vår Volkswagen Passat. Trygg, allsidig, påliteleg med låge vedlikehaldskostnadar, robust på alle køyreforhold og med raus plass til alle som vil vere med på ferda. Der har du den ideelle alderdomen.