GLITTER OG GRØNSKE

Det siste bruktfunnet

Bruktkjøp

/

No items found.

August 13, 2022

Trass i at eit par støvlar bør vere ein sjølvskriven del av klesskapet til ein vestlending, har eg dei siste femten åra vore utan eigne. I staden har eg traska rundt i støvlane til andre på tunet. Slik er det når det er mange nok par i omløp.

Men i vår fann eg ut at tida var inne for å få eigne støvlar i hus. Dei skulle ha ein grov såle så dei kunne brukast på mange underlag, vere høge så dei kunne verne mot alle farar når ein går og traskar i grøftekantar og skog om sommaren (hei, hoggorm og brennesle) og dei skulle på toppen ikkje vere for harde og stive. Nokre støvlar har eg fått gnagsår på leggen av, og det er keisamt når ein vil kunne bruke dei i timevis.

Eg fekk eit gulltips frå ei venninne om støvlane til Le Chameau. Laga av mjuk naturgummi og gode på foten. Dei er stive i prisen om ein kjøper dei nye, men til gjengjeld skal dei ha lang haldbarheit. Eg sjekka etter gamal vane Finn.no først, og der fann eg i god Finn.no-stil størrelsen min til halvparten av prisen. Er det rart ein handlar brukt?

Eg har budd i støvlane sidan eg kom heim, same om det har vore 11 grader og regnvér eller 25 grader og sol. Dei funker like godt til kjole og vått vér på festival som i åkeren. Dei er ikkje like reine som då eg fekk dei, men med litt godt stell håpar eg dei varer i mange mange år.

Så, er du akkurat no på jakt etter nye støvlar for hausten: desse eit skikkeleg godt kjøp som ein gjerne kan gjere brukt. Størrelsane stemmer godt og eg ser det ligg mange par til sals både på Finn.no og Tise.

Det var dagens bruktshoppingtips frå rehabilitert støveltjuv.

Ingen innlegg i denne kategorien akkurat nå…
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.