GLITTER OG GRØNSKE

Froskeprosjektet

Dyreliv

/

No items found.

April 16, 2023

For to år sidan flytta mormora mi inn i ny heim rett over vegen frå oss. I hagen var ein dam som var overgrodd og liten. Utpå våren oppdaga me at det var komt mange froskeegg der, men vart samstundes litt bekymra. Dei neste vekene skulle det vere mykje byggearbeid, maskinar og støy rundt dammen og me var redde for at det kunne forstyrre utviklinga til froskane. I tillegg hadde dammen særs varierande vannstand og det var usikkert om det var gode nok tilhøve for alle utviklingsstega egga skulle gjennom.

Heldigvis har me kjekke naboar som hadde laga ein kunstig dam i hagen sin og som gjerne ville bidra med husrom. Vidar har eit stort engasjement for insekt- og dyreliv og han og Eline har gjort mange spanande tiltak på eigedomen sin.

Me gjorde difor eit lite naturfagprosjekt saman, der me flytta halvparten av egga opp til dei og lot resten vere. I den nye dammen var det godt med plass og den låg fredeleg til. Målet var å sørge for at det vart flest mogleg frosk av egga, då norske froskeartar har hatt tilbakegong sidan 1950-talet (snl.no).

Etter ti veker byrja rumpetrolla å få bein og halen skrumpa gradvis inn til dei var ferdigutvikla, små froskar. Det var tydeleg at tilhøva var særs ulike i dei to dammane. I den store dammen vart det mykje frosk, medan i den litle stoppa dei fleste på rumpetrollnivå. Det er nærliggande å tru at det ikkje var nok næring der.

No, to år etter, flytter me fortsatt froskegg opp til den store dammen og denne helga har det blitt transportert fleire bøtter. Dei neste vekene skal me følgje med på utviklinga i dammane, og det er jammen like spanande kvart år!

Om litt over to månadar er dei slik!

NB: i fylgje paragraf 15 i Forskrift om innfanging og innsamling av vilt for vitenskapelige eller andre særlige formål, skal levande vilt settas fri på same stad som det vart funne. Me tok difor kontakt med fleire fagfolk som alle meinte det var greit å flytte egga då det er såpass kort avstand mellom dammane og då føremålet er å sikre egga.

Operasjon blomstereng

Grøne tips

/

Dyreliv

/

Hage

/

January 10, 2025

Her kjem det aller kjekkaste hageprosjektet i fjor. Det som gjorde meg opp over øyrene forelska, som gav auger og nase flust med sanseinntrykk og som attpåtil var nyttig!

I forbindelse med dreneringsprosjektet, fekk me også planert rundt åkeren der det var nokre bærbuskar me kunne tenkje oss å flytte samt nokre gamle jordhaugar. Dette området hadde vore litt "ingenmannsland" der det låg mellom åker og steingard. Det var ikkje ein naturleg stad å opphalde seg, kun ein stad ein gjekk i kanten av når ein skulle forflytte seg frå a til b i åkeren. Det var med andre ord den perfekte staden for ei blomstereng!

Me skrapte av topplaget av jorda, flytta bærbuskane til motsatt side av åkeren der dei andre bærbuskane var. Det er fint å samle dei og me fekk også tetta igjen nokre holer slik at det no er ei fin rekke med bærbuskar langs åkeren.

På toppen la me eit lag med skjellsand då markblomar likar sandhaldig jord.

Så spreidde eg det eg hadde av blomsterfrø. Først ein runde i mai, og så ein runde i slutten av juni då eg var usikker på om eg hadde sådd nok frø. Eg brukte ein kombinasjon av NIBIO sine frøblandingar for Sørvestlandet og ein pose blå linblomar frå Solhatt.

Litt etter litt byrja det å spire. Det vaks høgare og høgare med grøne vekster, og etterkvart byrja dei blå kornblomane å sprette fram.

Etterkvart vart det fullt fargebonanza og fullt insektliv i åkeren!

Det var heilt vidunderleg og me kunne høyre ei konstant summing frå enga. Vakkert og veldig nyttig på fleire vis!

Så kom hausten og eg skulle passe på å slå enga slik at den fekk riste av seg frø, og me kunne fjerne dei gamle blomane så jorda ikkje vart tilført meir næring. Blomane trivst best i næringsfattig jord, så skal ein gjere det heilt etter boka, skal enga slås på tampen av sesongen.

Gjorde eg det? Neidu! Ikkje denne sarte sjela. Eg utsette det stadig vekk då blomstringa fortsette hjå mange blomar og det var full aktivitet hjå insekta. Så eg utsette og utsette ...

..og no er me her. Under snølaget ligg den uslådde blomsterenga og eg lurar på korleis det kjem til å gå i år.

Er løpet køyrt? Strategien no er å slå den så snart det er snøfritt og frosten er borte. Det kan skje allereie i neste veke når det er meldt ti plussgrader(!), men uansett kjem eg nok til å tilføre meir blomsterfrø denne våren også. Korleis kan ein leve utan ei slik blomstereng me hadde i fjor? Den er heilt klart komen for å bli.

Det fine med blomstereng, er at ingen plass er for liten og ingen plass er for stor (viss me ser vekk frå kronene det kostar å kjøpe frø, eller tide det tek å samle frø). Naturvernforbundet Hordaland har ein veldig fin steg-for-steg-guide til korleis du går fram. Ei av årsakene til at insektbestanden går ned, er rett og slett at det vert lengre og lengre mellom matfata. Let me vegkantar, enger og andre felt gro til, legg me til rette for at insektene får det dei treng. Rett og slett eit superlokalt miljøtiltak!

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.