GLITTER OG GRØNSKE

Bygda 2.0

Bygda

/

No items found.

January 23, 2022

For nokon er det å finne seg ein heimstad i vaksen alder noko som går av seg sjølv. Ein får kanskje ein jobb som ein flyttar til. Åra går og brått er det der ein vert gamal. For andre trivst ein gjerne så godt der ein vaks opp, at det vert vanskeleg å forlate heimstaden. Ein vert berre verande. Så finst det dei som flyttar mange gonger og etterkvart kjenner at heimen er der skjorta eller familien er, -geografisk plassering speler ikkje så stor rolle.

Også har du slike som meg, som vaks opp i ei bygd ein i ungdomen ikkje ynskte å flytte tilbake til. Som kjende seg godt igjen då ein las boka Få meg på, for faen og såg filmen Fucking Åmål. Ei bok og ein film om tenåringar som forbanna heimstaden sin medan dei sat og venta på at dei skulle bli gamle nok til å flytte bort og livet kunne starte. Slik kjendes tenåra i Etne rundt 2000-talet. Var det ein ting som var sikkert, så var det at livet skulle levast i urbane strok. Ventetida fylte me med fotballtreningar i regnver på grusbanen, bekymring over kviseutbrot i panna, siste liten-pugging av tyske preposisjonar, listeskriving i Topp-skuledagebøker, smugdrikking av pæresider og henging på ungdomsklubben Raga. Livet var som å sitte på eit busstopp i vente av ein buss som skulle ta oss vekk frå den grå vestlandsbygda, til den verkelege verda og eit liv. 

Bussen kom og eg hoppa på. Den tok meg til nye stader, til livet eg hadde drøymt om som fjortis. Samstundes kom det ei kjensle snikande allereie på første busstopp. Ei veksande kjensle av å ha røtene djupare planta i jorda enn ein tidlegare hadde skjønt. Alle andre stader var brått ei meir blass utgåve enn staden ein kom frå. På alle dei nye busstoppane kom det eit sakn av synet av eit kvitt tun ein vinterkveld med flaumande lys frå smårutete vindusglas. Eller ein vårmorgon med snødekt Høylandsnut og blomstrande epletre. Eller ein sein somarkveld med humler som summa nøgde i beda til mormor, medan eg sat på trappa og klødde på ferske myggstikk. For ikkje å gløyme hausten med fargesprakande lønnetre og luft så knasande frisk at eg vakna i det eg stakk hovudet ut ytterdøra. Eit sakn etter hus med folk eg visste kven var eller hadde vore. Kjensler, lukter og syn som saman utgjorde heim, tryggleik, identitet og røter. Etterkvart innsåg eg realiteten eg aldri trudde skulle komme.

Ingen andre stader kjendes like heime som fucking Etne. 

Brått har me budd her sju månadar og Etne er alt eg har lengta etter og enda litt til. Høylandsnuten ligg der stødig som før, epletrea blomstrar, humlene surrar og lønnetrea tek på seg finstasen om hausten. Samstundes er bygda vidare og enda betre. Det er mogleg det er fordi eg ser den med eit anna blikk når eg no er vaksen, men likevel. Noko har skjedd. Bygda er full av fine folk med ulike bakgrunnar, og det er forunderleg likt mangfaldet i urbane strok. Folk som jobbar med matproduksjon, utdanning, helse, detaljhandel, service, økonomi, mekanikk, IT, marknadsføring, kunst, kultur og utvikling av nyskapande teknologi. Internett og næringshagar gjer at folk som tidlegare måtte bu i urbane strok, lettare kan jobbe med det dei vil, kor dei vil.

Samstundes er det ein enorm giv hjå folk på fritida med dugnad og ulike initiativ for å halde bygda blømande og oppdatert. Når ein er færre, må fleire vere med å dra lasset. Me les det same, ser det same, lyttar til det same, et det same og held stort sett på med det same som då me budde i urbane strok. Mykje er som før, men me er enda litt rikare, -på tid, natur og fellesskap. Den store bonusen er roen. Den heilage roen ein har i sjela, når ein kan bu i alt dette og kjenne at ein er på heilt rett stad til heilt rett tid. Det er ein skatt fleire burde vete om.

Ingen innlegg i denne kategorien akkurat nå…
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.