Kva er menskopp?
Grøne tips
/
July 13, 2024
Me kvinner i verda brukar i snitt 11 000 bind og tampongar i løpet av eit liv. Det blir til mykje avfall! Med omsyn til at produksjonen av desse varene også fører til store utslepp, er det også gode miljømessige årsaker til at ein kan sjå etter alternativ til tampong.
Samstundes melde NRK denne veka om ei bekymringsfull sak. Amerikanske forskarar sjekka tampongar kjøpt i EU, Storbritannia og USA. Dei fann giftige metallar som bly og arsen i alle. Ein fryktar dette kan føre til helseskadar hjå kvinner. Det er difor både miljømessige og moglegvis helsemessige årsaker til å sjå på alternativ til tampongar.
Men først, for å velje tryggare tampongar, anbefalar Miljødirektoratet å gå for svanemerka produkt som er underlagde eit strengare regelverk enn andre produsentar. Her er ein fin oversikt over kva for nokre svanemerka tampongar du kan finne i butikk.

Her er ein guide til eit supert alternativ!
skopp er blitt meir og meir populært dei siste åra men har framleis godt av å bli løfta fram i lyset. Eg starta å bruke menskopp for sju år sidan, etter å ha vore skeptisk i fleire år. Eg tenkte det kom til å bli tungvindt, uhygienisk og utrygt, men alle fordommar vart gjort til skamme. Den er no min soleklare mensenfavoritt! Eg har dei siste åra brukt OrganiCup.
Å bruke Organicup føles tryggare, meir hygienisk og er langt meir komfortabelt enn å bruke bind eller tampong. Koppen er enkel å bruke og det einaste "aberet", er at du kan gløyme ut at du har den i, samt at du ikkje kan bruke den om du har spiral. Det er fordi det er fare for at spiralen kan flytte på seg eller bli trekt ut når du tek ut menskoppen.
Set du menskoppen inn på rett vis, kjenner du ikkje at den er der. Koppen er laga av medisinsk silikon, varer i opp til fem år og skal vere heilt trygg å bruke. Den kjem med ein praktisk tøypose som ein kan ha den i, når den ikkje er i bruk.

Ein kan ha koppen i i 8-12 timar om gongen. Det mjuke materialet gjer at koppen formar seg etter kroppen og du kan drive yoga, springe, hoppe, svømme og danse utan at det er eit problem.
Koppen kjem i to størrelsar, ein for dei som ikkje har født vaginalt (str. A) og ein for dei som har født vaginalt (str. B). Det einaste du må passe på, er å sterilisere den i kokande vatn i starten av kvar menstrasjon, før du tek den i bruk. Under perioden, skyller du den berre under springen når du har tømt den, før du set den inn igjen. Dette var den delen eg var mest skeptisk til, men det er mykje meir lettvint og udramatisk enn ein ser for seg.

Når du skal bruke den, folder du den saman som på biletet under, og set den inn. Når du skal ta den ut att, trekk du berre i enden. Fleire tips til korleis du skal sette den rett på plass og andre ting det er nyttig å vete om, finn du her.

Menskopp er kort og godt enklare, meir økonomisk og betre for miljøet enn tampongar og bind. No er den også eit tryggare alternativ, etter studien som undersøkte innhaldet i tamponger selde i Europa og USA.
Det er elles ikkje berre OrganiCup som produserer menskopp. Også Mooncup, Divacup og Lunette fører det same konseptet. Om du bur i Etne, har dei merket Belladot inne på Vitus apotek på Etne senter. Eg kjenner fleire som er nøgde brukarar av dei ulike merka, men eg har så langt berre testa ut OrganiCup. Eg er utruleg nøgd og kjem til å fortsette med den.
Dette er ikkje spons, men produkt kjøpt for eigne kronasjer. Dette er forresten eit fint gåvetips til dei som har alt! Eg har kjøpt fleire som eg kan gi bort.
Den grøne stien
Grøne tips
/
July 11, 2023
For ti år sidan hadde eg shoppestopp på klede og sko i eit heilt år, og det skulle endre forbruksmønsteret mitt meir enn eg ante. Eg var tidlegare enormt glad i å handle billeg og ofte. Skulle eg på eit julebord, kjøpte eg ny kjole. Stod eg foran sommarferien, kjøpte eg nye sommarklede. Samstundes kom kjensla av «å ha ingenting å ha på meg» igjen og igjen. Motivert av fleire journalistiske saker om skuggesidene ved moderne klesproduksjon og eit ønskje om å redusere eige forbruk både grunna økonomi og miljø, gjekk eg i gong.

Året vart gjennomført med fleire aha-opplevingar og lærdomar. Mange av dei har blitt til nye vaner og tankegongar. Ein av dei er forbrukarstien som eg har laga meg oppi hovudet. Den følgjer eg på automatikk kvar gong eg tenkjer at eg eller familien treng noko nytt. At den har spart meg for mange kroner, redusert antal ting som kjem over dørstokken og med dette, også redusert klimaavtrykket vårt, er sikkert. Andre goder med å ha ein slik mental sti, er at ein vert flinkare til å ta vare på det ein allereie har og også å dele det med andre.

Så, om du har lyst til å rydde deg ein grønare forbrukarsti, er her fem fine steg du kan ta. Kanskje kan du stoppe allereie på steg ein neste gong du treng noko nytt? Eller kanskje ender du opp med å kjøpe noko brukt eller leige, i ein situasjon du trudde det ikkje var mogleg?

Den grøne forbrukarstien
- Treng eg eigentleg dette?
Dette spørsmålet er nyttig å stille seg. Du som eg, veit at ting me brukar lite, er noko det ofte er flust av i ein heim. Om du er usikker på eit kjøp, sov på det. Overraskande ofte landar ein på eit nei. Dette spørsmålet er det mest effektive sparegrepet eg veit om.
- Har eg alternativ?
Det er mykje som kan erstattast med noko anna. Eit kjøkenhandklede kan fungere som babysmekke. Ei bok i bokhylla som du alltid har tenkt at du skal lese, kan bli ferielektyre, i staden for den vanlege pocketen du kjøper hjå Narvesen. Ein øydelagt duk kan bli klypt opp og sydd om til tøyserviettar. Tenk kreativt!
- Kan eg låne eller leige?
Om du berre treng gjenstanden for ein kort periode, er det ikke naudsynt å kjøpe. Sjekk med vener og kjende om dei har det du treng til låns eller leige. Sleng ut ein status på Facebook eller ein instastory på Intagram. Me likar å hjelpe kvarandre! Om du ikke får napp hjå kjensfolk, sjekk Finn.no eller Hygglo.
- Kan eg kjøpe brukt?
Det er godt mogleg nokon har svømmebriller eller ei reisetrille til sals OG bur i nærleiken slik at du rekk å få tak i det før du eventuelt reiser på ferie. Viss ikkje; skal du ein stad i Noreg, sjekk Finn.no, Tise og kjøp og sal-sider på Facebook der du skal! Kanskje kan du rett og slett svinge innom nokre kjekke folk ved reisemålet, vipse nokre kronasjer og få dei perfekte strandsandalane klare til bruk? På heimefronten, i kvardagen, har både Tise og Finn.no sørga for saumlause transaksjonar og sendingar. Det vert enklare og enklare å selje og kjøpe brukt. Og det som er nokon sin gråstein, er som oftast andre sitt gull.
- Kan eg handle nytt, i meir miljøvenleg form og/eller lokalt?
Det finst stadig nye, miljøvenlege alternativ på marknaden for det meste. Samstundes kan det somme gonger vere vanskeleg å orientere seg i kva som er grønnvaska ( ikkje så miljøvenleg som det marknadsfører seg som) eller faktisk meir bærekraftig. Difor, om du først skal handle nytt, vil eg like mykje slå eit slag for å handle hjå dei lokale butikkane og bedriftene. Utsalsstadene som er tufta på nokon sin draum, som skapar lokale arbeidsplasser, som bidrar til liv i norske bysentrum og bygder og som sponsar lokale idrettslag og festivalar, med meir. Om det ikkje først og fremst går direkte på bærekraft med omsyn til klima og miljø, bidrar ein til bærekraftige tettstadar og langt fleire verdiar enn om ein kjøper noko på Amazon.

Uggs for Vestlandet
Grøne tips
/
February 2, 2022
.jpeg)
Eg har fått brukt-nye vintersko i hus som fortener eit eige innlegg. Det er den mest geniale oppfinninga eg har vore borte i. Dei er som Uggs, -berre at designaren i forkant må ha vore på studietur til Vestlandet på vinterstid.
Då me fekk kvelp i hus, vart lufteturar på nattestid brått ein ny del av kvardagen. Å stupe ned i trange skinnstøvletter var inga enkel sak, og det enda litt for ofte med eit vått gonggolv som eg stod og vaska i halvsøvne. I desperasjon over å finne noko som var varmt men også enkelt å få på seg i ein fei, kom eg over Elin-modellen til Shepherd. Dei er som Uggs, men sug ikkje opp vatn som ein svamp. Skoa har glidelås bak, deilig varmt saueskinn på innsida og ein praktisk gummisåle som går langt opp på skoen rundt. Dette er det geniale. Grunna den, gjer det ingenting at sjølve skoen er i semska skinn og at ein bur på Vestlandet med våte vintrar. Den breie gummikanten held fukt ute. Eg har traska rundt i skoa til alle tider på døgeret, på alt frå slush-føre til snøføyk i minusgrader. Som oftast går eg barføtt i skoa og det er varmt og godt. Eg er så nøgd, at eg er freista til å kåre det til tidenes fotplagg, men eg skal la det få gå nokre månadar til.
-Men det de kan vete, er at desse skoa ikkje er dumme å sjå etter brukt. Dei er særs store i størrelsen, som gjer at mange går på eit bomkjøp og legg dei ut for sal att. Eg bruker vanlegvis førti i sko, men kjøpte størrelse 39 på Finn.no. Desse er gode og romslege til meg, så eg kunne ikkje hatt større.
Det var altså det; eit skotips til alle vestlendingar (eller andre) som saknar tørre og varme føter. Ein får trass alt ikkje gjort mykje klokt om ein er våt og kald på beina.
.jpeg)
Miild
Grøne tips
/
January 25, 2022
Eg har lenge sakna eit sminkemerke som ber Svanemerket i butikkane. Mange merke marknadsfører produkta med ord som "organic" eller "environmental friendly" men det er ikkje alltid så enkelt å skjøne i kva grad dei er meir miljøvenlege. Det fine med Svanemerket, er at produktet må oppfylle ei heil rekke kriterier, frå ingrediensar, til innpakking, produksjon og transport, for å nå opp til krava. Svanemerket har på mange måtar allereie "gjort jobben" for oss forbrukarar, og det kjennest trygt og godt.

Danske Miild er det første sminkemerket som har fått Svanemerket, og det siste året har eg testa fire av produkta deira. Eg kjøpte dei for eigne kronasjer i Vita sin nettbutikk, men Lyko har dei også inne. Eg veit ikkje om fysiske butikkar som har dei inne enda. På bileta kan de sjå at fleire av produkta snart er brukt opp, då det er over eit år sidan eg kjøpte fleire av dei. Eg nyttar ikkje sminke kvar dag, -og heller ikkje alt på ein gong, men dei har vore drøye i bruk.
Natural Mineral Powder
Me startar med det eg var lite nøgd med. Eg er glad i mineralpudder, men gjerne eit som dekker litt og smelter inn i huden. Dette mineralpudderet hadde liten dekkevne og såg nesten gjennomsiktig ut på huden. Det gav også ei veldig tørr kjensle, og produktet var ei stor skuffing. Eg har ikkje brukt det vidare, då det rett og slett ikkje fungerte og var ikkje behageleg å ha på. Dette kjem eg ikkje til å prøve igjen.
Natural Concealer Duo
Denne likte eg godt! Det at du har både ein rosanyansen og ein gulaktig nyanse, gjer at du kan bruke den litt her og der, same om du vil dekke over mørke ringar under augene eller raude prikkar. Denne har eg brukt kvar dag, og ofte utan noko meir i ansiktet. Denne kjem eg til å kjøpe igjen.

Natural Mineral Blush
Eg kjøpte den i nyansen 03 Rose Reverie. Den gav fine, roseaktige kinn og eg har snart brukt den opp. Eg er usikker på om eg kjem til å kjøpe den igjen, då eg likar best blushar som kan smørast på. Har eg ynskt at fargen skal sitte ei stund, har eg innimellom heller tatt litt leppestift og smurt på kinna, då denne blushen forsvinn etter ei stund. Men her går det først og fremst på om ein føretrekk blush i pudderform eller som ein kan smøre på. Miild har ikkje komt med leppestiftar enda, men om det kjem, kan det fort hende eg heller kjøper ein slik som eg kan bruke på både kinn og lepper.
Define Easome Mascara
Dette er nok den beste mascaraen eg har prøvd! Miild har fleire typar, og denne skulle vere for den som likar mindre volum og meir kvardagsleg utsjånad. Eg syns den gav akkurat passe volum, og den sit godt på sjølv om den ikkje er vannfast. Den smittar ikkje av og gir fine vipper gjennom heile dagen. Denne kjem eg definitivt til å halde meg til framover.
Miild har komt med fleire produkter, og har no også leppepennar, flytande foundation, augeskugge, eyeliner, kostar og hudpleieprodukt. Desse har eg ikkje prøvd enda, då eg anten ikkje har bruk for produkta i utgangspunktet, eller har produkt frå andre merke eg ikkje har gått tom for enda. Eg vil prøve fleire av Miild sine produkt etterkvart som eg bruker opp gamle, då det er kjekt å bruke mest mogleg svanemerka. Så, det var dagens overfladiske (men forhåpentlegvis nyttige) innspel om meir miljøvenlege produkt i badeskapet.
7 tips til miljøvenleg klesforbruk
Grøne tips
/
January 12, 2022
Etter Dagsrevyen sitt innslag om konsekvensane av klesindustrien i starten av veka, har det vore debattar og mykje fokus i sosiale medium. Det er bra! Det er tankevekkande at klesproduksjonen i verda forureinar meir enn fly- og skipstrafikken til saman. Samstundes er ifylgje NTNU heile 80% av utsleppa til privatpersonar i Noreg knyta til varene me kjøper. Eit høgt forbruk koster, -ikkje berre for lommeboka men også for kloden. Difor er eit smartare og lågare klesforbruk eit supert utgangspunkt når me skal seinke utsleppa våre!

Her er nokre tips:
1. Kjøp mindre. Me tek det mest keisame tipset først. Eg lovar deg at me kan ha det like artig og vere like fine sjølv om me seinker forbruket. Helsing tidlegare klesjunkie.
2. Få oversikt over det du har. Det er fort gjort å tenkje at ein ikkje har noko å ha på seg, -men kor ofte har me ikkje oppdaga noko i skapet som me hadde gløymt at me hadde? Veit ein kva ein har, minsker ein sjansen for bomkjøp, då ein veit betre kva ein nettopp ikkje treng meir av.

3. Ta vare på det du har. Som nemnt i innlegget om vinterjakka: det skal ofte overraskande lite til for å gjere eit klesplagg som nytt igjen. Følg smarte kontoar som @jointhefaebrik, @bananasandgreen, @myvisiblemend og @somrom på Instagram for sy- og fiksetips. Dei har eg lært mykje av og sjølv om eg på ingen måte er ei sydronning, er det mykje som kan fiksast med nål og tråd.
4. Arv/byt klede med andre. Den eine sin gråstein kan vere andre sitt gull. I klesskapet mitt er ein ullgenser frå ei venninne og ei skjorte frå ein kollega nokre av favorittane. Mykje av det eg ikkje brukte lengre er gitt bort til andre. Klede som sirkulerer og er i bruk får lågare og lågare klimabelastning, då dei reduserer sjansen for at eit nytt plagg blir kjøpt. Det er bra!
5. Kjøp brukt eller leig. Tise, Fretex og Finn.no er mine favorittstader å handle brukt, -i tillegg har eg hatt glede av klesleige hjå Fjong. Her er mange moglegheiter til å utvide klesskapet utan at det bidrar til utslepp.
6. Bruk fleire pengar på færre plagg. Kvalitet og haldbarheit kostar ofte litt meir enn dei rimelegare alternativa, så bruk gjerne same sum som før, -men på færre kjøp som varer lengre.
7. Gå for naturfiber og miljømerka tekstil. Då sparer me naturen for mikroplast og utslepp under produksjon.

Eg må på mi side i sving på Tise og Finn.no dei næraste vekene. Under renoveringa av huset i fjor, fekk voldsomt mange klesplagg på forunderleg vis statusen "arbeidsklede", då eg er ein slaur når det kjem til å skifte før malararbeid og anna. "Eg skal berre"..har betydd den sikre død (ihvertfall for kvardagsbruken) til både bukser, t-skjorter og genserar. Å sitte på heimekontor betrar heller ikkje situasjonen, då sjefen her er veldig uformell med omsyn til kleskode. Eg har mine tvil om at kombinasjonen pysjbukse og skjorte er innaføre når ein skal tilbake til kontorlandskapet.
Operasjon blomstereng
Grøne tips
/
Dyreliv
/
Hage
/
January 10, 2025
Her kjem det aller kjekkaste hageprosjektet i fjor. Det som gjorde meg opp over øyrene forelska, som gav auger og nase flust med sanseinntrykk og som attpåtil var nyttig!

I forbindelse med dreneringsprosjektet, fekk me også planert rundt åkeren der det var nokre bærbuskar me kunne tenkje oss å flytte samt nokre gamle jordhaugar. Dette området hadde vore litt "ingenmannsland" der det låg mellom åker og steingard. Det var ikkje ein naturleg stad å opphalde seg, kun ein stad ein gjekk i kanten av når ein skulle forflytte seg frå a til b i åkeren. Det var med andre ord den perfekte staden for ei blomstereng!
Me skrapte av topplaget av jorda, flytta bærbuskane til motsatt side av åkeren der dei andre bærbuskane var. Det er fint å samle dei og me fekk også tetta igjen nokre holer slik at det no er ei fin rekke med bærbuskar langs åkeren.

På toppen la me eit lag med skjellsand då markblomar likar sandhaldig jord.

Så spreidde eg det eg hadde av blomsterfrø. Først ein runde i mai, og så ein runde i slutten av juni då eg var usikker på om eg hadde sådd nok frø. Eg brukte ein kombinasjon av NIBIO sine frøblandingar for Sørvestlandet og ein pose blå linblomar frå Solhatt.


Litt etter litt byrja det å spire. Det vaks høgare og høgare med grøne vekster, og etterkvart byrja dei blå kornblomane å sprette fram.

Etterkvart vart det fullt fargebonanza og fullt insektliv i åkeren!




Det var heilt vidunderleg og me kunne høyre ei konstant summing frå enga. Vakkert og veldig nyttig på fleire vis!
Så kom hausten og eg skulle passe på å slå enga slik at den fekk riste av seg frø, og me kunne fjerne dei gamle blomane så jorda ikkje vart tilført meir næring. Blomane trivst best i næringsfattig jord, så skal ein gjere det heilt etter boka, skal enga slås på tampen av sesongen.
Gjorde eg det? Neidu! Ikkje denne sarte sjela. Eg utsette det stadig vekk då blomstringa fortsette hjå mange blomar og det var full aktivitet hjå insekta. Så eg utsette og utsette ...

..og no er me her. Under snølaget ligg den uslådde blomsterenga og eg lurar på korleis det kjem til å gå i år.

Er løpet køyrt? Strategien no er å slå den så snart det er snøfritt og frosten er borte. Det kan skje allereie i neste veke når det er meldt ti plussgrader(!), men uansett kjem eg nok til å tilføre meir blomsterfrø denne våren også. Korleis kan ein leve utan ei slik blomstereng me hadde i fjor? Den er heilt klart komen for å bli.
Det fine med blomstereng, er at ingen plass er for liten og ingen plass er for stor (viss me ser vekk frå kronene det kostar å kjøpe frø, eller tide det tek å samle frø). Naturvernforbundet Hordaland har ein veldig fin steg-for-steg-guide til korleis du går fram. Ei av årsakene til at insektbestanden går ned, er rett og slett at det vert lengre og lengre mellom matfata. Let me vegkantar, enger og andre felt gro til, legg me til rette for at insektene får det dei treng. Rett og slett eit superlokalt miljøtiltak!