Føredragsøndag
Hotellkrossen
/
January 16, 2023

Før jul fekk eg førespurnad om eg kunne prate om renoveringsprosjektet vårt i 2021 som del av ei føredragsrekke hjå Haugalandmuseet. Det ville eg sjølvsagt gjere, då det overordna temaet var klima og berekraftig bygningsvern. Eit meir interessant tema skal du leite lenge etter!

Eg hadde mykje på hjarta, men snakka i hovudsak om kva for nokre tiltak me gjorde for å gjere huset meir energieffektivt. Då me sette i gong med renoveringa i 2021, var det først og fremst grunna bukomfort me ynskte å gjere grep på huset. Me var som dei fleste nordmenn på det tidspunkte vande med billeg straum og forutsigbare straumrekningar. Ved å etterisolere og installere vassbåren varme, var målet å få ein jamnare innetemperatur og lågare varmetap. Som sagt, så gjort men då me flytta inn i januar 2022, skaut straumprisane i veret. Sidan har dei vore høge og me er ekstra takksame for tiltaka me gjorde.

Me gjorde i hovudsak fire tiltak for å gjere huset meir energieffektivt og dei har eg skrive om her. Under føredraget var eg også innom bakgrunnen til huset og litt om konfliktane me møtte på mellom det å bevare og det å velje dei meir moderne, og meir energieffektive løysingane, -for det er ikkje alltid like klart kva som er det rette valet med omsyn til klima og miljø. Ved nokre korsvegar gjekk me for å bevare, medan me ved andre valte det som ville føre til eit meir bærekraftig energibruk i det lange løp.

Det var utruleg kjekt å dele erfaringar frå 2021, som var eit lite eventyr. Eg gjer det gjerne igjen, både renoveringa og å snakke om det!