GLITTER OG GRØNSKE

Kven er klimavinnaren tur-retur Oslo?

Reise

/

No items found.

May 20, 2024

Kor mykje Co2-sparer ein om ein vel langdistansebuss foran fly? Er det ein prisskilnad og korleis er tidsbruken? Og komforten? Korleis står det til med den? Dette sjekka eg for nokre helgar sidan, då eg reiste tur-retur Etne-Oslo, med Haukeliekspressen.

Foto: Øyvind Berg.

I tenåra reiste eg ofte med denne bussen, då eg besøkte familie i Lier og Oslo. No var det lenge sidan, då me som oftast brukar bil når me reiser heile familien i den retningen. No, då eg skulle reise aleine, var det eit supert tidspunkt for å gjenoppdage bussen (som eg hadde høyrd gjetord om at var blitt hypermoderne og hyperkomfortabel!)

Co2-utslepp

Me startar med hovudspørsmålet først: kva er skilnaden på Co2-utsleppa? På nettsida Klimatsmart semester, kan ein legge inn reiser i kalkulatoren og få ein oversikt over kor store utslepp dei ulike transportmidla brukar.Eg la først inn 1 person, tur-retur Etne-Oslo, med overnatting i to netter.

Illustrasjon: Klimatsmartsemester.se

Som ein kan sjå ut av illustrasjonen, er buss den nest mest miljøvenlege transportmåten, kun passert av elbil. Reiser eg aleine, er dieseldriven bil overraskande nok det minst miljøvenlege. Likevel, fly har eit utslepp på 80 kg Co2 per person, noko som er betrakteleg høgare enn 18 kg/p med buss. Om ein aukar talet på reisande til to eller fleire, vil utsleppa med bil (både elbil og dieselbil) reduserast ytterlegare og bli lågare enn fly, då utsleppet til bilen vert fordelt på fleire personar som forflyttar seg.

Men. Om ein reiser aleine og valet står mellom buss og fly, er buss heilt klårt mest miljøvenleg. Buss fører til mindre enn 1/4 av utsleppa til fly.

Pris

Foto: unsplash.com

Då eg skulle bestille bussbillett, sjekka eg prisane på fly parallelt. Eg tok utgangspunkt i at eg skulle kunne reise frå Etne til same tidspunkt på fredagen, kl. 11.30, uansett om eg nytta buss eller fly. Likeså skulle eg vere heime att innan kl. 21.00 på søndagen.

For Haukeliekspressen betalte eg til saman 1251 kr for tur-retur Oslo. I prisen hadde eg også lagt til ei "sitt aleine-avgift" på kr. 317,98 kr slik at setet attmed meg var ledig heile turen. Då kunne eg sove, jobbe og breie meg så mykje eg ville. Det var ikkje behov for betalt transport til eller frå busstoppane.

Den billegaste flyreisa innanføre det same tidsrommet, Haugesund - Oslo, kom på 3752 kr. Då hadde eg lagt til handbagasje (2x200 kr) med i prisen begge vegar. I tillegg måtte eg ha betalt for togreise frå Gardermoen inn til Oslo, tur-retur. Samt evt. lading av elbil som vart brukt til og frå flyplassen.

Her vart prisen for buss 1/3 av prisen på flyreise. Og då var ikkje supplerande transport til fly tatt med. Buss vart dermed langt rimelegare enn fly.

Tid

Foto: unsplash.com

Eg reiste med Haukeliekspressen kl. 11:30 frå Etne. Då jobben min ligg like ved, spaserte eg berre bort til busstoppet fem minuttar før. Bussen var framme 18:05 på Lysaker kor systra mi henta meg. Heimturen varte omtrent like lenge, men då tok eg bussen frå Oslo bussterminal. Turen starta 13:55 og eg var i Etne 20:35. Ei reise varte omtrent 6 timar og 35 minutt.

Om eg hadde tatt fly, ville reiseruta mi til Oslo sett omtrent slik ut:

1 time og 10 minutt (bil til flyplassen)
30 minutt (tid til innsjekk og vente på ombordstiging)
50 minutt (flyreise Haugesund-Oslo)
30 minutt (tid som går med til avstiging, å flytte seg frå fly til tog mm).
35 minutt (tog Gardermoen-Lysaker)
=3 t og 35 minutt.

Viss ein tek utgangspunkt i denne tidsbruken, tek buss ganske så nøyaktig 3 timar meir enn fly. Det er difor meir tidskrevjande å velje denne reisemåten.

Komfort

Foto: unsplash.com

Eg hadde som sagt høyrt gjetord om toetasjars buss, seter som var enorme, panoramautsikt med meir. Dette fekk eg ikkje oppleve, då ein eldre busstype vart brukt på begge strekningane den helga. Vurderinga av komfort er nok difor ikkje heilt oppdatert, då den ikkje tek utgangspunkt i dei nyaste bussane. Men eg var likevel ikkje skuffa!

For det første var det veldig behageleg å kunne rusle i roleg tempo frå jobb, bort til busstoppet utan å lure på om det var mykje trafikk til flyplassen, om eg var ute i god nok tid mm. Bussen kom til tida, og eg fann raskt plassen min som var merka med reservert.

Eg åt medbragt lunch og drikke, og sovna like etterpå. Setene var såpass komfortable at eg duppa gjentatte gonger av heilt til Åmot, som er halvvegs! Der var det ein halvtimes stopp på kafèen og eg drakk kaffi og nikosa meg i sola. Resten av turen brukte eg til å ferdigstille ein presentasjon og lytte til podcasts. Brått var eg på Lysaker og turen kjendes uvanleg kort! Heimturen kjendes litt lengre ut, men det gjer den alltid uansett transportmiddel. Det var ingen ting feil med verken komfort eller anna ved turen.

For ein type som meg som blir stressa av tanken på å ha for dårleg tid, så var bussreisa ein veldig behageleg måte å reise på. Når du ikkje deler reisa opp i fleire transportetappar, finn ein lettare roen og kan nyte turen. Noreg er eit postkortvakkert land, og i mai kan du sjå alle årstider gjennom vindaugene. Det er ei oppleving i seg sjølv!

I spørsmålet om komfort, er nok smaken som baken, men eg held ein knapp på buss. Det gir meg litt same kjensla som å reise med tog, at eg får oppleve meir og får ei større kjensle av å reise gjennom eit land, enn når eg flyr høgt over det på kort tid.

Konklusjon

Samla sett vert det 3-1 til bussen når den konkurrer med fly. Den er den udiskutable vinnaren når det kjem til Co2-utslepp og pris, og kan (etter mitt syn) også gi sterk konkurranse på komfort. Når det kjem til tid, er fly utan tvil best. Spørsmålet er, er det nok?

Ingen innlegg i denne kategorien akkurat nå…
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.