Operasjon blomstereng
Hage
/
Grøne tips
/
Dyreliv
/
January 10, 2025
Her kjem det aller kjekkaste hageprosjektet i fjor. Det som gjorde meg opp over øyrene forelska, som gav auger og nase flust med sanseinntrykk og som attpåtil var nyttig!

I forbindelse med dreneringsprosjektet, fekk me også planert rundt åkeren der det var nokre bærbuskar me kunne tenkje oss å flytte samt nokre gamle jordhaugar. Dette området hadde vore litt "ingenmannsland" der det låg mellom åker og steingard. Det var ikkje ein naturleg stad å opphalde seg, kun ein stad ein gjekk i kanten av når ein skulle forflytte seg frå a til b i åkeren. Det var med andre ord den perfekte staden for ei blomstereng!
Me skrapte av topplaget av jorda, flytta bærbuskane til motsatt side av åkeren der dei andre bærbuskane var. Det er fint å samle dei og me fekk også tetta igjen nokre holer slik at det no er ei fin rekke med bærbuskar langs åkeren.

På toppen la me eit lag med skjellsand då markblomar likar sandhaldig jord.

Så spreidde eg det eg hadde av blomsterfrø. Først ein runde i mai, og så ein runde i slutten av juni då eg var usikker på om eg hadde sådd nok frø. Eg brukte ein kombinasjon av NIBIO sine frøblandingar for Sørvestlandet og ein pose blå linblomar frå Solhatt.


Litt etter litt byrja det å spire. Det vaks høgare og høgare med grøne vekster, og etterkvart byrja dei blå kornblomane å sprette fram.

Etterkvart vart det fullt fargebonanza og fullt insektliv i åkeren!




Det var heilt vidunderleg og me kunne høyre ei konstant summing frå enga. Vakkert og veldig nyttig på fleire vis!
Så kom hausten og eg skulle passe på å slå enga slik at den fekk riste av seg frø, og me kunne fjerne dei gamle blomane så jorda ikkje vart tilført meir næring. Blomane trivst best i næringsfattig jord, så skal ein gjere det heilt etter boka, skal enga slås på tampen av sesongen.
Gjorde eg det? Neidu! Ikkje denne sarte sjela. Eg utsette det stadig vekk då blomstringa fortsette hjå mange blomar og det var full aktivitet hjå insekta. Så eg utsette og utsette ...

..og no er me her. Under snølaget ligg den uslådde blomsterenga og eg lurar på korleis det kjem til å gå i år.

Er løpet køyrt? Strategien no er å slå den så snart det er snøfritt og frosten er borte. Det kan skje allereie i neste veke når det er meldt ti plussgrader(!), men uansett kjem eg nok til å tilføre meir blomsterfrø denne våren også. Korleis kan ein leve utan ei slik blomstereng me hadde i fjor? Den er heilt klart komen for å bli.
Det fine med blomstereng, er at ingen plass er for liten og ingen plass er for stor (viss me ser vekk frå kronene det kostar å kjøpe frø, eller tide det tek å samle frø). Naturvernforbundet Hordaland har ein veldig fin steg-for-steg-guide til korleis du går fram. Ei av årsakene til at insektbestanden går ned, er rett og slett at det vert lengre og lengre mellom matfata. Let me vegkantar, enger og andre felt gro til, legg me til rette for at insektene får det dei treng. Rett og slett eit superlokalt miljøtiltak!
Drenering med suksess
Hage
/
December 26, 2024
På tampen av året tenkte eg eg skulle kike tilbake på nokre av prosjekta me har hatt i hagen dette året, og me startar med det aller største! Gjentatte gonger har me fått ein eigen dam i hagen, då jorda ikkje klarar å svelge unna vassmengdene som kan komme i tyngre nedbørsperiodar.


Det er upraktisk på fleire vis, så me sette i gong med eit dreneringsprosjekt. Eller eit "skjult" dreneringsprosjekt om du vil.
Me har mange gonger sakna ein fast stad for langbord i hagen. Kva om me kunne kombinere ein uteplass og "sluk" for alt overskotsvatnet?

Etter å ha fundert litt fram og tilbake, kom me fram til at me skal gradvis dele hagen inn i ulike soner, der ei av dei er området med plen mellom eplehagen og austsida av huset. Der stod det kun ei tørkesnor, eit kvadratisk steinbord og nokre nypebuskar. Det har vore ein fin plass å drikke kaffi, men bordet har vore litt for lågt for middagsmåltid og større lag. Me teikna området opp og la inn eit eige areal for sittegruppe og drenering.
Det første me gjorde var å merke opp området me ville grave opp. Semulegryn gjorde susen som merking.

Så kom dyktige Kjell Kaldheim med gravemaskin og dumpers og gravde av det øverste laget av jorda, samt flytta nypebuskane. Steinbordet og tørkestativet hadde me plassert trygt på nye stader.

Etter at han først hadde lagt eit tjukt lag med pukk, og så litt singel, la me ein tjukk fiberduk over området. Då held me graset lettare unna. På toppen la me eit lag med småsingel. Me tenkte at me då var ferdige, heilt til...

me fekk eit innfall dagen før me skulle ha open hage i samarbeid med Etne hagelag! Brått måtte me legge skiferheller på toppen av singelen. Kvifor må eg komme tilbake til, men det vart uansett eit klassisk "best under press-prosjekt" der me i hui og hast fekk dekka plassen med skiferheller og justert dei slik at det var nokonlunde i vater før den store dagen.

Systra mi Mari var min medkompanjong og me er like gode på verneutstyr begge to.

Dagen etter var plattingen på plass og Etne viste seg frå si beste side. Heilt i rute for det som skulle bli ein makalaus hagefest! Den må må me mimre tilbake til ein annan dag. Ein kan skimte helleplassen i midten på biletet til høgre for drivhuset.

Så kom hausten og det var tid for å sette dreneringsprosjektet på prøve.

Det skulle vise seg å vere suksess. Då det kom kraftige nedbørsmengder over lengre tid i oktober, vart det verken pyttar eller flo i hagen. Me kunne trygt feire 5 x niårsdag i drivhuset.

Kanskje vil det bli annleis når det er tele i jorda, snøen smeltar og regnet kjem på toppen i mars-april? Det blir den endelege testen for dreneringsprosjektet. Me får vente i spenning.
Og til slutt: årsaka til at me la skiferheller på toppen av singelen var følgjande:
- då det var eit tjukt lag med pukk og singel, vart underlaget særs mjukt å både gå og sette møblar på. Singelen forsvann også inn i sandalar og utover plenen. Den var ikkje like praktisk som eg såg for meg.
- skiferheller er lunare enn singel. Om sola står på gjennom dagen, magasinerer hellene varme og det er lunt å sitte der også utover kvelden.
- me hadde flust med skiferheller! Heilt sidan dei reiv den gamle låven i 1985, har skifertaket frå den lege på lagring her på garden. Å kunne bruke det gamle låvetaket til noko praktisk og synleg som me har glede av kvar dag, er eit veldig kjekt gjenbruksprosjekt. Me går og sit eigentleg på det gamle låvetaket. Tenk på det!
Frå drivhus til utestove
Hage
/
October 26, 2024

Drivhuset er i full drift frå mai til oktober, men når den siste tomata er hausta, pleier me å lukke døra og la det stå til våren. Då tømmer me det, hiv bøtter med gamle tomatplanter som toppdekke på åkeren, vaskar ned drivhuset og flytter inn nye spirer som er forsådd inne.
I år gjorde me noko annleis for første gong. Me tømte drivhuset med ein gong sesongen var erklært for over og vaska det ned.

Seinhaustes, i vinter og tidleg vår, skal drivhuset fungere som utestove! Å ha litt meir tak over hovudet og ly for vinden, er noko me har snakka om fleire gonger at me skulle hatt. Skulle me bygd ei utestove, ein paviljong? Så kom tanken om at drivhuset eigentleg er den perfekte utestova. Den gir oss tomater om sommaren, og resten av året kan me med hjelp av varme uteklede og nokre ullteppe utvide hagesesongen betrakteleg.

Forrige torsdag opna me utestovesesongen med bursdag for fem fine frøkner. Me dekka langbord til tjueto niåringar og det fungerte kjempe godt. Det var ein ruskete haustettermiddag med regn i lufta, men drivhuset gav ly då dei skulle sitte i ro. Etterpå var det trampoline og leiking ute men då alle var godt kledde, var det ingen frostpinnar å sjå.

Med pynt frå hagen, dei trufaste stripedukane, quiz, kake og grilling av s'mores til dessert, vart det ein kjempefin kveld.

Kjøkenhagen i juli
Hage
/
July 24, 2024

No i juli har kjøkenhagen heime eksplodert. Det veks som det knakar både i matvekster og blomstereng (ohoi, blomsterenga må me snakke meir om seinare!).
I plantekassane nærast hagen, har me eit Maria Berg Hestad-prosjekt. Då ho hadde foredraget sitt Matauk i pallekarm i Etne i vinter, kjøpte eg den store pakken med frø til alle 12 pallekarmane ho har i boka. Me har ikkje fulgt såprogrammet som er skildra i boka 100%, då noko av det som skal dyrkast vert allereie dyrka andre stader i åkeren. Likevel har det vore artig å sjå korleis ein kan utnytte ein pallekarm best mogleg ved å så og hauste fleire sortar til ulike tidspunkt gjennom sesongen.
I juli har me hausta reddik, gulrøtter, salat, urter, betar, brokkoli og grønkål frå desse pallekarmane. No på slutten av månaden skal me også ta opp dei første sommarpotetene.

Elles i åkeren er det meir gulrøter (i plantekassar), sukkererter i mengder, kvitlauk, lauk, grønkål, raudbetar, salat og pak choi som me et no.












Mykje et me ferskt som det er, og fleire sortar som gulrot, salat, reddik og betar til dømes, har me ikkje meir av enn at det er nok til forbruket vårt her og no. Grønkålen held seg heilt fin i åkeren fram til frosten kjem, så den kan ein like gjerne la stå om ein har lyst på grønkål også utover hausten.
Likevel er det nokre saker eg likar å foredle i juli.
- Bær som rips, bringebær, blåbær og multer som me anten har i hagen eller sankar i skog og på fjell, frys eg anten heile ned i mjølkekartongar, lagar saft eller likør av. Safta frys eg ned på glas, medan likøren held seg fint i tørt og tett Norges-glas i kjøleskap eller jordkjellar.
- Kronblada til ringblomen og blomane til agurkurten tørkar eg og brukar til kakepynt gjennom året. Det er både vakkert og nyttig!
- Graslauken klypper eg ned og finhakkar fleire gonger gjennom sesongen. Eg let det tørke på eit steikebrett i romtemperatur nokre dagar før eg har det på eit tett glas til bruk i sausar og gryter.
- Urter som oregano og mynte tørker eg til bruk som krydder og te. Då kan ein fint klippe bukettar, knyte dei saman og henge opp ned til tørk. Oppbevar på lufttett boks fram til det skal nyttast.
Ei hagehelg i godt selskap
Hage
/
April 29, 2024
I helga vann Etne hagelag prisen for Årets hagelag i Noreg! Det er kjempestort og veldig stas for oss som sit i styret. Eg, Marta og Sigrid frå styret møtte opp på Quality Hotel Gardermoen for å ta i mot prisen. Den var på femtusen kroner, eit bilete, heider og ære.

Då eg vart spurt om å vere med i styret for to år sidan, var første tanken at "dette har eg ikkje tid til". Men sidan det var så kjekke damer som sat i styret, og dei haldt på med så mykje spanande, klarte eg ikkje å takke nei. Det er eg veldig glad for!
Å jobbe med andre i ulike aldrar og med ulike bakgrunnar, der ein har ei stor felles interesse og eit ønskje om å lage gøyale og nyttige møteplassar for andre, er gull! I staden for å bli "nok eit punkt på lista", har dette vervet blitt ei stadig vitamininnsprøyting i kvardagen.

Dette var ein goodiebag etter min smak. Den innehaldt mellom anna ein georgineknoll!

Søndag morgon var me bedne om å halde ein presentasjon med "våre suksesshistoriar". Eg tok ein gjennomgang av kva me trur me gjer rett i drifta av hagelaget. På tre år har me tredobla medlemstalet og me er stort sett fullbooka på arrangementa, same om dei er for 20 eller 200 personar. Det må kallast ein suksess!

Me vart fotograferte av hyggelege Frøydis, journalist i Hagetidend. Ho hadde på førehand laga ei fin-fin sak med styreleiaren vår, Marta, som de kan lese her.

Før eg bussa heim att over fjellet, vart det tid til lunch saman med syster, svoger og tanteborn Liv. Me åt på Kumi Oslobukta og brunchen der kan varmt anbefalast!
Fred på ein fredag
Hage
/
February 11, 2022

Vekene flyg om dagen og før eg får snudd meg er det fredag att. Tacomiddagen er overstått med energiske og glade ungar som boblar over av energi, medan me vaksne treng ein kaffikopp for at ikkje kroppen skal sovne over middagstallerkenen. Kjøkenbenken er overfylt av skitne glas og koppar. Eg bør ta den oppvasken med ein gong så den ikkje blir ståande. Hunden bjeffar og vil leike. Han burde vore lufta ein skikkeleg tur. Borna diskuterer høglytt det som skjer på skjermen. Burde me ikkje sette oss ned og sjå noko saman i kveld? På toppen kverner gjeremålslista for alt som burde blitt gjort i veka. Mange punkt vart haka av, men igjen står det fleire att. Kverna går.
Så løfter eg blikket og ser det framleis lavar ned ute. Eg dreg på meg jakka, trør føtene barfot ned i skoa og lukker døra til liv og røre bak meg. Ute er det heilt tyst. Det er som om snøen har lagt ei lyddempande dyne over bakkar, tre og bygningar. Berre ljoset som flaumer ut av husa gir teikn av liv. Eg skrur på sansane. Lytter etter lydar og kiker på det som er rett foran meg medan eg traskar rundt i hagen. Syrinhortensiaen står med tunge, snødekte greiner. Om somaren har den lodne, kvite blomeklasar. Når nøyaktig byrjar den å blomstre att? Fuglemataren er nesten tom etter at sultne småfuglar har vore på besøk. Var det enda ein fuglesort eg såg i dag då eg stod og laga middag? I eplehagen er hjortespora viska vekk av av den nye snøen. Hjort og rådyr kjem stadig på besøk på nattestid på leit etter noko å ete. Det kom så mange eple i fjor at me ikkje rakk å plukke alt, så eg raka det som vart dårleg i ei stripe ned mot bøen. Der har dei gått og ete heile hausten, og framleis kjem dei tilbake. Vil det komme like mange eple i år? Nokon har ete av haustblomen som står på steinbordet. Er det hjorten som har ete av den også? Plenen foran huset er enn så lenge urørt av føter og alt ser ut som eit julekort frå femtitalet. Var alt betre før, -eller har me det ikkje i grunn enda betre no?
Etter nokre minutt kjem brått ein blenkande traktor fossande langs vegen. Brøytemannskapet er ute for å sikre vegane. Eg vert reve ut av mi eiga verd, men det gjer ingenting. Ulike bøyingar av ordet "bør" har ein augenblink vore byta ut med rein undring. I hovudet er det ein ny fred, på eit vis som ingen mindfulness-app i verda kan bringe fram.

Den grådige austavinden
Hage
/
January 15, 2022
Her på Rygg, er det ikkje nordavinden me er mest på vakt for. Austavinden derimot. Der har du ein vind som både er lunefull og grådig. Når den kjem, røskar den tak i alt den rekk over og tek det med seg så langt den kan. Hagemøblar, blomsterpotter, store greiner og drivhustak er noko av det som har måtte bøte med livet etter reale vindkast. Den slit på austveggane på husa, så dei oftare treng eit ekstra malingsstrøk enn dei andre.

I haust har austavinden hatt litt ekstra den kan ta med seg. Sjølv om me har rydda og køyrt bort byggeavfall det me har klart, har det aldri likevel blitt heilt tomt. Det har ført med seg at deler av byggeavfallet har blitt spreidd utover bøar, tun og hage.
Då det har gnegd skikkeleg på samvitet den siste tida, hadde eg meg ein real rydderunde i går og finkjemma alle bøane for plastbetar, isolasjonsrestar, og anna eg fann på vegen. Ein ting er at det ikkje er like stas med eit ferdig hus viss me har forureina rundt oss, men like bekymra er eg for at boss skal hamne i dyreforet, då dei nyttar bøane våre til grasproduksjon. Heldigvis hadde bringebærris og steingardar fungert som eit sikkerhetsnett for mykje av det som var tatt av vinden, så til slutt hadde eg fyllt to avfallssekkar. Til våren tek me ei ny ryddeøkt før graset byrjar å spire, så me er sikre på at me får med oss alt som er komt med vinden gjennom vinteren. Austavinden er på det mest ivrige på denne tida av året.

Det vekslande veret på Vestlandet blir ofte dratt fram som eit dårleg side ved landsdelen, men ofte er det også ein skikkeleg fordel! Etter veker med snø, holke og isregn, klårna det brått opp i dag. Det var full fuglesong og beint fram vår i lufta. Midt på dagen kom i lita snøbyge, men den var over like raskt som den starta. Då jorda berre var frosen heilt øverst, kunne eg grave ned ein bokashidunk som var ferdigfermentert for mange veker sidan.
.jpeg)
Å gå ut på føremiddagen og pusle med ulike oppgåver, plukke boss, grave i jorda, hive inn ved, -kun avbrote av nokre kaffipausar, er fine saktedagar som fyller godt på energilagra. Då kvelden kom, ville eg nesten ikkje gå inn for det gjorde så godt å vere ute. I morgon skal eg spa ned ein del blomelaukar eg kjøpte på seinsomaren, men som eg ikkje har fått i jorda. Det er enda ikkje for seint, -så kanskje kan me få nokre vakre allium i bedda i juni. Eg lever i håpet.
Den tilgivande hagen
Hage
/
January 11, 2022

November og desember har ført med seg frost og snø som kjem og går. Hagen ligg i vinterdvale etter ein sesong der den fekk lite merksemd. Me spadde opp gamle stauder frå bedda foran huset for at byggeavfall og anna som vart transportert ut av vindauger og dører ikkje skulle ta knekken på dei. Me laga eit ventebed borte ved Leifenhuset og håpar staudene klarar seg og kan flyttast tilbake til våren. Elles vart hagen kraftig nedprioritert. Ugras fekk vekse fritt og plenen vart stadig klypt i siste liten.

Åkeren var på si side i full drift i sommar men det var eine og aleine takka vere mor mi, som er gartnarmentoren min. Medan me jobba mest innomhus, sørga ho for at alt kom i jorda til rett tid, vatna, gjødsla, hausta og laga eit ukjend tal middagar til oss, når tida vår ikkje heilt strakk til. No er det kun grønkål, svartkål og purre som kan haustast, men det er stas å framleis ha mat i åkeren. Grønkålen mister litt av den bitre smaken når den vert utsett for frost, og smakar enda betre.


Det fine med ein hage, er at du alltid får ein ny sjans om du eit år har latt den gå for lut og kaldt vatn. Våren byr på blanke ark og nye kort på hand. I vinter skal eg ta fram skisseblokka og teikne opp hagen, lage oversikt over kva som veks, fundere på om noko bør flyttast, om me skal endre litt på nokre bed og kva me skal tilføre. Å ha ein hage er eit evighetsprosjekt og det er berre fint. Medan renoveringsprosjektet i huset har gått i turbofart, skal hagen vere eit sakteprosjekt der me skal ta oss tid til å nyte og tenkje undervegs. Her skal det rett og slett gå i snegletempo.