GLITTER OG GRØNSKE

Den grådige austavinden

Hage

/

No items found.

January 15, 2022

Her på Rygg, er det ikkje nordavinden me er mest på vakt for. Austavinden derimot. Der har du ein vind som både er lunefull og grådig. Når den kjem, røskar den tak i alt den rekk over og tek det med seg så langt den kan. Hagemøblar, blomsterpotter, store greiner og drivhustak er noko av det som har måtte bøte med livet etter reale vindkast. Den slit på austveggane på husa, så dei oftare treng eit ekstra malingsstrøk enn dei andre.

I haust har austavinden hatt litt ekstra den kan ta med seg. Sjølv om me har rydda og køyrt bort byggeavfall det me har klart, har det aldri likevel blitt heilt tomt. Det har ført med seg at deler av byggeavfallet har blitt spreidd utover bøar, tun og hage.

Då det har gnegd skikkeleg på samvitet den siste tida, hadde eg meg ein real rydderunde i går og finkjemma alle bøane for plastbetar, isolasjonsrestar, og anna eg fann på vegen. Ein ting er at det ikkje er like stas med eit ferdig hus viss me har forureina rundt oss, men like bekymra er eg for at boss skal hamne i dyreforet, då dei nyttar bøane våre til grasproduksjon. Heldigvis hadde bringebærris og steingardar fungert som eit sikkerhetsnett for mykje av det som var tatt av vinden, så til slutt hadde eg fyllt to avfallssekkar. Til våren tek me ei ny ryddeøkt før graset byrjar å spire, så me er sikre på at me får med oss alt som er komt med vinden gjennom vinteren. Austavinden er på det mest ivrige på denne tida av året.

Det vekslande veret på Vestlandet blir ofte dratt fram som eit dårleg side ved landsdelen, men ofte er det også ein skikkeleg fordel! Etter veker med snø, holke og isregn, klårna det brått opp i dag. Det var full fuglesong og beint fram vår i lufta. Midt på dagen kom i lita snøbyge, men den var over like raskt som den starta. Då jorda berre var frosen heilt øverst, kunne eg grave ned ein bokashidunk som var ferdigfermentert for mange veker sidan.

Å gå ut på føremiddagen og pusle med ulike oppgåver, plukke boss, grave i jorda, hive inn ved, -kun avbrote av nokre kaffipausar, er fine saktedagar som fyller godt på energilagra. Då kvelden kom, ville eg nesten ikkje gå inn for det gjorde så godt å vere ute. I morgon skal eg spa ned ein del blomelaukar eg kjøpte på seinsomaren, men som eg ikkje har fått i jorda. Det er enda ikkje for seint, -så kanskje kan me få nokre vakre allium i bedda i juni. Eg lever i håpet.

Laster kommentarer...
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.