GLITTER OG GRØNSKE

7 tips til miljøvenleg klesforbruk

Grøne tips

/

No items found.

January 12, 2022

Etter Dagsrevyen sitt innslag om konsekvensane av klesindustrien i starten av veka, har det vore debattar og mykje fokus i sosiale medium. Det er bra! Det er tankevekkande at klesproduksjonen i verda forureinar meir enn fly- og skipstrafikken til saman. Samstundes er ifylgje NTNU heile 80% av utsleppa til privatpersonar i Noreg knyta til varene me kjøper. Eit høgt forbruk koster, -ikkje berre for lommeboka men også for kloden. Difor er eit smartare og lågare klesforbruk eit supert utgangspunkt når me skal seinke utsleppa våre!

Her er nokre tips:

1. Kjøp mindre. Me tek det mest keisame tipset først. Eg lovar deg at me kan ha det like artig og vere like fine sjølv om me seinker forbruket. Helsing tidlegare klesjunkie.

2. Få oversikt over det du har. Det er fort gjort å tenkje at ein ikkje har noko å ha på seg, -men kor ofte har me ikkje oppdaga noko i skapet som me hadde gløymt at me hadde? Veit ein kva ein har, minsker ein sjansen for bomkjøp, då ein veit betre kva ein nettopp ikkje treng meir av.

3. Ta vare på det du har. Som nemnt i innlegget om vinterjakka: det skal ofte overraskande lite til for å gjere eit klesplagg som nytt igjen. Følg smarte kontoar som @jointhefaebrik, @bananasandgreen, @myvisiblemend og @somrom på Instagram for sy- og fiksetips. Dei har eg lært mykje av og sjølv om eg på ingen måte er ei sydronning, er det mykje som kan fiksast med nål og tråd.

4. Arv/byt klede med andre. Den eine sin gråstein kan vere andre sitt gull. I klesskapet mitt er ein ullgenser frå ei venninne og ei skjorte frå ein kollega nokre av favorittane. Mykje av det eg ikkje brukte lengre er gitt bort til andre. Klede som sirkulerer og er i bruk får lågare og lågare klimabelastning, då dei reduserer sjansen for at eit nytt plagg blir kjøpt. Det er bra!

5. Kjøp brukt eller leig. Tise, Fretex og Finn.no er mine favorittstader å handle brukt, -i tillegg har eg hatt glede av klesleige hjå Fjong. Her er mange moglegheiter til å utvide klesskapet utan at det bidrar til utslepp.

6. Bruk fleire pengar på færre plagg. Kvalitet og haldbarheit kostar ofte litt meir enn dei rimelegare alternativa, så bruk gjerne same sum som før, -men på færre kjøp som varer lengre.

7. Gå for naturfiber og miljømerka tekstil. Då sparer me naturen for mikroplast og utslepp under produksjon.

Eg må på mi side i sving på Tise og Finn.no dei næraste vekene. Under renoveringa av huset i fjor, fekk voldsomt mange klesplagg på forunderleg vis statusen "arbeidsklede", då eg er ein slaur når det kjem til å skifte før malararbeid og anna. "Eg skal berre"..har betydd den sikre død (ihvertfall for kvardagsbruken) til både bukser, t-skjorter og genserar. Å sitte på heimekontor betrar heller ikkje situasjonen, då sjefen her er veldig uformell med omsyn til kleskode. Eg har mine tvil om at kombinasjonen pysjbukse og skjorte er innaføre når ein skal tilbake til kontorlandskapet.

Laster kommentarer...
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.