Kvinne, skam deg?
Samfunn
/
September 12, 2022

Å vere sjukemeld grunna svangerskap har fått meg til å gruble på ei særskild sak den siste tida.
Dei to forrige gongene eg har gått ni månadar gravid, har eg hatt få plager, vore i full jobb, trent store deler av svangerskapet og alt har gått som smurt. Eg har kjend meg så frykteleg flink. Stemma i hovudet har ropt: «Yes! Eg kan gå på jobb og levere på lik linje med mannlege kollegaer OG produsere eit nytt menneske samstundes! Sjå på oss ressurssterke kvinner folkens!»
Denne gongen har svangerskapet vore heilt annleis. Babyen ser ut til å ha det topp, men kroppen og helsa mi er rufsete. Kroppen gir stadig teikn på at den ikkje syns det er heilt topp å vere gravid, og eg er blitt sjukemeld med beskjed om å ta det piano. Og eg kjenner på skam. Eg kjenner ubehag over at sjølv om hovudet vil på jobb, så heng ikkje kroppen med. Eg skammar meg over at eg ikkje klarar det stemma i hovudet meiner eg burde klare.
Kvifor kjende eg på ein enorm stolthet då eg klarte å kombinere jobb og svangerskap i ni mnd og skam når eg ikkje klarar det?
Noko av svaret ligg nok delvis i ein del medieoppslag dei siste åra med ein tematikk som ser ut til å dukke opp med jamne mellomrom i den norske samfunnsdebatten.

Eg og mannen min gjekk ut i arbeidslivet samstundes, har betalt skatt i like mange år men av logiske årsaker er det kun eg som kan bære fram eit felles, ynskja born, -med den konsekvens at det er kvinneandelen i sjukefråversstatistikken som aukar dersom det oppstår svangerskapsplager, trass i at det er eit felles «prosjekt».
Medan det at nordmenn skal lage fleire born er ein ynskt politikk frå flere hald (ref. mellom anna dåverande statsminister Erna Solberg sin nyttårstale 1. januar 2019), vert norske kvinner sitt sjukefråver og kostnad i statsbudsjettet jamneleg sett under lupa i media.
Det er ein dobbeltmoral ute og går, der det kan verke som om det ikkje heilt er samanheng mellom realitet og ambisjonsnivå i norsk samfunnssliv. Kvinner sitt inntog i det norske arbeidslivet har vore ein stor gevinst for både kvinner, menn og statskassa. Likevel ser det av og til ut som om me gløymde ein viktig del på vegen og at rommet for å vere nettopp kvinner er blitt mindre. Me skal gå på jobb, helst jobbe fullt og levere som ein mann utan eggstokkar, samstundes som me parallelt også skal forsøke å bli gravide, gå gjennom heile (eller stå i avbrotne) svangerskap og til slutt føde og amme. Det er ikkje rart at kvinnekroppen er utsett for meir slitasje enn ein mannskropp, men somme gonger kan det verke som om dette er noko som skal dyssast ned.
Norske kvinner sitt sjukefråver er ikkje kun knytt til svangerskap og fødsel. Det følger oss arbeidslivet ut. Likevel kan det hende at rommet for å vere kvinner forblir for snevert, at den tradisjonelle kvinnejobben på heimebane, både det andre og tredje skiftet ikkje er godt nok jamnstilt på hjå mange enda, og at me rett og slett ikkje har kome i mål med store deler av likestillinga. Me har jubla over at norske kvinner inntar stadig nye felt i arbeidslivet, men alt som høyrer biologi og heimefront er opp til kvar enkelt kvinne å ordne opp i sjølv. Det slit på mange og kan gjerne forklare skamma over å ikkje «klare alt» på fleire hald og eit sjukefråver som er langt over menn sitt. Men det siste bør snarare vere gjenstand for undring i staden for fordømming.