GLITTER OG GRØNSKE

To vekers sabbat

Kvardag

/

No items found.

January 18, 2022

Me flytta inn for snart to veker sidan og gjekk inn i ein liten sabbat når det kjem til alt som må gjerast. Lista over gjeremål fyller framleis to A4-sider, men no er det småting som me kan pusle med undervegs, samstundes som me alle er under same tak. Dei to første vekene har me brukt tida på å flytte inn det viktigaste, få kvardagen i gong, ting i system og ikkje minst nyte at me er i hus.

Veggane er stort sett nakne og vindaugene har ingen gardiner, men sakte men sikkert kjem litt og litt på plass og det er litt som ei saktegåande julefeiring der me pakkar opp det gamle livet vårt i Haugesund og set det på plass i det nye livet. Spisebordet vårt henta me på Karmøy hjå nokon då me flytta til Haugesund. Kjøpt på Finn og etterkvart eit velbrukt bord som har tent oss gjennom småbarnstid og gitt mange fine stunder. Det har malingsflekkar og store riper, men haugevis med sjel. Vasen og lysestakane kjøpte eg på Fretex i Haugesund ein vår for mange år sidan og dei har stått på bordet sidan. Sjølv om eg likar tanken på å ha kun det du treng, så er det også ei fin side med materialismen. Ting kan fylle deg med fine minne og då vert dei meir enn berre tre, glas og metall. Lampa over bordet er ny men vart kjøpt på Bruktbua i Etne. Eg hadde kika etter ei slik lampe lenge på Finn, og brått låg den like foran meg i den lokale gjenbruksbutikken. Det er ei av sidene med bruktkjøp som eg likar så godt. Du kan leite og leite, og brått ligg det foran deg når du minst ventar det. Elektrikar såg over lampa før den vart montert opp, og no skal den få henge i all æve over frukostar, middagar, kveldsmat, drøs og lekselesing.

Laster kommentarer...
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.