Georginetjuv, postbesøk-melankoli og verdens beste ravioli
Kvardag
/
October 27, 2024

Veke 43 hadde ein heil del knask, og særleg mot slutten! Først ut er denne hundre år gamle notisa, henta fram frå Morgenbladet sitt arkiv. Georginetjuv! For ein yrkestittel! Eg elskar særleg skildringa av den mistenkte. Mon tru om dei fann "kvinde i 40 aars alderen, høi, middelstyk og med særlig skarpe, stirrende øine".

Me feira fem fine frøkner i drivhuset og det vart akkurat så lunt og koseleg eg håpa det skulle bli, i ein haustkveld med regn og mørkre.

Laurdag stakk eg innom Det gule hus i Haugesund. Ein av mine favorittbutikkar når det kjem til å handle klede. Denne gongen fann eg eit par svarte, semska boots og treningsgenser som eg var på jakt etter.
Tips: lag ei handleliste for bruktkjøp på mobilen. Då er det enkelt å minne seg om kva ein treng, og det er enda enklare å navigere butikken når du veit kva du leitar etter.

Systra mi Mari kom heim på overraskelsesbesøk til venninna som skulle feire 30 år. Det vart kun ein snartur frå laurdag til søndag denne gongen men eg og mormor var strålande nøgde med visitten.

Eg får alltid blues inni meg når me har hatt besøk og det er over. Det blir brått så tomt og kvardagen kjem som eit drønn. Det same skjedde denne gongen og eg måtte behandle postbesøk-melankolien med dei siste tomatene frå hagen og mozarella. Det fungerte nesten.

Regnet kom tilbake att etter nokre dagar med opphald. Etter å ha stilt klokka tilbake ein time, måtte me tøye tida litt på ettermiddagen for enkelte som var trøytte. Å teikne på garasjegolvet er alltid ein hit, og eit juletre sneik seg inn saman med regnbogar og blomar. Men lengre skal ikkje jula komme enda.
Eg set på skylappane når jula flyttar inn i butikkane i oktober. Eg er livredd for å bli lei jula før den i det heile tatt har starta. Det er litt som å gå laus på laurdagsgodtet om føremiddagen og vere så kvalm du aldri har vore når kvelden kjem og helgekosen verkeleg skal senke seg (her snakkar du med ein erfaren person). For å ikkje vere julekvalm allereie 2. søndag i advent, er det best å halde pepperkaker og Mariah Carey på avstand.

På søndagskvelden skar medlemmer av husstanden ut gresskar. Nokre var ute etter dei skumlaste motiva, medan andre var meir interesserte i innmaten.

Kva som er det skumlaste du kan sjå for deg i tradisjonell og moderne versjon.

Kvart år på hausten, lagar O Jamie Oliver sin heimelaga ravioli med ricotta og ovnsbakt gresskar som fyll. Det blir gjerne fleire gonger, då det er enormt godt og enklare enn ein skulle trudd.

Med salviesmør på toppen vart det laurdag på ein søndag og eg fekk kurert post-besøkmelankolien til slutt.