GLITTER OG GRØNSKE

Å vere i flyten

Kvardag

/

No items found.

July 15, 2024

Utan om ein tur til Palmesus junior-festivalen med dei to eldste borna, tek me første del av ferien heime i år. Håpet var at vêret skulle klinke til, då me har mykje maling som skulle vore gjort på både hus og garasjar.

Vêret blir likevel sjeldan som bestilt på Vestlandet og enda sjeldnare i juli! Då har ein valet mellom å forbanne vêrgudane og fantasere om alle stadene ein skal reise til til neste år, eller å go with the flow i vestlandssommaren. Eg øvar meg på å gjere sistnemnde.

Første punkt på programmet er å makse dei dagane det er fint vêr. Då får rotete hus og andre ting som skulle vore gjort inne fint stå på vent, så me kan vere ute så lenge som mogleg. Det lønnar seg både spontant og i det lange løp. Det er disse dagane ein hugsar utpå vinteren. Ikkje den overfylte kjøkenbenken innandørs.

Ein av soldagane denne veka starta med grytidlig promenade om morgonen med minstemann. Han er eit ivrig a-menneske og denne dagen var intet unntak. Me gjekk inspeksjon i kjøkenhagen for å sjekke at gulrøtene var på plass og at ingen plantekassar vart dehydrerte av det plutselege solgløttet.

Neste stopp på inspeksjonen var feriegjest Laila som låner Leifenhuset i sommar. Ho har alltid ei påsmurt lefse på lur når ein kjem innom, og Lars måtte sjekke om det også var opningstid på serveringsstaden 07.00 om morgonen. Det var det tilsynelatade ikkje.

Slukøyra traska han mot neste potensielle serveringsstad, oldemor. Der kan ein også ha hellet med seg, men heller ikkje der hadde dei høyrt om døgnopen servering.

Det var best å jogge heim i pysj og støvlar, for denne dagen kunne ikkje kastast bort på venting.

Me pakka sekken og vinka adjø til eit kjøken som såg lite rotete ut samalikna med kva det pleier å gjere.

Skogen, fjellet og blåbæra venta!

Men først måtte me krysse eit beite med kviger og kalvar. Dei såg litt skvetne ut, men etter ein telefon til nabobonden fekk me klarsignal til å gå. Lydnivået vart forsøkt på minimum i kombinasjon med roleg gange. Nesten heile gruppa klarte denne oppgåva.

Vel framme fann me  blåbær i mengder. Eg trur eg aldri har sett så mykje blåbær på ein gong og var euforisk. Me plukka og plukka, medan ungane bada og leika. For ein dag!

Vel heime reinska me bær og fraus ned i porsjonar. Kveldsmat denne kvelden var ei skål kefir med blåbær, gresskarkjerner og syster Mari sitt heimelaga mandelsmør. Godt!

Då eg var innom senteret i Etne nokre dagar etter, oppdaga eg dette fine stativet. Så fint med klesbutikkar som også inkluderer gjenbruk i salet sitt! Heia Marita som driv butikken!

Torsdag hadde feriegjest Laila bursdag. Ho vart 83 år og inviterte rubb og stubb av Hotellkross-bebuarar på bløtkake i Leifenhuset. Mormora mi stilte også med den legendariske ostekaka si med nyplukka bringebær frå buskane utanføre vindauget.

16 personar stimla saman i den vesle stova og me oia oss over kor mange som hadde budd fast i dette vesle huset for hundre år sidan.

På laurdag drog me på utflukt til Skånevik for å gå på den årlege Pippi-festivalen. På veg inn til sentrum måtte eg ta bilete av eit av dei vakre trehusa. Skånevik er så vakkert og eg blir meir og meir fascinert av staden. Kanskje fordi farfar Lars kom her i frå. Men like fullt grunna den gamle trehussamlinga, alle dei sjarmerande stadene og den enorme porsjonen patriotisme, pågangsmot og dugnadsand som fyller bygda.

Pippia-festivalen er eit produkt av sistnemnde, og teaterstykket som var sett opp i hotellhagen, var ein skikkeleg høgdare.

Etter litt klapping av dyr i dyrehagen og ein is på Krambua, sette me snuten heim til pølsefest. Syskenbornet mitt med born og tanta mi kom også, og me hadde eit realt kalas i hagen. Etterpå såg bordet slik ut og det er slike syn som gjer meg varm i hjarta. Slike bord skal me ha mange av i sommar, også på gråversdagane.

Blomsterenga som me sådde i mai har eksplodert i fargar og vekst. Den er heilt fantastisk og det beste er at den er full av liv! Somarfuglar, bier, humler og andre insekt summar jamt og trutt rundt i den. Kven seier ein ikkje kan gjere miljøtiltak lokalt?

Søndag drog eg og far min til fjells. Eg skulle sette i stand hytta til gjester frå Amsterdam. I mens rodde far min for å fiske og leite etter multer.  

Dette åklet som heng på hytta, er eg veldig glad i. Fargane og mønsteret er nydeleg!

Då hytta lukta grønsåpe, nytt sengetøy var lagt på og to mjølkesjokoladar var lagt fram som velkomsthelsing, traska eg med bærplukkaren på myrene rundt hytta medan eg venta på far min. Eg fann multer og blåbær. Dei skal frysast ned saman med dei andre blåbæra, til smoothie og multesyltetøy i vinter.

Eg avslutta veka med joggetur i regnver. Det er eit av grepa med å flyte med med vestlandssommaren: kom deg ut og gjer det du hadde tenkt også når veret ikkje er det beste.

Temperaturen var rundt tjue grader, så eg kom meg rundt vatnet og var strålande nøgd med å ha gjennomført sjølv om det verkeleg hølja ned og eg ein augenblink lurte på om mobilen drukna.

Laster kommentarer...
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.