GLITTER OG GRØNSKE

Veke 10

Kvardag

/

No items found.

March 13, 2022

I løpet av ei veke får ein vanvittig mykje påfyll frå bilete, lyd og tekst. Mykje gløymer ein ut så snart ein har scrolla eller klikka seg vidare. Samstundes er det alltid nokre saker som får hjernen til å jobbe litt ekstra, og som kverner i bakhovudet vidare gjennom veka. Kanskje gav det deg eit nytt syn på ei sak, minna deg om noko du hadde gløymt, var morosam, gjorde deg klokare, engasjert, -eller kanskje det fekk deg til å tenkje på noko heilt nytt?

Her er mine tre på topp for påfyll i veka som gjekk.

  1. Teksten Gör din plikt, gör mormor stolt av bloggaren Underbara Clara, traff noko heilt essensielt med situasjonen me er i no. Den er like relevant for nordmenn som svenskar, -i all den tid me bur på ein fredeleg flekk og har stort sett det me treng (og langt meir til). Heile teksten er ei venleg, men myndig oppfordring om å skjerpe oss litt. Det kan beint fram vere litt god mentalhygiene innimellom. Som Clara skriv i teksten: "Du behöver inte selfcare, lugnande bad eller affirmationer för att det är krig i Europa. Det är inte synd om dig. Det är inte synd om mig. Ta dig samman. Gör din plikt. Gör din mormor stolt." -Og det er heilt sant.
  2. Fredag & Fretland på Instagram (eller enda betre: live). Å starte opp ein serveringsstad må vere ei spanande utfordring. Om du gjer dette og i tillegg bur på bygda, må det vere ekstra nervepirrande, med eit langt mindre kundegrunnlag. Men. Bygdegründerar er ofte tilsett ein ekstra porsjon mot, kreativitet og pågangsvilje, -og folka bak det nye bakeriet og kaféen i Lærdal, er definitivt i denne kategorien. Eg elskar slike folk som ikkje sit og venter på at andre skal ta initiativ til at det skal skje noko eller eit tilbod skal komme på plass. Dei fortener alle heiarop dei kan få.

    Bakeriet Fredag & Fretland har vore under planlegging i mange år, og på laurdag opna det dørene. Undervegs i prosessen har dei oppdatert jamnleg på Instagram der fylgjarane har fått ta del i alt frå byggesteg, til prøvebaking, opera og lokale ord- og uttrykk. Det heile har vore som ein følgjetong eg har fulgt med stor spenning. Det definitive klimakset kom då marmorbordplatene til kaféen var søkk borte dagen før dei skulle opne. Eg var på eit tidspunkt så inni det som skjedde at eg vurderte nesten å ta ein ringerunde til transportterminalar i Sogn for å høyre om dei hadde dei liggande. Men sjølvsagt løyste eigarane det på sitt sedvanlege kreative (og estetiske) vis og serveringsstaden vart klar i tide. Baksten ser nydeleg ut, folka ser nydelege ut og veggmaleria like så. Me skal stoppe innom under bilturen i somar. Det er heilt sikkert.
  3. Brenner deler dikt er ein ny podcast på Nrk sine nettsider. Her deler Hans Olav Brenner eit dikt med ein gjest i kvar episode. Dei to første episodane er lagt ut, og eg elskar det. For meg, som for mange andre, er det lite diktlesing i kvardagen. Men det er i grunn ganske så synd at dikt berre er forbeholdt høgtidene i livet, som dåp, bryllaup, begravelse eller andre høve. Det forunderlege med dikt er jo at ein med små og få ord kan sette i gong store tankar og kjensler. På under 30 minutt løfter Brenner og gjesten tankane dine opp frå handlelista og gjeremål, -til eit høgare nivå der du stoppar litt opp og tenkjer over sider ved livet. Det er fint.
Laster kommentarer...
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.