GLITTER OG GRØNSKE

Korleis du med 5 grep får mest ut av sesongen

Kvardag

/

No items found.

July 10, 2024

No er me midt i sesongen for sanking og hausting av mat og her er fem tips som kan hjelpe deg til å få mest mogleg ut av sesongen! 

1. Gå for nytteverdi

Om du har lyst til å byrje sanke, plukke og dyrke eigen mat samt foredle den gjennom tørking, frysing eller sylting, er det eit grep som er særskilt viktig: Start med dei matvarene som er mest nyttige for deg!

Det er lett å la seg rive med av kva andre held på med, då det er fantastisk mykje ein kan lage. Men om du ikkje drikk saft, syns at sylta raudbetar smakar vondt og poteta for lengst er byta ut med pasta og ris, er det langt lurare å gå for bringebær som du brukar fast i smoothien, oregano som alltid er i pastasausen eller ripslikøren som er fast gjest til desserten på julafta. Går for det som du veit blir ete og drukke opp! Då vert arbeidet enda meir meiningsfyllt og motivasjonen større.

2. Ta reknestykket

I desse dagar med høge matvareprisar, spelar kassalappen ei rolle. Ta gjerne ein ekstra sjekk av kiloprisen på dei grønsakene, bæra og frukten du handlar fast. Kor mykje trur du at du brukar av matvaren kvar dag (eller veke), og kva skjer om du gongar talet med 365 dagar i året, og så kilopris i butikk? Her kan ein lett få seg ei overrasking. Kanskje er nokre timar blant bringebærbuskane noko som kan krympe kassalappen elles i året?

Her er eit døme:

Eg tok ein sjekk i butikkane i går etter å ha vore på blåbærplukking. Frosne bær er noko me brukar mykje, då eg likar å lage smoothie til både meg sjølv og ungane. Når eg lagar ein stor porsjon som er nok til fleire glas, brukar eg gjerne 200 g frosne bær, litt frukt, nokre grønsaker (ungar kan ete enormt mykje grønkål om du gøymer den i ein smoothie!), eplemos og kefir.

Så, viss me tek utgangspunkt i 200 g frosne bær og eg skulle ha laga smoothie kvar dag, treng eg 73 000 g bær i året, altså 73 kilo. Kva er eigentleg det i kroner og øre?

På Coop Extra var kiloprisen på Xtra-blåbær 80 kroner medan dei økologiske frå Änglamark låg på 108,44. På Rema 1000 var kiloprisen på frosne blåbær 76 kr per kilo. 

Det vil seie at dersom ein kjøper frosne blåbær i eit heilt år, havnar kassalappa på mellom 5548 kr og 5840 kr. Dersom ein ønskjer å kjøpe økologiske, frosne bær, havnar kassalappa på 7916,12.

Blåbæra som veks villt ute i skogen no kan fint reknast som økologiske. For kvar kilo du plukkar og frys ned til smoothiar i haust og vinter, er det definitivt pengar å spare. Det er fin motivasjon! 


3. Treng du ikkje maten? Del den vidare!

Viss du har mange ripsbuskar, epletre eller ei fantastisk avling med grønnkål som du ser du ikkje kjem til å få bruk for, tips andre om det! Sørg for at maten du har tilgong til, blir delt vidare om du ikkje skal ha den. Det er god ressursutnytting, då nedfallsfrukt som blir liggande, salatblader som visnar og multer som blir verande igjen på mulemyra også er ein form for matsvinn. Samarbeider me her, kan me drive stor matredding samstundes som me gjer kvarandre veldig glade!

4. Bruk det du har til oppbevaring

Eg har to favorittmåtar å oppbevare mat på når eg skal sylte, tørke eller fryse ned. Det er to behaldarar som eg alltid har i hus: syltetøyglas og tomme mjølkekartongar!

Glasa vasker du berre etterkvart som du har ete opp salsaen frå fredagstacoen eller masjonesen frå Hellmanns, og set dei til sides så du har dei tilgjengeleg med ein gong du skal fryse ned noko. 

Tomme mjølkekartongar laga om til behaldarar, er litt ekstra geniale grunna forma dei får! Den kubiske forma gjer dei enkle å stable i fryseboksen eller fryseskapet, slik at du får utnytta plasskapasiteten best mogleg. Sjå video over for framgongsmåte for korleis du klipper dei til og tar dei i bruk!  

NB1: Hugs når du skal fryse ned, at væske utvidar seg. Dersom du skal fryse ned suppe eller saft, bør du difor la det vere god klaring til toppen så væska ikkje sprenger behaldaren den er i. Fastare mat som gryter, bær og anna mat utvider seg ikkje i like stor grad, og då kan du ha meir i behaldarane. Når eg frys ned bær, let eg det vere igjen 1-2 cm til toppen. 

NB2: Bruk frysetape når du limer igjen mjølkekartongen. Den mister ikkje limet i kald temperatur og sit godt på. Frysetape får du tak i i vanlege matbutikkar og den heng ofte der du finn notisbøker, sprittusj, vanleg tape med meir. 

5. Nyt her og no! 

Når me snakkar om å ete i sesong og ta vare på det me dyrkar, handlar det ikkje om at ein skal spinke og spare på det ein samlar. Det er minst like viktig at ein nyt her og no! Et og kos deg, for maten er heilt klårt best når den er fersk. I tillegg er det noko med å bruke alle sansane når me nyt dei ulike tidene på året. Det skapar gode minne og matminne som ein ber med seg vidare i livet. Far min hugsar framleis skåla med blåbær, mjølk og sukker som han fekk til frukost kvar morgon på sommaren då farmora mi plukka bøttevis med blåbær. Det er gode barndomsminne!

Laster kommentarer...
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.