GLITTER OG GRØNSKE

Om konfirmanttale, ertespirer, lamaer og 1. mai

Kvardag

/

No items found.

May 1, 2023

Eg starta veka med blomebukett på kjøkenbordet. Eg var så heldig å bli spurt om å halde tale for konfirmantane i Etne forrige søndag. Det var veldig kjekt og stas å få snakke til ein slik ein fin gjeng!

På bordet ligg også det som må vere Noregs mest informative hageblad, -Norges hagelag sitt medlemsblad, Hagetidend. Det kan anbefalast, både medlemskap og bladet.

Surdeigstartarane Surhild og Gjærmund er flytta inn hjå oss vår og eg prøver etter beste evne å halde liv i dei. Eg har hatt surdeig mange gonger før, men har ein tendens til å gløyme dei ut. No har dei fått heidersplass midt i synsvinkelen, i håp om at det skal gjere meg meir omsorgsfull.

Med surt ver utanføre vindaugene og skikkeleg hauststemning, vart det bibliotektur og lesing på agendaen. Bestefar og Miri av Mariell Øyre vart ein hit!

I Drivhuset i Etne finn ein no også ein liten bruktbutikk for sko og klede. Her fann eg ei skjorte til 50 kroner til meg og eit par ubrukte dressko for 125 kr  til sonen. Dei er ørlite for store enda, men forhåpentlegvis sit dei som eit skot til hausten når me skal i bryllaup. I mellomtida kan kanskje eg få lov til å bruke dei? Eg ønskjer meg dressko, så det er himla praktisk at avkommet snart har same skostørrelse som meg.

Eg og gutane var heime aleine i helga, og då lova eg å introdusere den eldste for den mest morosame Disney-filmen eg veit om. Det er og blir Et kongerike for ein lama. Urovekkande mange replikkar ligg ytterst på tunga, sjølv etter tjuetre år.

Eg har ete ertespirer. På alt.

Nokon har auka mobiliteten på kort tid og overraskar stadig med ny plassering på golvet. Med førstemann heia me på kvart framskritt. Med tredjemann lurer me på om det ikkje kan gå litt saktare.

Eg ligg bakpå med gravinga i åkeren men jobbar i dei stundene eg kan. Og undervegs gler nerdehjernen min seg voldsomt mykje over rette liner og geometri.

Sjølv om det er måndag i dag, kjennest det likevel som om me avsluttar forrige veke med ein ekstra søndag. Me var på 1. mai-arrangement og det var veldig bra. Me treng slike dagar, fortsatt.

Laster kommentarer...
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.