Alkoholfrie favorittar i sommarvarmen
Mat
/
June 6, 2024

I alle mine graviditetar har eg vore gravid gjennom sommaren. Men ein vil jo framleis ha nokre ekstra godt å leske seg på på seine sommarkveldar, i tillegg til vatn og brus. Magesommarane har eg difor nytta til å utvide horisonten når det kjem til alkoholfrie alternativ.
Det må eg seie: det har vore ei rivande utvikling frå 2013 til no! På elleve år har utvalet innan alkoholfritt øl og andre drikker eksplodert. Og det er kort mellom høgdepunkta.
Her er nokre favorittar som blir med inn i denne sommarferien også. Dei mest tilgjengelege, er Clausthaler sin Radler, Munkholm sin Fruktig IPA og Stone's Ginger Jo i alkoholfri versjon. Desse får du tak i på dei fleste daglegvarebutikkar.
Om du vil opp eit hakk og prøve noko enda meir nytt, må du prøve Sparkling Tea Lyserød og Sparkling Tea Blå frå Copenhagen Company som du får tak i på Vinmonopolet. Dette er eit nydeleg alternativ til cava, prosecco eller annan boblande drikk. Eg syns Lyserød var eit hakk betre enn Blå.
Om du likar ein søtare variant, som er like boblande men som også born kan like, er Sprudlande Margaret frå Balholm svaret. Denne flaska tyr eg til stadig vekk, både som gåve og til fest. I Etne får du den både på Rema 1000 og på polet.
Til slutt; sjekk ut sidene til Leske! Dei sel masse spanande alkoholfri drikke (alkoholfri gin er uventa bra!) og har ei rekke oppskrifter når du til dømes vil bjuda på ein alkholfri drink. Skål!
Tips: på instagramkontoen min har eg eit høgdepunkt som heiter "Alkoholfritt". Her har eg samla litt meir info om dei alkoholfrie favorittane i fjor, samt gode tips eg fekk frå fleire følgjarar.