Den makalause eplemosen
Mat
/
September 27, 2022

Epletrea er trufaste bidragsyterar i hagen. Same om sommaren vert våt eller tørr, solrik eller kald, leverer både dei gamle trea og dei nye ein solid eplehaust kvart år. Spørsmålet er likevel kva ein kan bruke mengdene til, då det fortsatt er mykje igjen etter at ein har ete eple på eple og bakt eplekake på eplekake. Moglegheitene er mange når det kjem til foredling, men eplemos er blitt den mest nyttige og velbrukte løysinga, -nettopp fordi den kan føre til så mykje meir!

Eg koker opp usøta eplemos fram til det anten er tomt for eple eller frysekapasiteten er sprengt. Eg bruker stort sett det eg har av behaldarar frå før, noko som fører til at eg får både små og større porsjonar. Gamle plastbeger, tomme syltetøyglas og mjølkekartongar er gjengangarane. Har du eplemos i plastposar som du frys liggande, kan du også knekke av mindre deler om du berre treng litt, som til babymat eller liknande.

Er du glad i å lage smoothie, er ein porsjon tint eplemos eit suverent alternativ til juice. Bland med alt anna du likar å ha i ein smoothie og tilsett ein skvett vatn om konsistensen vert litt for tjukk. Eit nydeleg og kortreist alternativ til langreiste juicar du kjøper i butikken. Eplemosen er også super saman med litt youghurt og granola. Kokt opp med litt sukker kan du bruke den som suverent syltetøy til kvardagsbrødskiva eller til ein ekstravagant ostekveld. Sist men ikkje minst, er den super saman med anna frukt eller bær i ein smuldrepai. I sommar laga eg ein smuldrepai av siste rest av eplemosen frå i fjor, saman med fersk rabarbra og finreven ingefær. Det var så godt at eg får framleis vatn i munnen av å tenkje på den.

Oppskrifta eg brukar år etter år, er denne:
Ingredienser
- 2 kg eple
- 1/4 kopp sitronsaft
- 1 1/2 kopp vatn
Vask epla godt og del dei i betar. Fjern kjernehuset. Eg skreller dei ikkje, då skalet til dei raude eplesortane gir fin farge til mosen. Då får ein også med seg enda meir av eplet og reduserer matsvinn.
Ha i ein kjele saman med sitronsaft og vatn. Kok opp før du reduserer varmen og lar kjelen småkoke i 25-30 minutt. Då skal epla verte såpass mjuke at dei nesten dett saman.
Køyr blandinga med stavmiksar eller blender. Kjøl ned og et med ein gong eller frys ned i porsjonar. Eplemosen held seg fleire dagar i kjøleskapet, så ein kan fint ha ei større ladning ståande om ein bruker litt kvar dag.
