GLITTER OG GRØNSKE

Drenering med suksess

Hage

/

No items found.

December 26, 2024

På tampen av året tenkte eg eg skulle kike tilbake på nokre av prosjekta me har hatt i hagen dette året, og me startar med det aller største! Gjentatte gonger har me fått ein eigen dam i hagen, då jorda ikkje klarar å svelge unna vassmengdene som kan komme i tyngre nedbørsperiodar.

Det er upraktisk på fleire vis, så me sette i gong med eit dreneringsprosjekt. Eller eit "skjult" dreneringsprosjekt om du vil.

Me har mange gonger sakna ein fast stad for langbord i hagen. Kva om me kunne kombinere ein uteplass og "sluk" for alt overskotsvatnet?

Etter å ha fundert litt fram og tilbake, kom me fram til at me skal gradvis dele hagen inn i ulike soner, der ei av dei er området med plen mellom eplehagen og austsida av huset. Der stod det kun ei tørkesnor, eit kvadratisk steinbord og nokre nypebuskar. Det har vore ein fin plass å drikke kaffi, men bordet har vore litt for lågt for middagsmåltid og større lag. Me teikna området opp og la inn eit eige areal for sittegruppe og drenering.

Det første me gjorde var å merke opp området me ville grave opp. Semulegryn gjorde susen som merking.

Så kom dyktige Kjell Kaldheim med gravemaskin og dumpers og gravde av det øverste laget av jorda, samt flytta nypebuskane. Steinbordet og tørkestativet hadde me plassert trygt på nye stader.

Etter at han først hadde lagt eit tjukt lag med pukk, og så litt singel, la me ein tjukk fiberduk over området. Då held me graset lettare unna. På toppen la me eit lag med småsingel. Me tenkte at me då var ferdige, heilt til...

me fekk eit innfall dagen før me skulle ha open hage i samarbeid med Etne hagelag! Brått måtte me legge skiferheller på toppen av singelen. Kvifor må eg komme tilbake til, men det vart uansett eit klassisk "best under press-prosjekt" der me i hui og hast fekk dekka plassen med skiferheller og justert dei slik at det var nokonlunde i vater før den store dagen.

Systra mi Mari var min medkompanjong og me er like gode på verneutstyr begge to.

Dagen etter var plattingen på plass og Etne viste seg frå si beste side. Heilt i rute for det som skulle bli ein makalaus hagefest! Den må må me mimre tilbake til ein annan dag. Ein kan skimte helleplassen i midten på biletet til høgre for drivhuset.

Så kom hausten og det var tid for å sette dreneringsprosjektet på prøve.

Det skulle vise seg å vere suksess. Då det kom kraftige nedbørsmengder over lengre tid i oktober, vart det verken pyttar eller flo i hagen. Me kunne trygt feire 5 x niårsdag i drivhuset.

Kanskje vil det bli annleis når det er tele i jorda, snøen smeltar og regnet kjem på toppen i mars-april? Det blir den endelege testen for dreneringsprosjektet. Me får vente i spenning.

Og til slutt: årsaka til at me la skiferheller på toppen av singelen var følgjande:

  1. då det var eit tjukt lag med pukk og singel, vart underlaget særs mjukt å både gå og sette møblar på. Singelen forsvann også inn i sandalar og utover plenen. Den var ikkje like praktisk som eg såg for meg.
  2. skiferheller er lunare enn singel. Om sola står på gjennom dagen, magasinerer hellene varme og det er lunt å sitte der også utover kvelden.
  3. me hadde flust med skiferheller! Heilt sidan dei reiv den gamle låven i 1985, har skifertaket frå den lege på lagring her på garden. Å kunne bruke det gamle låvetaket til noko praktisk og synleg som me har glede av kvar dag, er eit veldig kjekt gjenbruksprosjekt. Me går og sit eigentleg på det gamle låvetaket. Tenk på det!

Bør bygda dø?

Samfunn

/

No items found.

November 1, 2024

Det har vore harde kår for Distrikts-Noreg denne hausten. I Innlandet vart fleire vidaregåande skular og skulestader nyleg vedteke nedlagde, kommuneøkonomien over det ganske land er dårlegare enn på lenge og fråflytningstrenden fortset i mange kommunar. Kommentator i Aftenposten, Synnøve Vereide Trampe, gjekk så langt som å erklære at "Jeg elsker bygda. Men den må dø".

Tja, kva skal ein eigentleg med bygdekommunane? Bør me som bur i dei starte pakkinga og snegle oss på svingete europavegar mot næraste urbane tettstad? Er det eigentleg vits å klore seg fast på kvar knaus og inni kvar dal?

Nedgongen i folketal er noko ein ikkje kjem vekk i frå, same om ein er vest, aust, sør eller nord. Det er ikkje godt å komme opp med ei god oppskrift på korleis ein kan snu det. For det første er norske bygder råka av akkurat same utfordringa som norske byar. Nordmenn føder færre born. På bygda er ein likevel meir sårbar for svingingane då ein ikkje berre kan sende elevane til neste skule 300 meter bort i gata, om elevtalet dalar. I mange bygder er det ikkje fleire skular å ta av, og skulen er det bankande hjarta i lokalsamfunnet. Må ein seksåring reise langt og lenger enn langt for å komme til næraste klasserom, er det forståeleg at bornefamiliar vegrar seg mot å busette seg - eller bli buande.

Samstundes er bakgrunnen for manglande heimflytting samansett. Distrikts-Noreg er ikkje eitt Distrikts-Noreg. Det er stor skilnad på norske bygdekommunar og kva som er årsaka til at ikkje fleire flyttar heim. Nokre kystkommunar har flust med arbeidsplassar, men kan for somme ligge for kronglete til. Nokre innlandskommunar har gjerne både folk, togstrekning og trygge vegar, men saknar arbeidsplassar som gjer det attraktiv for ungdom å flytte heim. Andre distriktskommunar er styrtrike på kraftinntekter medan andre igjen er på Robek-lista. Det er ikkje ei verkelegheit i Distrikts-Noreg, og det er vanskeleg å finne ein kur for alle. Men ein ting har alle til felles.

Noreg treng mat og det er i distrikta den kan lagast. Potetene kan ikkje dyrkast på Danmarksplass i Bergen og sauene kan ikkje beite i Sinsenkrysset i Oslo. Og matprodusentane kan verken i teori eller praksis bu aleine i distrikta. Dei treng infrastruktur, skule til ungane sine, heimesjukepleie og omsorgbustadar til aldrande foreldre, kommunale tenester og ein matbutikk å handle på. Minst. For å drifte dette trengst folk, og med dette også andre arbeidsplassar som ikkje er like livsnødvendige for lokalsamfunnet, men som gjer det attraktivt for fleire å flytte med den som kjem som sjukepleiar, lærar eller butikktilsett.

I tillegg til å sikre matproduksjon, er det flust av andre gode argument for kvifor Noreg bør jobbe for ein spreidd busetnad i heile landet. Det er beredskap. Det er bevaring av kunnskap om historie og kultur, og det byr på større valfridom når folk skal busette seg. Ikkje alle har eit ønskje om å bu i ein by. Nærleik til natur og tilgong til meir friluftsliv er noko mange søker etter i dag. Samstundes har me eit arbeidsliv som vert meir og meir digitalisert, som mogleggjer at ein i fleire tilfelle kan sitte på "bortekontor" sjølv om kontorplassen din er på Lysaker eller på Forus.

Så, når distrikta framleis har ein særs viktig funksjon og bygda likevel ikkje bør dø. Kva skal ein gjere for å få folk til å busette seg der eller komme tilbake?

Ein bør satse på dei beste ambassadørane, og det er verken rådmenn, ordførarar eller vakker natur. Det er dei som allereie bur der. Har du innbyggjarar som har hatt gode oppvekstar i kommunen, som opplever at kommunen sine tenester verkar og lokalpolitikarar som er engasjerte, då snakkar dei om det. Dei tek bilete av det, deler på SoMe og seier til gamle klassekameratar dei møter på butikken "Kom him! Her e de jysla kjekt å bu!". At folk utanføre ser kvardag, jobb, dugnadsvaffelsteiking, fotballkampar og flotte fjellturar gjennom linsa til nøgde Per, Pål og Kari som har adresse i bygda, er den beste omdømmebygginga ein kommune kan ha.

Så, sjølv om kommuneøkonomien skrantar og tenester til innbyggjarane kostar, er det likevel ingen tvil om kva som er dei største verdiane til kommunane. Nemleg folka som allereie bur der.

Georginetjuv, postbesøk-melankoli og verdens beste ravioli

Kvardag

/

No items found.

October 27, 2024

Veke 43 hadde ein heil del knask, og særleg mot slutten! Først ut er denne hundre år gamle notisa, henta fram frå Morgenbladet sitt arkiv. Georginetjuv! For ein yrkestittel! Eg elskar særleg skildringa av den mistenkte. Mon tru om dei fann "kvinde i 40 aars alderen, høi, middelstyk og med særlig skarpe, stirrende øine".

Me feira fem fine frøkner i drivhuset og det vart akkurat så lunt og koseleg eg håpa det skulle bli, i ein haustkveld med regn og mørkre.

Laurdag stakk eg innom Det gule hus i Haugesund. Ein av mine favorittbutikkar når det kjem til å handle klede. Denne gongen fann eg eit par svarte, semska boots og treningsgenser som eg var på jakt etter.

Tips: lag ei handleliste for bruktkjøp på mobilen. Då er det enkelt å minne seg om kva ein treng, og det er enda enklare å navigere butikken når du veit kva du leitar etter.

Systra mi Mari kom heim på overraskelsesbesøk til venninna som skulle feire 30 år. Det vart kun ein snartur frå laurdag til søndag denne gongen men eg og mormor var strålande nøgde med visitten.

Eg får alltid blues inni meg når me har hatt besøk og det er over. Det blir brått så tomt og kvardagen kjem som eit drønn. Det same skjedde denne gongen og eg måtte behandle postbesøk-melankolien med dei siste tomatene frå hagen og mozarella. Det fungerte nesten.

Regnet kom tilbake att etter nokre dagar med opphald. Etter å ha stilt klokka tilbake ein time, måtte me tøye tida litt på ettermiddagen for enkelte som var trøytte. Å teikne på garasjegolvet er alltid ein hit, og eit juletre sneik seg inn saman med regnbogar og blomar. Men lengre skal ikkje jula komme enda.

Eg set på skylappane når jula flyttar inn i butikkane i oktober. Eg er livredd for å bli lei jula før den i det heile tatt har starta. Det er litt som å gå laus på laurdagsgodtet om føremiddagen og vere så kvalm du aldri har vore når kvelden kjem og helgekosen verkeleg skal senke seg (her snakkar du med ein erfaren person). For å ikkje vere julekvalm allereie 2. søndag i advent, er det best å halde pepperkaker og Mariah Carey på avstand.

På søndagskvelden skar medlemmer av husstanden ut gresskar. Nokre var ute etter dei skumlaste motiva, medan andre var meir interesserte i innmaten.

Kva som er det skumlaste du kan sjå for deg i tradisjonell og moderne versjon.

Kvart år på hausten, lagar O Jamie Oliver sin heimelaga ravioli med ricotta og ovnsbakt gresskar som fyll. Det blir gjerne fleire gonger, då det er enormt godt og enklare enn ein skulle trudd.

Med salviesmør på toppen vart det laurdag på ein søndag og eg fekk kurert post-besøkmelankolien til slutt.

Frå drivhus til utestove

Hage

/

No items found.

October 26, 2024

Drivhuset er i full drift frå mai til oktober, men når den siste tomata er hausta, pleier me å lukke døra og la det stå til våren. Då tømmer me det, hiv bøtter med gamle tomatplanter som toppdekke på åkeren, vaskar ned drivhuset og flytter inn nye spirer som er forsådd inne.

I år gjorde me noko annleis for første gong. Me tømte drivhuset med ein gong sesongen var erklært for over og vaska det ned.

Seinhaustes, i vinter og tidleg vår, skal drivhuset fungere som utestove! Å ha litt meir tak over hovudet og ly for vinden, er noko me har snakka om fleire gonger at me skulle hatt. Skulle me bygd ei utestove, ein paviljong? Så kom tanken om at drivhuset eigentleg er den perfekte utestova. Den gir oss tomater om sommaren, og resten av året kan me med hjelp av varme uteklede og nokre ullteppe utvide hagesesongen betrakteleg.

Forrige torsdag opna me utestovesesongen med bursdag for fem fine frøkner. Me dekka langbord til tjueto niåringar og det fungerte kjempe godt. Det var ein ruskete haustettermiddag med regn i lufta, men drivhuset gav ly då dei skulle sitte i ro. Etterpå var det trampoline og leiking ute men då alle var godt kledde, var det ingen frostpinnar å sjå.

Med pynt frå hagen, dei trufaste stripedukane, quiz, kake og grilling av s'mores til dessert, vart det ein kjempefin kveld.

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.