Vil du gi insektene eit matkalas i april?
/
April 13, 2024

Akkurat no blomstrar seljetrea her me bur. Dei kvite, mjuke pusekattane på greinene er omgjort til gule, lodne duskar. Det er vakkert, men enda viktigare, eit raust matfat for dei første insektene som kikar fram. Har du eit seljetre i hagen eller nabolaget, -vern om det!
Om du ikkje har eit sjølv, men kunne tenkje deg eitt, vil eg tipse om fabelaktige Sveitservier (Salix helvetica). Det er eit tre i seljefamilien som blomstrar på same vis som dei nordiske vierplantene. Om sommaren har det grøne, vakre blad som minnar veldig om blada til oliventrea. Ønskjer du deg til dømes eit lekkert tre i ei stor potte på terrassen for å skape litt middelshavsstemning, kan du altså like gjerne velje ein oliventrekopi som både er like fin MEN som også gjer nytte for insektlivet OG kan stå ute heile året i eit nordisk klima. Her får du altså tre av tre, medan oliventreet berre kan levere på den første. Eg meiner, kva kan ein ikkje like med sveitservier?
Under ser du humlene i aksjon i eit seljetre som står i nabolaget vårt. Viss me verner om seljetrea der me er, gjer me eit godt stykke omsorgsarbeid for dei første insektene som freistar seg ut om våren.