Trudde du at du var aleine om å sakne meir klimapolitisk handlekraft?
/
March 10, 2024

Kjelde: Andre; Boneva, Chopra & Falk, 2004. Globally representative evidence on the actual and perceived support for climate action. Nature.com. https://www.nature.com/articles/s41558-024-01925-3
I går kom ein interessant nyheit som set eit viktig søkelys på noko ein av og til kanskje kan lure på. For, er det berre eg og deg som er bekymra for klimaendringane og som tykkjer det grøne skiftet bør gå raskare? Nei. På ingen måte.
I ein studie som nyleg vart publisert, har 130 000 menneske i 125 land blitt intervjua om deira stønad til klimapolitiske avgjersler. Resultata er tankevekkande. Heile 89% krevjer at myndigheitene tek større grep for å redusere klimaendringane. Dei aller fleste var også førebudde på å gjere store endringar i eigne liv for klimaet si skuld. Samstundes var det særs mange som trudde dei var aleine med å ha desse haldningane.
Denne informasjonen er viktig då det viser at klimatiltak er noko som mange ønskjer, -ikkje berre nokre få. Forhåpentlegvis kan dette føre til meir fart hjå myndigheitene verda over. Og at folk ikkje lurer på om dei er nokre raringar som bryr seg om klimasaka mutters aleine.
NB! Det var den svenske tech-gründeren Sara Wimmercranz som gjorde meg oppmerksam på dette i eit innlegg. Ho kan eg varmt anbefale å følgje, då ho formidlar mykje godt, grønt stoff.