Ta naturen inn
/
October 27, 2023
Å ta naturen inn, er den kjappaste løysinga på sesongbasert pynt. Når naturen endrar seg, kan ein like gjerne avspegle det inne. Også blir det så fort fint!

Eg er også veldig glad i ting som kan romme fleire funksjonar, og her kjem store glaslykter inn. Då dei sylinderforma ofte er romslege, kan ein fint legge noko i botn som dekor.
I år har me ein langfingra lyslugg i hus, som stadig er på nye stader. Det passar difor fint å gøyme pynten langt ned i ein vase, eller å bruke den til å dekorere kransar ein heng høgt oppe.

No på hausten er dette favorittinga mine å pynte med:
- greiner med vintergrøne nåler eller blad (rhodondendron, gran, buskbom, laubærhegg m.m.).
- Kongler i ulike former og storleikar.
- Tørre greiner eller visna stauder som har ei dekorativ form.
- Nøtter. Både eikenøtter, kastanjer og hasselnøtter har eg funne mykje av i haust. Sjå etter trea, då finn du mest sannsynleg nøtter på bakken no.
- Fargerike blad.
- Grønsaker ein kan lage ein matbukett av.

Forrige søndag samla eg kastanjer då me var på sykkeltur. Dei minnar meg om julemarknadane i Tyskland, kor du kan kjøpe rista kastanjer. Det er gode minner og eg kan framleis kjenne lukta, sjølv om det er alt for lenge sidan me besøkte eit Weihnachtsmarkt. Saman med kongler i ulike storleikar som eg fann rundt bøen, og ein granbarbukett, vart det haustleg og fint.
Tips! Om du kunne tenkje deg nokre lyslykter, finn du fleire brukt på Tise og Finn.no, som her, her eller her.