Siger for bruktbutikkane
/
April 11, 2024

Det har ikkje berre vore enkelt å drive bruktbutikk i Noreg fram til no. Viss du til dømes sel klede, må du ha løyve frå politiet, du må registrere alle plagg du tek inn og du må ha alt på lager i fjorten dagar før det kan seljast vidare. Kvifor så tungvindt prosess? Fordi ein mellom anna har ønskt å redusere salet av tjuvgods.
I dag ser ein at denne lova snarare har blitt ein klamp om foten i det grøne skiftet. Etterspurnaden etter brukte varer aukar, og då er det uheldig om butikkane som tilbyr dette må forhalde seg til eit langt meir komplisert regelverk enn butikkar som sel nye varer. No blir det heldigvis betre tider.
I forrige veke varsla næringsminister Jan Christian Vestre at lova vert fjerna for dei fleste varer 1. juni. Det er fabelaktige nyhende, både får bruktbutikkeigarane men også oss kundar!
Kan hende langt fleire tør starte opp ein bruktbutikkdraum?