Prosjekt blomstereng
/
May 7, 2024

Då me hadde gravemaskin på besøk for nokre veker sidan, planerte me og flytta nokre bærbuskar mellom åkeren og steingarden.
Men. I staden for å så grasfrø så det blir plen som det var tidlegare, lagar me i staden blomstereng!
Ei blomstereng er med på å lage hagen litt villare og enda meir likande for insekter og andre arter. Når den ligg like ved åkeren, blir det også ein fin invitasjon til pollinerande insekter vidare inn i åkeren.
Slik gjekk me fram:
- Fjern graset
Me har tatt bort topplaget med gras størsteparten av området. Nokre stader snudde ein berre torvene med graset ned, så kan hende det kjem litt etterkvart. Men det går bra.

2. Legg topplag med sand
Markblomane likar best skrinn jord, så om du har mykje sand i jorda er det topp! Viss ikkje kan du tilføre eit lite topplag med sand.

3. Dryss blomsterfrø og rot den lett ned i jorda
Dryss blomsterfrø på toppen av jorda. Bruk gjerne ei rive til å rote litt på toppen slik at frøa kjem godt i kontakt med sanden og jorda. Eg gjekk også nokre rundar på toppen og trykte ned frø og jord med føtene. Då unngår ein også at fuglane stikk av med frøa.
Me brukte blå linfrø frå Solhatt og engblomstblanding med markblomar frå Nelson garden. Sistnemnde inneheld artar som veks i vegkantane her lokalt, som kløver, blåklokke mm. Eg brukte seks pakkar engblomfrø på arealet saman med linfrøa.
No gjenstår det å vente i spenning! Det er meldt litt regn til veka og det er nyttig etter mykje varme. Ein kan ikkje vente seg eit voldsomt blomsterflor det første året, men håpet er at me gradvis, år for år, klarar å få til ei robust blomstereng med mange ulike artar.
Og du? WWF har også i år kampanjen Gjør norske hager villere. Den går kort og godt ut på at me skal la naturen gå sin gong i mindre eller større deler av hagen for å legge til rette for insektlivet. Dei har mange gode tips både for balkong, hage og fellesområde. Du kan også få gratis blomsterfrø om du registrerer deg her.