GLITTER OG GRØNSKE

Om pengestraumar og sosiale medium

/

No items found.

October 25, 2023

"Jeg er en av de som nominert deg, og hadde egentlig tenkt å nominere flere, men etter å ha nominert deg så kjente jeg på at jeg egentlig synes dette er noe stort tull. Jeg har de siste dagene lest litt om Isabell Raad og den påvirkningen og populariteten hun har fått på snapchat. Hun tjener vissnok rått, har flyttet til Dubai (hvor hun ikke betaler skatt og driter langt i menneskerettigheter) driver med utstrakt thinspo og har viser ett luksusliv. Er det virkelig slike forbilder vi vil ha? Hva gjør dette med folk? Jeg mener vi er fullstendig på vidda, og Vixen er for meg blitt ett sted der det handler mer om penger og slikke hverandre oppetter ryggen."

Eg fekk denne kommentaren i innboksen etter at eg skreiv på Instastory at eg var nominert til Vixen awards. Den peikar på ei sak eg har tenkt mykje på dei siste åra, men der eg også har skifta meining.

Først av alt. Eg er langt på veg einig i det som vart skrive. Sjølv om det kjem fleire og fleire som talar klima, miljø og andre samfunnsutfordringar si sak i sosiale medium, er den norske influencarbransjen framleis prega av sterke stemmer som fremjer høgt forbruk, kjøp og kast. Med omsyn til kor stort nedslagsfelt fleire av dei største har, kunne dei ha gitt mange viktige saker eit tiltrengt løft. I staden blir det mest vippeløft.

Det er dermed fort gjort å assosiere sponsing, reklame og betalte samarbeid med noko negativt. Særleg når dei som tener mest (i mange tilfelle) fremjer verdiar ein ikkje kjenner seg igjen i. Det kan til tider vere som å sjå inn på ein fest ein ikkje har lyst til å vere med på. At det er betre å stille seg på utsida av influencerkåringar som Vixen, plattformar som Inzpire og andre for å signalisere nettopp dette. Men.

Pengar som valuta går ikkje bort. Ei heller pengestraumen i det norske samfunnet eller kjøp og sal. Og pengar er kort og godt ikkje problemet. Det er kva me kjøper og sel for pengane. Kva me set verdi på, for me kjem ikkje unna at pengar er eit uhyre effektivt verktøy. Pengar kan vere kjempepositivt! Pengar kan føre til store endringar på kort og lang sikt, det kan bli brukt til å stimulere til endring, det kan bli brukt til å signalisere behov og ønskjer frå forbrukarane. Når me dreg kortet, gir me ei stemme til kva me vil ha meir i samfunnet. Når ein influencer reklamerer for noko, seier influenceren noko om kva hen vil ha meir av i samfunnet. Dette kan ein nytte til noko godt, og det skjer allereie.

Instagramprofilen og YouTuberen Maria Berg Hestad kunne etter kvart slutte i jobben sin og lage sin eigen arbeidsplass, fordi så mange melder seg på nettkursa hennar, går på føredraga og kjøper bøkene hennar. Hennar kunnskap og formidlingsevne om heimedyrking, har per no ein kroneverdi og etterspurnad fullt på høgd med dei meir tradisjonelle produkta andre influencarar reklamerer for. Det same med nettbutikken Tise og Finn.no som kvar dag bidreg til at nordmenn heller styrer deler av pengestraumen sin mot gjenbruk og sirkulærøkonomi, i staden for å auke etterspurnaden etter nyproduserte varer. Eller gjengen bak Fæbrik som viser at ein kan selje billettar til eit arrangement i sjølvaste Vikingskipet, der deltakarane skal sy og drive gjenbruk. Eller at folk er villige til å betale billett for å lytte til eit foredrag der eg snakkar om grøn kvardag. Eksempla ovanfor viser at bærekraft og samfunnsengasjement er noko folk vil ha meir av (etterspurnad!), og at sosiale medium kan nyttast til å styre pengestraumen i ein grønare retning.

Eg meiner difor i dag, at det er langt viktigare at norske påverkarar, store som små, tek påverknadskraft si og verdien av den på alvor. Då bør ein: 1) ikkje melde seg ut av felles arenaer for norske influencarar, men heller sjå det som ein moglegheit til å styrke dei sakene ein syns er viktige og 2) slutte å tenkje på pengestraumar i sosiale medium som noko utelukkande negativt.

For min del er eit av måla mine på SoMe nettopp at folk skal få lyst til å bruke pengar! På ting som gjer fotavtrykket vårt på kloden litt mindre. Eg vil at folk skal få lyst til å styre pengestraumen sin mot skomakar og syforretningar, slik at dei kan fikse eller få hjelp til å fikse det dei allereie har. Eller mot kompostutstyr og pollinerande planter på hagesentera, så folk kan skape seg summande hagar med levande jord. Eller mot bruktbutikkar på nett og i bybiletet, eller ting av betre kvalitet som varar lengre.

Eg trur at pengar ein har vert brukt, okke som. Men tenk så stilig om dei kan brukast til å snu samfunnet i den retningen me ønskjer, gjennom ein større sirkulærøkonomi! Då stiller eg meg gladeleg opp som reklameplakat om eg gjennom plattforma mi kan bidra til å synleggjere dei meir bærekraftige løysingane.

Eg har fått fleire henvendelsar om samarbeid dei siste åra, men har takka nei til alle då dei ikkje er i tråd med det eg ønskjer å kommunisere her inne. Samstundes er me mange, meg sjølv inkludert, som drøymer om å skape meir på sosiale medium, men som er avhengige av ei inntekt for å frigjere tid. Sponsa samarbeid er slik sett eit av beina ein influencar kan stå på, også for dei som har lyst til å løyse samfunnsutfordringar. Ikkje berre for dei som vil flytte til Dubai.

Laster kommentarer...
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.