GLITTER OG GRØNSKE

Lesebingo

/

No items found.

April 27, 2023

Lyst til å sparke i gong lesinga etter ein lang og mørk Netflix-vinter eller få ungane til å sluke bokstavar og papirsider? Her er eit tips.

Til og med når ein er ein person som likar å lese, kan det vere inderleg tungt å komme i gong. Ein ting er skjermen som tek opp konkurransen, men like fullt er det det å bestemme seg for ei bok. Det er så mange moglegheiter og ein kan lett ende opp med noko liknande det ein har lest før. Eller å ikkje lese noko i det heile.

Og om ein har ungar: korleis gi dei leselyst og halde den ved like?

Bokbingo! Dette er ein av favorittmåtane mine å komme i gong med lesinga, både for born og vaksne. Når ein får litt føringar på kva ein skal lese, og det er delmål (og kanskje nokre premiar) involvert, løsner det ofte proppen. Gjer ein det i tillegg saman med andre, kan ein dele boktips og få fine samtalar undervegs.

Lesing avlar lesing, same om ein les teksten på mjøkekartongen eller ein tung klassikar. Eg har difor kalla bokbingoarka nederst for «lesebingo» då det ikkje berre er bøker ein blir utfordra til å lese.

Eg har laga forslag til tre bokbingoark som ein kan skrive ut på papir eller laste ned på telefonen eller iPaden. Det er eit bingoark for dei minste, eit for eldre born, og eit for ungdom- og vaksne. I tillegg har eg lagt inn to tomme bingoark om ein vil fylle inn kategoriar sjølv.

Ein kan få eit kryss per bok. Mange av kategoriane har eg latt gå igjen på dei ulike arka, då dei er gjennomførbare uansett alder. Samstundes er det gjort nokre tilpassingar til aldersgruppene. Målet er først og fremst lesing, men også å lese ulike typar tekst og gjerne også gå litt utanføre sporet ein vanlegvis følgjer.

Kanskje skal du utfordre nokon til å vere med? Kollegaer? Vener? Familie? Og skal de ha litt premiering etter ei linje? To linjer? Fullt ark? Reglane bestemmer de.

Små born

Bokbingoen under er for barnehage- og småskulealderen. Ein må absolutt ikkje lese sjølv. Å bli lest for er like kvalifiserande for eit kryss! I tillegg må ein rekne med å gi litt praktisk hjelp, som når ein skal lage mat etter oppskrift.

Store born

Her har eg i stor grad brukt kategoriane som eg skribla ned til niåringen min for nokre dagar sidan. Passar fint for den aldersgruppa og oppover!

Ungdom og vaksne

Her er det litt av kvart og eg håpar du oppdagar noko nytt under lesinga. Kanskje får du også lyst til å ha papiravis i hus? Kanskje er teikneserieromanar som du trudde berre var for ungdom, ein skikkeleg hit? Lukke til!

Tomme skjema

Laster kommentarer...
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.