GLITTER OG GRØNSKE

Klimaseniorinnen

/

No items found.

April 9, 2024

Greta Thunberg møtte også i Strasbourg for å støtte Rosmarie Wydler-Walti og KlimaSeniorinnen Schweiz, . Foto: Jean-François Badias / AP / NTB

9. april 2024 vart historisk. I dag fall dommen i Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg, som erklærte at Sveits har krenka enkelte menneskerettar ved å ikkje gjere nok for å bremse klimaendringane. Dette er første gong ein av dei øverste domstolane i Europa definerer klimaendringane som ein trugsel mot menneskerettane.

Bak klimasøksmålet står den sveitsiske organisasjonen Klimaseniorinnen. Anført av Rosmarie Wydler-Wälti, har 2000 kvinner med ein gjennomsnittsalder på over 70 år, tatt saka gjennom heile det sveitsiske rettssystemet, og til slutt til EMD.

Bakgrunnen for søksmålet er frykt for dei aukande varmebølgene i Europa, og med god grunn. Eldre kvinner er i risikogruppa for å dø av den farlege varmen. Dei meiner dermed det manglande klimaarbeidet til sveitsiske myndigheiter bryt med deira rett til liv og helse. No er dei blitt høyrt på øvste hald, og det kjem til å få følgjer langt utanføre sveitsiske landegrenser!

Psst! I januar vann Natur og ungdom og Greenpeace sitt søksmål mot staten. Utgangspunktet for søksmålet var at dei meiner myndigheitene mellom anna har brote reglar for planlegging av olje- og gassfelta Yggdrasil, Breidablikk og Tyrving i Nordsjøen. Staten har anka dommen, og den kjem opp på nytt seinare i år. Dette blir spanande å følgje.

Laster kommentarer...
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.