Husflid er bærekraft
/
September 13, 2023
Dei neste fem dagane har eg gledd meg voldsomt til dei siste månadane. Eg skal delta på to arrangement lokalt, og begge er i regi av Norges husflidslag! Husfliden, sa du? Jo, no skal du høyre!

Arrangement 1: Ein bærekraftig kvardag?
I vår vart eg spurt om å halde føredrag for Haugesund husflidslag på Haugesund folkebibliotek. Bestillinga var bærekraft og eg har laga eit føredrag med tittelen "Ein bærekraftig kvardag?"
Legg du merke til spørsmålet på slutten? Det trur eg ofte dukkar opp når me tenkjer på dette temaet. Droppe handlepose på butikken? Ha fleire kjøtfrie middagar i løpet av ei veke? Handle meir brukt? ...Får eg det til? Og kanskje viktigast av alt: er det vesle bidraget mitt i det heile tatt vits?
Svaret mitt på dette er eit rungande "JA"! Eg har fått ein heil time der eg har tenkt å prate og dele raust av eigne erfaringar og tankar om tema. Eg gler meg!!
Føredraget er i dag, kl. 19.30 på Haugesund folkebibliotek.
Arrangement 2: Alt kan fiksast!

I vår hadde eg oppe temaet fiksing og vedlikehald av tinga våre på Insta. Fleire kommenterte at det var mangelen på basiskunnskap som stoppa dei frå å fikse meir. Og eg kjende meg sånn igjen.
Eg lufta idèen om å ha ein fiksekveld der ein kunne troppe opp med det ein skulle ha fiksa, og rett og slett sette av tid i kalenderen til det, samt vere saman med andre så ein kunne hjelpe kvarandre. "Ja!!" ropte folk i Instastory! "Det er akkurat det haugen min med ufiksa klede treng! Tid i kalenderen og folk som kan hjelpe meg!".
Som sagt, så gjort. Eg byrja å fundere på korleis ein kunne få til dette, og som så ofte, treng ein ikkje å finne opp kruttet på nytt, når dei kunnskapsrike folka allereie finst. Norges husflidslag har for tida eit utruleg spanande prosjekt som heiter Holdbart. Det har mål om å heve kompetansen blant folk når det kjem til å ta vare på tekstiler. Me er så heldige å ha eit eige husflidslag i Etne, og dei tente på idèen med ein gong!
Førstkomande måndag (18. september, kl. 19.00) kjem sjølvaste husflidskonsulent Hege T. Nilsen frå Hordaland husflidslag til Etne bibliotek. Ho skal halde ein inspirasjonskveld med overskrifta "Alt kan fiksast!".
Kvelden vil by på inspirerande og nyttig informasjon samt praktisk gjennomgang av korleis ein reparerer dei mest vanlege slitasjeskadane på kleda våre. Eg skal halde ei lita innleiing om kvifor me bør fikse meir og Etne husflidslag vil også informere om eige arbeid og program framover. Målet er at dette skal vere ein fin kick-off til meir praktiske fiksekveldar der folk tek med eige arbeid og får hjelp seinare. Dette er under planlegging.
Sprei ordet om du bur i nærleiken og få med deg besteforeldre, tanter, onklar, foreldre, ungar, postmannen, barnehagelæraren og dei nyinnvalde i kommunestyret. Dette er like relevant og nyttig for alle!
Så då gjenstår det berre å seie: Husflid er bærekraft! Det er det ingen tvil om.