GLITTER OG GRØNSKE

Fleire sirkulære bevegelsar i 2023?

Sirkulærøkonomi

/

No items found.

April 12, 2023

I dag, 12. april er det Earth Overshoot Day i Noreg. Me, som eit av dei første landa i verda, har brukt opp vår del av jorda sine fornybare ressursar for 2023.

Med andre ord. Bankkontoen er tom. Frå no av forsyner me oss av jorda på kreditt.

Resultatet? Me blir sittande med øydelagde økosystem og mindre og mindre natur, som også vil truge livsgrunnlaget vårt på sikt. Så enkelt og så alvorleg er det.

Den store stygge ulven? I stor grad den tradisjonelle, lineære måten me konsumerer på. Noreg har det 26. høgaste forbruket i verda målt per innbyggjar. Viss alle skulle hatt eit like høgt forbruk som nordmenn, ville me ha trengt 3,6 jordklodar. Me brukar og kastar oss inn inn i ei klima- og naturkrise. 90% av naturtapet i verda og 50 % prosent av alle klimagassutslepp kjem av måten me produserer og forbruker varer på.

Men er det noko me kan gjere? Sjølvsagt!

Om me byter ut det lineære livsløpet til det me kjøper og heller sender det inn i eit sirkulært krinsløp, er me langt på veg. I ein sirkulær økonomi utnyttar ein naturressursane og produkt effektivt og så lenge som mogleg, i eit krinsløp der minst mogleg går tapt. Ved å redusere forbruket, gjenbruke og resirkulere, sørger me for at dei fornybare naturressursane me forsyner oss av varer lenger. Har me det me treng, kan me vente med å handle på kreditt.

Per i dag er det norske samfunnet kun 2,4 prosent sirkulært, men om me aukar denne andelen kan me litt etter litt flytte vår Earth Overshoot Day seinare på året. Helst heilt til me kjem til 31. desember, og enda litt til.

Næringsliv og politikarar sit med dei store musklane, både når det kjem til makt og pengar. Men ein skal aldri kimse av forbrukarmakta, og den har du.

2023 er året for å skape fleire sirkulære bevegelsar i kvardagen. Kva vil du redusere, gjenbruke, reparere eller resirkulere? Eg er sikker på at du allereie gjer mykje bra, men kva med å gripe eit nytt område?

Laster kommentarer...
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.