Fem grøne grep i tidsklemma
/
November 21, 2023

Ein av trugslane mot å ta grøne grep, er ofte mangelen på tid. Å gjere bærekraftige tiltak kan ofte kjennast som noko som treng fokus og tolmod, noko dei færraste av oss har flust av. Men om du syns kvardagen rusar litt vel hardt mot jul akkurat no, er her fem tips til korleis du kan redusere klimaavtrykket og tidsklemma, i eit og same grep.

Avtal samkøyring med andre
Har du born som skal på trening, kamp eller i bursdag, -avtal med andre foreldre om å samkøyre. Du slepp brått å køyre ein av vegane og får frigjort tid. Samstundes vert det ein og ikkje to (eller fleire) bilar som køyrer same strekninga. Samkøyring er god ressursutnytting, har ein direkte påverknad på lokale utslepp og du kan få ein litt meir avslappande ettermiddag.

Omfamn dagar med rare middagsmenyar
Brødskiver med resten av makrell i tomat-boksen til middag? Ein meny beståande av eggerøre, ein supperest, eit pizzastykke og ein halv agurk? Om du vier ein eller to middagar i veka til eting av matrestar frå kjøleskap og kjøkenskap, reduserer du matsvinn og frigjer tid du elles ville ha brukt til planlegging og laging av nye middagar. Dess rarare dess betre! Eit nyrydda kjøleskap er enda kjekkare å fylle opp på nytt.
Innfør shoppestopp for ein kortare eller lengre periode
Om ein bestemmer seg for at ein ikkje skal kjøpe noko nytt, same om det er nytt-nytt eller brukt-nytt,er det mange som opplever at dei også får betre tid! Tida me brukar på å finne informasjon, sjekke tilbod, nettbutikkar, gå i butikkar og leite etter bruktkupp på Finn.no er ofte større enn me trur. Skal me ikkje ha noko, vert det ikkje like interessant å vindusshoppe. Og tidskontoen vert frigjort til andre ting.

Dropp helgeflyturen til ein europeisk storby
Jodå, eg skal vere den siste til å påstå at eit besøk til eit tysk julemarknad ikkje hadde vore tingen akkurat no. Men. Nordmenn bidrar med over dobbelt så mykje klimagassutslepp gjennom flytrafikk enn kva som er gjennomsnittet på verdsbasis. Her har me eit stort potensial i kutt.
Det handlar ikkje om at me ikkje lenger skal fly, men om me kan fly litt sjeldnare, og heller legge meir tid i potten når me først er på tur, kan me endre reisemønsteret i meir bærekraftig retning. Reis sjeldnare og opplev meir når du først er borte!
Sett på spissen: om du puttar shoppinghelga til ein europeisk storby, fotballturen og besøket til ein julemarknad i ei og same reise, kan du redusere 6 flyturar ned til to. Du har spart tid, pengar og durabelege mengder co2-uteslepp. Så kan du nyte helgane heime med godt samvit og dyrke nærturane. Det er god grunn til at så mange europearar har Noreg som sitt foretrukne ferieland.

Inviter eller ta initiativ til fiksekveld
Har du, som meg, klede og utstyr som treng ein liten fiks for å kunne bli brukt vidare? Ofte vert slike ting liggande då ein anten manglar kunnskapen, utstyret eller tida til å fikse det. Veldig ofte kan slike ting bli liggande i all æve, der ein til slutt ender opp med å kjøpe ei ny turbukse i staden for å reparere den gamle. Går ein saman med fleire andre om ein fiksekveld, kan ein møtast, ta eit skippertak og vere sosial samstundes. På null komma niks har ein reparert og fornya garderoben sin, utan å kjøpe noko nytt. Og behovet for reparasjonar som har gnagd på samvitet i månadsvis, tok gjerne berre fem minutt å fikse i godt lag.