GLITTER OG GRØNSKE

Det beste i sommarferien er repetisjonane

/

No items found.

July 16, 2023

Første etappe av sommarferien er over. Me var to veker på hytta til svigerfamilien min i Mandal. Det er sekstande(!) året eg er der og det er blitt ein skikkeleg hjartestad i livet.

Her er nokre bilete frå kamerarullen på mobilen. I grunn kunne eg sikker ha kopiert bileta frå i fjor, eller året før der, eller året før der. Me gjer stort sett akkurat dei same sakene, og det er det som er så fint. Soving, Donald pocket-lesing, bading, krabbefiske, badetur til Grunnesund, gåtur på den bilfrie øya Hille, sjekke at utsikten frå Uranienborg er den same, sjekke at ferskenen i drivhuset på Risøbank er (nesten) dei same, låne bøker på det flotte biblioteket, kjøpe alt for store kuleisar hjå Isboksen, ha besøk av vener som til vanleg bur alt for langt unna. Men også krangle litt, jogge litt, plukke litt flått, få nokre skrubbsår, få litt vondt i halsen fordi ein kler seg etter kalenderen og ikkje regn og 12 grader, ete litt for mykje laurdagsgodt litt for mange dager som ikkje heiter laurdag og gi tillatelse til litt for mykje skjerm.

Sørlandsferien i år vart i stor grad ein repetisjon av sommarferiane tidlegare år, og det er det som er så fint.

Naturen er fin!
Tredje bornet må ta livet som det faller seg. Som når ein må ta dagluren i ein båtboks ute på skjæra.
Stranda Lorden ved Risøbank er ein favoritt!
Albumet på mobilen fungerer like mykje som hugseliste som album. Her er eit bilete av eit arbeidsbord i drivhuset på Risøbank. Sånt vil eg spikre meg ein gong!
Surdeigstartaren Surhild II er med på bilferie og trivst godt.
Word, Camilla Collett
Både i Kristiansand og Mandal var det små dyrkeprosjekt i bybilete som folk vart oppfordra til å ete frå. Eg elskar det!
Gleda med å ha stort sprik i alder mellom eldst og yngst: å få så mykje god hjelp.
Banankake må vere ein av mine favoritt-ryddeprosjekt. Brune bananer vert aldri kasta då dei er gull.
Alle skal med på hyttetur

Furulunden har på denne tida også ein bugnande blåbærskog.
Eg forsøkte meg på strikkeprosjekt. Spenninga er til å ta og føle på om eg kjem i mål. #ikkjedrivenigamet
Hytta ligg ved ei av innseglingane til Mandal og det er så mykje fint som fartar forbi.
Endeleg er joggeformen tilbake!
Laster kommentarer...
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.