GLITTER OG GRØNSKE

Bruk bruktbutikkane

/

No items found.

October 11, 2023

I starten då eg byrja å handle klede brukt, syns eg ofte bruktbutikkar var ei vanskeleg affære. Det var ofte så fullt på stativa og det var vanskeleg å finne noko som både var fint og i rett størrelse. Slik sett har Tise og Finn løyst mykje av problematikken då ein kan filtrere søk og slik få opp kun det som passar deg. Likevel gir eg ikkje opp bruktbutikkane, fordi:

- me treng fysiske butikkar så vel som nettbutikkar. Fysiske butikkar er så mykje mykje meir enn ein skjerm! Det å kunne prøve plagg før du kjøper, kjenne på dei, ta dei i nærare augesyn er fint. Men også arbeidsplassar, menneskemøte, butikkvindauge og liv i gatene!

- mykje har skjedd inni bruktbutikkane sidan 2010. No liknar fleire og fleire på vanlege klesbutikkar, med meir luft mellom stativa, klesplagga heng meir sortert og det er ofte lekkert presentert.

- lag deg ei ønskjeliste på mobilen over ting du treng. Då er det enkelt å ta ein sjekk før du entrar ein bruktbutikk. Det er lett å skumme gjennom varene om du hugsar kva du ser etter. Eg har mi liste i notatfunksjonen på mobilen. Den rommar klede til eige behov, klede til ungane og alt anna som me treng, men som eg like gjerne kan kjøpe brukt.

Før bruktbutikkspagat

I går fekk eg haka av eit punkt på lista. Eg har fleire bukser heime i skapet, men dei fleste er korte i beina og fungerer best om sommaren. På lista stod «blå dongeribukse, lang nok i beina». Då me gjekk forbi Fretex på Majorstua, sprang eg inn og kika gjennom dei blå dongeribuksene. Eg prøvde tre i prøverommet. Ei sat som eit skot og eg traska stornøgd bort til kassa og spurte om eg kunne betale for den og sleppe å ta den av. «Ja, me må berre fjerne tjuverialarmen nederst på buksebeinet» sa dei smilande damene bak kassa. «Enten skifter du, eller så slenger du berre beinet opp på kassa. Det har nokre gjort før!». Som sagt så gjort. To sekund etterpå stod eg og balanserte på eitt bein bak kassa i ein krokete spagat. Magneten vart fjerna, alle vart i ekstra godt humør og eg fekk den perfekte buksa til den nette sum av 99 kroner.

Etter bruktbutikkspagat

Klart ein ser nøgd ut i slottsparken etterpå då. Ja, bruk bruktbutikkane og la dei leve! Du risikerer ikkje berre å finne kupp, men også å sjå vaksne damer med overdriven tru på eigen spagatstil.

Laster kommentarer...
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.