10 tips til ein trygg, humlevenleg hage
/
May 30, 2024

For nokre veker sidan skreiv Økologisk Norge ein kronikk på NRK Ytring der dei åtvara om å kjøpe "bievenlege planter" på hagesentra og i blomebutikkar. Bakgrunnen var ei ny svensk undersøking, som viste at desse plantene ofte hadde store førekomstar av sprøytemiddel som var skadelege for dei same insekta dei skulle tiltrekke seg.
Norsk gartnerforbund kom i etterkant med eit motinnlegg, der dei hevda at det var svakheiter i undersøkinga og at retningslinjene for norskproduserte planter var strengare. Norskproduserte bievenlege planter skulle vere ufarlege for insektene.
Så, korleis navigerer me dette når me ønskjer å lage humlevenlege hagar der insektene trivst og er trygge?
Eg vel å lytte litt til begge partar, samt fortsette med tiltak me allereie gjer.
Mine 10 tips
Klypp graset sjeldnare og la villblomane i plenen blomstre
Dette gjorde me då me budde i Haugesund og hadde eit nesten grønt lerret i hagen. I staden for å klippe heile plenen, lot me det vere øyer av kløver igjen. Dei var kjempepoppis hjå humlene og det var mykje liv i plenen kvar dag. Latsabbens favorittgrep for humlevenlege hagar!
Del opp planter som allereie finst i hagen
Har du humlevenlege stauder i hagen, kan du fint dele dei opp i fleire planter. Det har dei til og med litt godt av! Det beste er å gjere det på hausten, men eg har også gjort det tidleg vår før dei byrjar å blomstre.
Lag planteloppemarknad eller byt med andre
På same vis som du kan dele opp dine eigne planter i fleire, kan du også dele planter med andre. Då kan ein fort få sortar ein ikkje allereie har i hagen. Å bli med på ein planteloppemarknad, eller å rett og slett spørje i eit hagelag eller i eit nabolag om nokon har stauder dei vil dele, er ein fin stad å starte.
Haust frø frå villblomar i nærområdet
Gjennom sommarsesongen når villblomane blir avblomstra, er det supert å sanke frø frå dei som ein kan så vidare. Her er ein fin artikkel om dette.
Kjøp økologiske frø, blomar og andre vekster.
Det er flust med Debio-merka vekster og andre økologiske merke på hagesentra no. Går du for dei, veit du at dei ikkje er sprøyta.
Kjøp Nyt Norge-merka frø, blomster og planter
Tidlegare var det kun mat som kunne bli merka med Nyt Norge, men no har dei utvida til planter også. Merket garanterer at det du kjøper er dyrka i Noreg og under norske retningslinjer.
Vis at det er etterspurnad etter produkta om dei ikkje har dei inne
Ser du ikkje økologiske merke eller Nyt Norge-merket der du kjøper planter og frø, spør etter det i kassen! Kanskje kan dei bestille inn, og like viktig, -dei ser at det er ein etterspurnad etter det.
Ikkje bruk sprøytemiddel i hagen
Det er unødvendig og kan vere skadeleg for både folk, vekster og dyr. Men, lurar du på kva økologiske bønder gjer når dei ikkje kan bruke sprøytemiddel? Les denne saka!
Tilby insektene både mat og buplass i hagen
La det vere rotehjørner i hagen. Stader der du lar det vekse litt til, eller kor du samlar opp litt hageavfall som det kan vere freistande å bu i. Og kva med å lage ein eigen humlekasse?
Lag plass til ville, norske planter i hagen
Vil du lage deg ei blomstereng? Eller kanskje la vegkantane gro til som dei sjølv vil? Då kjem dei ville blomane av seg sjølv.