GLITTER OG GRØNSKE

10 råd til deg som vil vere ein god Airbnb-vert

Sirkulærøkonomi

/

No items found.

July 18, 2024

Våren 2023 bestemte me oss for å prøve å leige ut hytta vår på fjellet her i Etne. Årsaka var at me såg me ikkje kom til å bruke den ofte nok gjennom sommaren og at den kom til å stå mykje tom. Det er dårleg ressursutnytting. Hytter er jo laga for å fyllast av folk og opplevingar.

Sjølv om hytta er ein nydeleg stad, var me skeptiske til om framande ville leige den. Den låg grisgrendt til, langt frå parkeringsplass. Potensielle gjester måtte gå over 6 km for å komme seg dit. Det var ikke innlagt vatn eller elektrisitet, og kun ein litt vindfull utedo som toalettmoglegheit. Dei fleste hyttene i nærleiken hadde langt høgare standard og me gjekk inn i prosjektet med forventningar på botn.

Så skjedde det rare. Det ramla inn med bestillingar. Den eine gjesten etter den andre kom. Frå Tyskland, Noreg, Nederland, Spania, Belgia og Frankrike. Og dei var alle nøgde med fasilitetene og opphaldet! Dei var ikke berre nøgde, -som ein av dei skreiv i hytteboka: "This is paradise!"

Fjoråret var ei enorm positiv overrasking, og også i år leiger me ut deler av sommaren. Her er mine ti beste tips til korleis du gjere opphaldet til gjestene dine best mogleg:

Ha ei "hytteliste" på mobilen
Ved å ha ei liste i notat-funksjonen på mobilen, kan du enkelt føre inn ting du må fylle på eller ordne til neste utleigegjester. Der kan du også legge inn bilete av kvitteringar, ting som må reparerast med meir. Mobilen har du alltid med deg og det er hendig når du står på butikken og lurer på kva for nokre batterier som skulle kjøpast til hytta.

Ver tilgjengeleg, både før, under og etter opphaldet
Svar på alle meldingar frå potensielle gjester så snart du kan og ikkje la dei vente for lenge. Det aukar sannsynet for at dei legg inn ei bestilling. Hugs å skru på push-varsel i Airbnb-appen.

Ver også tilgjengeleg via app og telefon under opphaldet slik at ein får løyst eventuelle praktiske utfordringar eller andre spørsmål raskt. Det skapar tryggleik og tilfredsheit hjå gjesten. Skal du reise bort i tidsrommet og kan ikkje vere like tilgjengeleg, -sørg for å ha ein kontaktperson i bakhand.

Sørg for god, skriftleg informasjon 
Ei informativ annonse sørger for at gjestene får eit rett inntrykk av staden dei skal booke og sannsynet for at dei vert tilfredse aukar. Lag også ei standard velkomstmelding som du sender ut når opphaldet nærmar seg, med meir praktisk informasjon. 

Lag gjerne ein liten husmanual som du har liggande på utleigestaden. Her varierer det kva type informasjon du treng å ha med. Har du ei enkel fjellhytte som vår, er det fint med steg-for-steg-info om korleis ein nyttar gassapparatet når ein skal lage mat, kor ein finn ekstra ved til vedomnen, samt anna info som kan gjere opphaldet enkelt og trygt for gjestene. Sleng du på nokre turtips (den beste fiskeplassen eller ein topp med nydeleg utsikt?) og informasjon om nærområdet, er det gull! Ha informasjon på både engelsk og norsk. 

Har gjestene god og tilgjengeleg skriftleg informasjon, reduserer det også behovet for å kontakte vertskapet. Det skapar mindre arbeid for deg.

Ver ærleg
Ikkje overselg det du skal leige ut. Har hytta di utedo (med meget god ventilering), bør det nemnast i annonsa. Då unngår du skuffa gjester som hadde sett for seg flislagd bad med varmekablar. Me sel det inn som ein del av ei rustikk (hehe) oppleving, og det har fungert knirkefritt!

Ha det gjerne personleg, men ikkje overfylt
Noko av det beste med Airbnb, er at du ofte overnattar i nokon sin heim eller private hytte. Det gjer opphaldet enda meir koselig og interessant enn å bu på eit anonymt hotellrom. 

Pass likevel på at staden ikkje kjennest overfylt og rotete. Å ha ei hylle med nips frå ulike reisemål kan vere artig, men er heile leiligheta som ein diger settekasse, kan det bli overveldande for dei som ikkje var med til OL på Lillehammer eller Granca i -02.

Sørg for at staden er utstyrt med det grunnleggande
Handklede, sengetøy, puter, handsåpe og toalettpapir bør vere standard for ei overnatting. 

Sørg for at staden er utstyrt med litt meir enn det grunnleggande
Litt tørrvarer i matskapet, kaffi og te samt bøker og brettspel, hever trivselen ytterlegare. Sørg gjerne for at det også er litt førstehjelpsutstyr dersom uhellet er ute. 

Reint er viktigare enn perfekt
Det gjer ingenting om leiligheita har eit litt utdatert bad eller hytta eit slete og gulna furugolv, om det er reint. Same om gjestene har bestilt utvask eller ei, gå grundig over hytta før neste gjest. Lag deg gjerne ei sjekkliste så du hugsar alt frå kjøkenskapa til mogleg spindelvev i taket. Det er lett å oversjå noko, men for kvart utleigeapphald blir du meir rutinert. 

Legg igjen ei lita velkomsthelsing
Utvalet er stort på Airbnb i Noreg no. At nokon ønskjer å leige hjå akkurat deg er veldig hyggeleg! Ver høfleg og oppmerksam i kommunikasjonen og legg gjerne igjen ei lita helsing til dei når dei kjem. Du veit den sjokoladen på hotellputa? Det kostar så lite, men som gjest kjennest det stort. Prøv å skap den same kjensla hjå deg. Det kan vere ein handskreven lapp, ein kaffipose eller ein sjokolade. Målet skal vere at dei skal kjenne seg sett når dei kjem inn døra. 

Legg deg flat om du har skuffa
Mangla hytta noko som du hadde lova eller har du gløymt å gi viktig info? Be om orsak og legg fram eit plaster på såret umiddelbart. Det kan vere delvis refusjon eller rabatt neste gong dei kunne tenkje seg å leige. Dette kjem an på størrelsen på mangelen. Handterer du slike situasjonar godt og med ro, ender du fort opp med nøgde gjester og ein god anmeldelse likevel. 

Laster kommentarer...
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.