GLITTER OG GRØNSKE

10 grøne grep før 1. mai

/

No items found.

April 27, 2024

Første mai er rett rundt hjørnet og med aukande temperaturar på termometeret byrjar mange å pakke ned vinterklede, finne fram sykkelen og fundere på sommarferien. Her er ti tips som kan forlenge levetida til det du har, skape meir sirkularitet i livet ditt, samt gjere den framtidige deg litt lukkelegare (og rikare).

  1. Gjer vinterkleda klare for vinteren 2025. Før du pakkar vottar og kåper ned: vask, reins og reparer det som trengst. Noter ned plagg eller sko som du må hugse å kjøpe før neste vintersesong. Lagre eit autosøk på det på Finn.no allereie no. (f.eks. "vintersko barn str 28).
  2. Sjekk festkleda til 17. mai. Passar alt? Er ketchupflekkane frå i fjor fortsatt på? Vask og fiks. Treng du noko nytt, er det framleis tid til å skaffe det på Finn.no eller Tise. Sett deg ned med ein kopp kaffi og finn det du treng med nokre klikk.
  3. Gjer punkt 1 og punkt 2 også med sommarkleda. Skaff deg ein oversikt over alt du har og det du eventuelt treng. Lag deg ei fikseliste og ei ønskjeliste.
  4. Sjå over uteleiker og anna fritidsutstyr. Kva med sandleikene til stranda? Sørg for at alt er klappa og klart til ein ny rund med bruk. Er det heilt og lett tilgjengeleg, reduserer me sjansen for spontane kjøp når me brått skal på stranda og treng spade og frisbee. 
  5. Inviter til ein fiksekveld. Kombiner tid med folk du har lyst til å henge med, med fiksing av boblejakka, 17. mai-outfiten eller sommarkjolen. 
  6. Gjer sykkelen sesongklar.Syklistenes landsforening har ein fin guide til kva du bør gjere her! Ein vedlikehaldt sykkel blir ein sykkel som du får glede av i mange mange år.
  7. Reduser energibruken inne. Med fleire plussgrader og lysare kveldar ute, er behovet for lys og varme inne lågare. Gjer det til ein vane å skru av unødvendige lyskjelder og skru ned temperaturen på varmekjeldene i huset.
  8. Ha klar fleirbruksflasker og boksar.Vår og sommar innbyr til meir uteliv og då er det fint å ha nokre flasker, matboksar og andre fleirbruksartiklar klare til oppbevaring av mat og drikke. Då unngår du eingongspapir og plastikk som fort går i søpla etter endt bruk.
  9. Plant ein insektvenleg plante i hagen, på terrassen eller balkongen. La humla suse har nokre fine tips her. Du får noko vakkert men også veldig nyttig å kvile augene på utover hagesesongen.
  10. Finn ein ny vegetarrett til grillsesongen. Ein digg salat? Kjøtfrie alternativ til grillmaten? Vegetarbloggen har mange freistande oppskrifter

Legg gjerne igjen ein kommentar om du får gjort nokre av punkta før eller etter 1. mai. Har du andre tiltak du også kunne ha ført på lista?

Laster kommentarer...
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.